Hopp til innhold

Brann lukkast ikkje på Stadion

Eit minutt ut i andre omgang scora Péter Kovács for Strømsgodset. Brann tapte 0–1 og gjekk på eit nytt heimetap laurdag.

nesten mål, strømsgodset mot brann

SJANSAR: Strømsgodset spelaren Marius Høibråten var nær ved å scora på Piotr Leciejewski i mål.

Foto: Anders Hoven / Digitalsport

Gjestene styrte spelet i første omgang, og kunne ha scora eit mål til. I andre omgang viste Brann størst vilje til å styre kampen. Bergensarane produserte ei rekkje store målsjansar, men det mangla presisjon og evne når Brann-spelarane kom til farlege moglegheiter.

Ved eit par anledningar gav raudtrøyene bort ballen innanfor Godsets sekstenmeter. Tverrliggarskotet til Orlov medan Kwarasey gjekk i bakken, var det næraste Brann kom til utlikning.

Første mål kom etter eit minutt av andre omgang. Det var Péter Kovács for Strømsgodset som scora. Iver Fossum spelte ein frekk stikkar rett gjennom forsvaret til Brann, og Kovac sat ballen enkelt nede ved lengste stolpe.

Første omgang

I første omgang var det Strømsgodset som styrt spelet og hadde mest ballen. Dei produserte to enorme målsjansar, og burde ha leda.

Brann mot Strømsgodset

FØRSTE OMGANG: I første omgang var det mange store sjansar.

Foto: Anders Hoven / Digitalsport

Brann klarte ikkje å vere kompakte i forsvar. Likevel var Brann heilt med i kampen. Pasningsspelet sat, og dei kom til sjansar. I likskap med Strømsgodset mangla det nokre ferdigheiter i siste augneblink. Heimelaget gjekk ofte med mange mann i angrep, og var sårbare for kontringar.

Kunne tette gapet

Føre dagens kamp låg Strømsgodset, leia av den tidlegare Brann-spissen David Nielsen, på 2. plass i Tippeligaen, medan Brann såg oppover frå sin 14. plass.

Med tap ligg Brann på 14. plass på tabellen med til saman 11 poeng. Føre ligg Aalesund med til saman 14 poeng.

Begge vann førre runde

I førre runde vann Brann 2–0 borte mot Viking etter scoringar frå Jonas Grønner og Jakob Orlov.

Strømsgodset vann også i sin førre seriekamp. Mounir Hamoud scora kampen sitt einaste mål heime mot Sandnes Ulf.

På dei fem siste seriekampane har Brann fire tap og éin seier, medan gjestene frå Drammen har to sigrar, to tap og éin uavgjort.

Uavgjort på Stadion i fjor

Tilsvarande oppgjer i fjor enda 1–1 på Stadion i den 24. serierunden 21. september. Erik Huseklepp gav Brann styringa før Øyvind Storflor utlikna i 2. omgang.

Strømsgodset vann vårmøtet 2–0 mellom dei to på Marienlyst stadion etter scoringar frå Henrik Gjesdal (sjølvmål) og Adama Diomandé.

Slik var kampen:

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..