Frå i dag og fram til søndag 14. september gjennomfører Heimevernet ei øving i overraskande krisesituasjon i Bergensområdet.
Dette vert gjort for å trena samarbeid og koordinering mellom dei som sørgjer for vår felles tryggleik.
- LES OGSÅ:
– Om vi skal klare å arbeide saman når uventa hendingar skjer, er det viktig at vi øver saman, seier sjefen for Heimevernet på Vestlandet, oberstløytnant Ingvar Seland.
Publikum vil sjå soldatar i gatene
I tillegg til Bergen kommune, Sivilforsvaret, Forsvaret, vil alle naudetat som politi, helse og brann vere med å øvinga.
Publikum vil merke øvinga ved at det er ein del øvingsaktivitet på land og på sjøen i Bergen by og i tilknyting til Haakonsvern.
– Folk vil sjå stor aktivitet, særskilt i sentrum, men også på Flesland og på Bergenhus festning, fortel soldat og lagførar Eirik Vevatne
– Heimevernet sitt hovudoppdrag er å beskytte menneske og viktige samfunnsfunksjonar, noko som vil bli hovudfokuset også på denne øvinga, seier oberstløytnant Seland.
– Realistisk trening
Oberstløytnanten meiner øvingana er lagt opp til å vere så realistiske som mogleg.
– Situasjonane med øver på er veldig realistiske. Visst me ser på terrortrugslane i sommar ser me jo at øvingane er lik slik det ville vore i røynda, seier Seland.
- LES OGSÅ:
Han legg til at folk ikkje har noko å uroe seg over sjølv om det vil vere mykje synlege soldatar i Bergensområdet.
– Det vil bli losna skot med øvingsammunisjon, men vi skal gjere det vi kan for å unngå å forstyrre folk, seier oberstløytnant Seland.