Hopp til innhold

Bilførar sikta for aktlaust drap

Sjåføren som køyrde ulykkesbilen under den tragiske kollisjonen på Tysvær førre søndag, er no sikta for aktlaust bildrap, skriv VG.

Dødsulykke ved Grinde

SØSKEN: Dei to kvinnene som omkom i trafikkulukka ved Grinde i Tysvær i går, er søstrer frå Arna i Bergen. Etterforsking tyder på at personbilen på biletet kom over i feil køyrefelt og trefte motorsykkelen som kvinnene sat på.

Foto: Kristian Eidesvik

– Vi har gjennomført eit nytt avhøyr av den sikta og informert at det er tatt ut ei sikting etter straffelova si føresegn for aktlaus bildrap med døden til følgje, og det er på bakgrunn etter opplysningane vi har fått frå avhøyr, seier lensmann Racin Tjøsvoll i Tysvær til NRK.no.

– Kva nye opplysningar har kome fram i avhøyret?

– Det er stadfesta ein del forhold omkring ulykka som gjer at påtalemakta har tatt ut denne siktinga, seier Tjøsvoll.

Den sikta var i avhøyr tysdag i denne veka.

– No blir det sett i verk ytterlegare tekniske undersøkingar som er venta på, og så vil påtalemakta få saka sendt når den er sett på som ferdig etterforska, seier Tjøsvoll.

Mista døtrene

Det var 22. juni like før klokka 17:00 at politiet fekk fleire telefonar om ei trafikkulykke på E134 mellom Aksdal og Grinde i Tysvær.

– Vi fekk melding om ei trafikkulykke der ein MC var involvert. Vi fekk høyre at det var ein livlaus person på staden. Etter kort tid vart det bekrefta at to kvinner var omkommen, sa operasjonsleiar Håkon Tornes i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Det var Astrid Ljones Fjærestad (47) og Åslaug Ljones Løklingholm (45) frå Arna i Bergen som mista livet, då motorsykkelen dei sat på kolliderte med ein personbil. Døtrene av tidlegare bergensordførar og den velkjente politikaren Ingmar Ljones. Dei var to av Ljones' tre barn.

Kom over i feil køyrefelt

Spor på staden tyda på at personbilen kom over i feil køyrefelt og trefte motorsykkelen. Føraren av bilen (36) er sikta, men det er ikkje mistanke om rus.

– Han er fråteke førarkortet, det er vanleg saksgang i slike alvorlege ulukker. Me veit førebels ikkje kvifor personbilen hamna over i feil køyrefelt, seier lensmann i Tysvær, Racin Tjøsvoll.

Det var ein familie som sat i personbilen. Dei kom ikkje fysisk til skade, men vart varetatt av helsepersonell i går.

– Det er traumatisk for alle partar å oppleva ei slik alvorleg ulukke, seier Tjøsvoll.