Hopp til innhold

Fryktar langvarige straumbrot

Om straumen ryk får du ikkje hjelp. Nærmare ein million nordmenn kan verta råka av streik i energiselskap.

Strømbrudd på Hvaler

KAN IKKJE HJELPA: Grunna streik i fleire energiselskap vil ikkje eventuelle brot på straumnettet verta utbetra.

Foto: Patrik Eian Fjelstad / NRK

EL & IT Forbundet tok tysdag ut 600 medlemmer i streik. Ifølgje Energi Norge kan det råka over 900.000 nordmenn.

Selskapa BKK, Skagerak Energi, Eidsiva og Troms Kraft er alle råka av streiken.

I BKK, som har ansvar for straumnettet i Hordaland, streikar 200 tilsette. Også straumkundar i Telemark, Vestfold, Oppland og Troms kan verta råka av streiken.

Fryktar langvarige straumbrot

– Det er montørane våre som streikar. Det betyr at me ikkje kan reparera feil slik me brukar å gjera, seier Thor Andre Berg som er administrerande direktør i kraftselskapet.

Thor Andre Berg, administrerande direktør i BKK

– BEKLAGELEG: Administrerande direktør i BKK Thor Andre Berg fryktar langvarige straumbrot.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Selskapet fryktar langvarige straumbrot. Berre i dei tilfella der det er snakk om liv og helse vil BKK kunna rykka ut.

Energiselskapet ber derfor straumkundane om å sjekka at dei har lommelykta klar og tenka gjennom kva dei har i kjøleskap og fryseboks.

– Det er veldig beklageleg at me ikkje kan ha den sikre straumforsyninga me ønskjer, seier Berg som likevel ber alle som opplever straumbrot om å ta kontakt med selskapet som normalt.

Rykkjer ut om det er helsefare

BKK-sjefen er tydeleg på at streiken ikkje skal gå ut over liv og helse.

– Om det er fare for liv og helse vil me rykka ut med ein gong som normalt. Sjukeheimar og sjukehus er mellom dei institusjonane det kan verta gitt unntak for, seier BKK-direktøren.

Sympatistreik

Dei tilsette i energiselskapa streikar i sympati med tilsette i IKT-selskapet Atea. Sidan i slutten av april har EL & IT Forbundet sine medlemmer streika fordi Atea seier nei til tariffavtale.

I underkant av 100 av dei 1700 tilsette i Atea er organiserte i EL & IT Forbundet.

Sympatistreik er ein lovleg aksjonsform ifølgje hovudavtalen. EL & IT Forbundet har varsla at dei vil trappa opp streiken frå og med 14. mai om det ikkje vert nokon løysing.

– Full sympati

Utanfor lokala til BKK på Kokstad stod Robert Folgerø og Kurt Tveit streikevakt onsdag føremiddag. Dei fortel om full sympati med dei tilsette i Atea.

– Streikeviljen er stor og me streikar så lenge me må. Me har stor sympati med dei som kjempar for AFP-ordninga si, seier Folgerø, som eigentleg skulle ha jobba ved eit næringsbygg i Bergen sentrum.

– Så lenge eg har tilgang på kaffi går dette veldig bra. Me kan halda ut lenge, seier Tveit.

BKK-tilsette streikar

STOR STREIKEVILJE: Robert Folgerø og Kurt Tveit stod onsdag streikevakt utanfor BKK sine lokaler på Kokstad i Bergen.

Står på sitt

Atea er kraftig provoserte over streiken til EL & IT Forbundet. I ei pressemelding understrekar selskapet at fleirtalet av dei tilsette ikkje ønskjer nokon tariffavtale.

– Me har svært gode avtalar om løn og arbeidsvilkår i Atea. Me opplever at ordningane er mykje betre enn det EL & IT Forbundet streikar for å få, seier Jørn Goldstein, som er representant for dei tilsette i styret i selskapet i Atea.