Hopp til innhold

Alvorleg skadd i MC-ulukke

Ein 49 år gamal mann er alvorleg skadd etter ein samanstøyt med autovernet ved Danmarksplass i Bergen.

Motorsykkelulykke

ULUKKE: Ein motorsyklist er skadd etter ein kollisjon på Danmarksplass. Ingen andre bilar var involvert i ulukka.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Meldinga om ulukka kom rundt klokka 17.30.

Ein motorsyklist skal ha sklidd og køyrt inn i autovernet. Føraren, ein mann på 49 år, ligg på Haukeland sjukehus med alvorlege skader.

Ukjend årsak

Ifølgje operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Jan Steimler, skal ingen andre bilar ha vore involverte i ulukka.

– Føraren kom i sørgåande retning, i venstre felt. Vi veit førebels ikkje kva som var årsaka til fallet, seier Steimler som også kan fortelje at mannen var vaken heile tida.

(Saka held fram under biletet)

Motorsykkelulykke Danmarksplass

SKLEI: Motorsykkelen skal ifølgje politiet ha sklidd inn i autovernet.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Politiet opprettar sak

BT.no skriv at motorsyklisten skal ha teke ei forbikøyring i stor fart då motorsykkelen hans sklei, men Steimler seier at politiet ikkje sit på slike opplysningar.

– Vi har gjort undersøkingar på staden og det vil bli oppretta sak. Motorsykkelen er taua inn til Biltilsynet for undersøkingar, seier han.

Ifølgje Steimler var det litt kø på staden då det berre var trafikk i eit felt, men at vegen no er opna att for normal trafikk.