Hopp til innhold

– Ei av Vestlandets største narkosaker nokosinne

To menn frå Sotra er siktet for befatning med over 51 kilo amfetamin. Politiet omtalar saka som ei av vestlandets største narkosaker nokosinne.

Politihuset i Bergen.

POLITIHUSET I BERGEN: – Dette er den største amfetaminsaken nokosinne i Hordaland når det gjelder mengde stoff. Også i norsk samanheng er det ein veldig stor sak, seier politiadvokat Sylvia Myklebust ved ved seksjon for organisert kriminalitet ved Hordaland politidistrikt

Foto: Vidar Gudvangen

Bergenspolitiet gjekk til aksjon mot to menn på 40 og 34 år, 4. september i fjor, skriv BT.no. No er dei sikta for befatning med over 51 kilo amfetamin.

Mennene var mistenkt for å vere hovudmenn og mottakarar av store mengder amfetamin som blei sendt frå Litauen til bergensområdet.

Sylvia Myklebust

STORT BESLAG: – Dette er den største amfetaminsaken nokosinne i Hordaland når det gjelder mengde stoff. Også i norsk samanheng er det ein veldig stor sak, seier politiadvokat Sylvia Myklebust ved ved seksjon for organisert kriminalitet ved Hordaland politidistrikt.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

– Dette er den største amfetaminsaken nokosinne i Hordaland når det gjelder mengde stoff. Også i norsk samanheng er det ein veldig stor sak, seier politiadvokat Sylvia Myklebust ved seksjon for organisert kriminalitet ved Hordaland politidistrikt, til avisa.

– Me meiner me har slått ut eit nettverk som over tid har vore sentralt i å forsyne bergensområdet med amfetamin.

Nektar straffeskuld

I tillegg til pengar og amfetamin, beslagla politiet ein telefon som skal vere sendt frå ein namngitt person i Litauen til 34-åringen. Då politiet slo på telefonen, kom det inn meldingar som tyda på at telefonen blei brukt som kontaktpunkt for narkotikasal frå Litauen til bergensområdet.

Politiet i Litauen hadde beslaglagt fleire titals kilo amfetamin kort tid før dei to mennene blei tatt.

– Me meiner amfetaminet skulle til dei, og frykta at dei skulle skjønne at dei allereie var avslørt, og kor godt politiet følgde med på narkotrafikken. Derfor valte me å pågripe dei raskt, i frykt for at dei skulle gå under jorda og begynne å øydeleggje bevis, seier Myklebust.

34-åringens forsvarar seier til BT.no at klienten hans berre erkjenner skuld for eit mindre parti amfetamin som blei funne heime hos han og på ei anna adresse han har tilknyting til. 40-åringens advokat vil ikkje kommentere saka.

Politimeister i Hordaland politidistrikt på twitter:

Laster Twitter-innhold