Hopp til innhold

Brann i leikeland på Stord

Det braut ut brann i eit leikeland på Stord søndag kveld. Brannvesenet fekk etterkvart kontroll. Bygget er totalskadd.

us_MG_0669.jpg

BRANN: Brannvesenet på Stord er på plass for å sløkkja brannen.

Foto: Tor Andre Johannesen

Brann Stord

PÅ TAKET: Det skal vera varmgang i taket på bygget, og brannvesenet jobbar med å kjøle ned taket.

Foto: Tor Andrè Johannesen

Meldinga om brannen i bygget til Stord Lekeland på Heiane kom inn klokka 19.18. Operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i politiet seier brannen braut ut like etter stengetid.

– Leikelandet stengde ein halvtime før. Det er ingen personar som er sakna og det er heller ingen skadde.

Etter kring ein time melde brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen.

– Men klokka 21.00 fekk me melding om at det har blussa opp igjen.

Hadde ikkje kontroll

Vaktoperatør Jan Erik Schutz ved Haugesund brannvesen seier til NRK klokka 21.38 at det er sendt forsterkingar frå Bømlo.

- Dei er kome på plass. Dei driv no å sløkkjer, og eg kan ikkje sei no at me har kontroll. Røykdykkarar er inne i lokalet, men det er ingen personar som er sakna.

Veit ikkje årsaka

Årsaka til brannen er ikkje kjend. Utne-Reitan seier det er store skader og at det vil bli sett i gang etterforsking.

– Det vil vera vakthald på staden og i morgon startar me krimtekniske undersøkingar.

Ifølge avisa Sunnhordland opna Stord Lekeland dørane i september i fjor. Det er ei rekkje andre firma som held til i same bygget, som no truleg er totalskadd.

Klokka 21.54 vert det meldt om at brannvesenet har kontroll.