Hopp til innhold

Éin mann mista livet i brann i Knarvik

Éin person omkom då det byrja å brenne i eit rekkehus i Bruvegen i Knarvik.

Knarvikbrann

BRANN I REKKEHUS: Det var like etter klokka 13.00 politiet fekk melding om at røyk velta ut frå ein bustad på Knarvik.

Foto: Vigdis Holmaas / NRK

Knarvik

BUSTADBRANN I KNARVIK: Politiet bekreftar at ein mann er omkom i brannen i Bruvegen i Knarvik.

Foto: Vigdis Holmaas / NRK

– Me går ut i frå at det er mannen som er registrert på adressa som er omkomen. Pårørande er varsla, seier Ronny Lentføhr, ved politiets operasjonssentral til NRK.

Personen er førebels ikkje identifisert, og er sendt til Gades institutt for formell identifisering.

– Livet stod ikkje til å redde

Det var klokka 13.21 at politiet fekk melding om at det brann i eit rekkehus i Bruvegen i Knarvik, og alle naudetatar rykka ut.

Morten Kronen, ved politiets operasjonssentral, fortel at det er éin person registrert på adressa.

– Klokka 13.50 vart det funnen ein mann i huset, like etter vart han bekrefta omkomen. Livet stod ikkje til å redda, seier Kronen.

Like etter klokka 14.00 var brannen sløkt.

Huset er totalskadd

– Me veit førebels ikkje kva som er årsaka til brannen, men politi og brannvesen gjer undersøkingar på staden.

Bustaden det byrja å brenne i er totalskadd etter brannen, fortel Kronen.

Brannvesenet evakuerte dei nærmaste naboane til bustaden som brann, men desse kan no flytte tilbake.

Politiet arbeider no på staden med å avhøyre vitner.

– Åstaden er sikra, og kriminalteknikarar er på staden, seier Kronen.

SJÅ VIDEO

Ein person omkom i ein brann i Knarvik

KRIMINALTEKNIKARAR PÅ STADEN: Åstaden er sikra etter brannen, kriminalteknikarar arbeider no for å finne årsaka til brannen. Sjå intervju med lensmann Einar Vatne.