Hopp til innhold

Fire personar berga frå synkande båt

Ein fritidsbåt tek inn vatn ved Greipingen fyr i Øygarden. To kvinner er berga over i ein lokal fiskebåt, og to menn er igjen på båten for å lense.

Redningsaksjon i Øygarden

FIKK HJELP: Redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen» melder at de har fått lenset båten, tettet hullet og sleper nå båten til land. Årsaken til lekkasjen skal ha vært en slange som hadde løsnet.

Foto: Redningsselskøyta «Kristian Gerhard Jebsen»

SISTE: Redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen» er på staden, og sleper havaristen mot rolegare sjø.

– Foreløpig har vi situasjonen under kontroll. Vi heldt på med lense no, fortel skipsførar Kjell Storåker.

Redningsskøyta sleper med seg fritidsbåten inn til land.

Fire personar berga

Redningsaksjon i Øygarden

SLEPES TIL LAND: Havaristen slepes til land med hjelp av redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen».

Foto: Redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen»

Politibåt, redningsskøyte og luftambulanse har rykka ut for å hjelpe fire personar om bord på ein båt, vest for Turøy ved Greipingen fyr i Øygarden kommune.

Klokka 10.14 var politibåten på staden og kunne melde om at ingen personar var hamna i sjøen.

– To kvinner er tatt over i ein lokal fiskebåt, og to menn er igjen i båten for å lense. Politiet hjelper med pumper og prøver å redde båten, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Kjersti Eidsnes.

Turøy

– Det såg mørkt ut ei stund. No jobbar dei for harde livet der ute for å berge fritidsbåten.

Politiet kan endå ikkje seie noko om årsaka til at båten tok inn vatn.

– Dei som var om bord på båten seier dei ikkje har truffe noko skjær, så det kan skuldast ein lekkasje i ei eller anna form, seier Eidsnes.

Har varsla båtar i området

– Klokka 9.40 fekk me melding om at ein 34 fots Fairline-båt med fire personar om bord tek inn vatn i motorrommet, seier Eidsnes.

– Dei seier dei ikkje kjem til å halde seg flytande mykje lenger.

Dei fire personane om bord skal ha på redningsvestar. Båtar i området er varsla.

– Kor alvorleg er situasjonen for dei fire om bord?

– Me har hatt direkte kontakt med dei. Dei oppfattar det som ganske dramatisk, seier Eidsnes.

Laster Twitter-innhold