Hopp til innhold

Splitter ny båt til over 100 mill. kantra ved kai

«Lilly Johanne» skulle til Norge om ei veke, men sokk før ho hadde segla ein meter. – Veldig tragisk, seier reiaren.

Brønnbåten lilly johanne gjekk ned ved kai

LILLY JOHANNE: Brønnbåten sank ved kai. Kvifor det skjedde har ein framleis ikkje konkludert med.

Svein Martin Sæle, ved celiktrans tyrkia

REIAREN: Svein Martin Sæle i Aqua Star står her ved Lilly Johanne på verftet i Tyrkia i fjor.

Foto: Privat

Brønnbåten med ein prislapp på mellom 100 og 115 millionar kroner fekk aldri legge frå kai. Torsdag fekk dagleg leiar i austevollsreieriet Aqua Star meldinga: Den splitter nye båten hadde kantra ved kai.

– Vi skulle motta båten neste veke, så dette er ganske utgjort, seier Sæle.

Var folk ombord

Austevollreieriet hadde inngått ei kontrakt med det tyrkiske verftet Celiktrans om å byggje brønnbåten. Kontrakta er på mellom 100 og 115 millionar. Båten er nesten 50 meter lang og over 12 meter brei. Selskapet har også bygd andre båtar for norske reieri.

– Torsdag førre veke fekk vi beskjed frå verftet i Tyrkia at det hadde skjedd ei tragisk hending, fortel Sæle.

Båten hadde starta å krenge, før han hadde kantra heilt.

– Viktigst at ingen blei skadde

– Det første eg tenkte var at eg var glad for at alle som arbeidde med båten var uskadde. Alle skadene er materielle ting som går an å fikse. Det viktigaste er at ingen liv gjekk tapt i denne situasjonen, seier Sæle.

Det var folk ombord som arbeidde på båten då ulukka skjedde. Ein har førebels ikkje konkludert med korleis båten kunne kantre ved kai.

– Dei siste dagane har vi brukt på å ta vare på våre folk, og ha samtalar om det som har skjedd for å få kontroll og vite at det går bra med dei som var tilstades, seier Sæle.

Totalt øydelagt

Ifølgje Sæle er båten endå eigd av Celiktrans, og tapet av båten vil derfor påverka dei mest. Alt interiør og elektrisk arbeid er ubrukeleg etter kantringa, og vil måtte gjerast heilt på nytt.

– Vi har ei kontrakt som seier heilt klart at det skal signerast eit ferdigstillingsdokument før vi tar over båten. Det er klart at i denne situasjonen er vi ikkje nær ei ferdigstilling, fortel Sæle.

For Aqua Star sin del er utfordringane mest knytta opp mot kontraktene dei har inngått.

– Vi vil bli kraftig forseinka opp i mot den kontrakta vi har inngått, men vi har ein god dialog så dei har ei god forståing for situasjonen vår, seier Sæle.