Hopp til innhold

Ropar varsku om uhaldbar skulesituasjon

Manglande norskkunnskapar hos framandspråklege elevar har ført til ein til dels kritisk situasjon for lærarar og andre elevar ved Bjørgvin vidaregåande skule, meiner rektor.

Bjørgvin videregående skole

SENDE UROMELDING: I eit brev til Hordaland fylkeskommune skildrar rektor Kristen Stormark situasjonen i ein av klassane som så kritisk at ein lærar har gått ut i sjukmelding.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

I eit brev til Hordaland fylkeskommune skildrar rektor Kristen Stormark situasjonen i ein av klassane som så kritisk at ein lærar har gått ut i sjukemelding grunna arbeidssituasjonen i klassen.

Skulen har i dei siste åra tatt i mot svært mange framandspråkleg elevar. Utfordringa er at mange av dei mongler grunnleggande norskkunnskapar.

Tre av elevane ved skulen i Bergen blitt overført til andre klassar, medan ein annan elev har slutta og gått over til ein privat skule. Fleire elevar har også søkt om overgang til ein annan skule, og andre lærarar har gitt uttrykk for at dei snart ikkje orkar meir, ifølgje brevet.

Skulen har i løpet av hausten gjort fleire tiltak for å betre situasjonen. Dei har hatt fleire møte om saka, og i tillegg har skulen søkt om midlar til ekstra norskopplæring. Likevel ber rektor i brevet, som er skrive i siste halvdel av november, om at opplæringsdirektøren i Hordaland fylkeskommune kjem på bana for å finne løysingar.

– Situasjonen er betra

Bjørgvin vidaregåande skule

BLITT BETRE: Assisterande rektor ved skulen, Berit Brekke, meiner situasjonen har betra seg etter diverse tiltak.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Rektor på skulen er no sjukmeld av andre årsaker, og arbeidsgjevaren Hordaland fylkeskommune ønskjer difor ikkje at han skal uttale seg om saka.

Assisterande rektor Berit Brekke seier ho ikkje har hatt noko med utforminga av brevet å gjere, men at ho har vore involvert i prosessen og har opplevd situasjonen som utfordrande. Ho meiner likevel at situasjonen har betra seg.

– Med tanke på det pedagogiske har vi sett i verk tiltak for å leggje undervisinga til rette på det nivået som den enkelte elev står på. Elevane som går i første klasse på studiespesialisering får frå januar ekstra språkopplæring i fire timar per veke, i tillegg til dei fire ordinære timane med norsk, seier Brekke.

– Har du fått nokre signal om kva lærarane tenkjer om situasjonen?

– Lærarar kan jo ofte vere oppgitt etter ein time som fører med seg uro og problem, og dei har kome med kommentarar av og til og diskutert ulike situasjonar dei har vore i, men eg har ikkje lyst å kommentere enkeltsaker her.

Brekke er kjend med at ein lærar har gått ut i sjukmelding grunna situasjonen, men ho ønskjer ikkje å kommentere dette.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørgvin vidaregåande skule

UTFORDRANDE: Mange lærarar ved Bjørgvin vidaregåande skule har gitt uttrykk for at dei snart ikkje orkar meir.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Set inn ekstra lærarressursar

Regionleiar ved opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, Hillevi Runshaug, seier at de gjør det de kan for å betre situasjonen.

– I denne situasjonen har det vore sett inn tiltak frå skulestart ved at ein har færre elevar i klassane og ekstra lærarressursar. Og etter at ein har vurdert det som framleis krevjande, har ein nyleg sett inn ytterlegare tiltak for å auke lærarressursane, seier ho.

Hillevi Runshaug

TEK SAKA PÅ ALVOR: Regionleiar Hillevi Runshaug ved opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Det er sett inn tiltak, men likevel har situasjonen fått konsekvensar for elevar og lærarar. Kva har ikkje fungert?

– Som sagt kan ein ikkje ha garantiar for verknaden av tiltak. Ein har sett inn tiltak og det vert vurdert undervegs korleis det fungerer. No vil vi ha ytterlegare og tettare lærarressursar for å kunne leggje opp opplæringa best mogleg og styrke læringsmiljøet.

Runshaug forsikrar om at uromeldinga frå rektor vert teken på alvor.

– Vi har hatt ein tett dialog mellom skule og skuleeigar både før og i etterkant. Og skuleeigar vil også støtte og følgje opp skulen framover.

Tillitsvalde og verneombod ønskjer ikkje å uttale seg i denne saka. Skulen har nekta å gje opp namnet på elevrådsleiaren ved skulen.