Delfinen «Delfie» har vore ein kjæledegge for hyttefolk på øya Sotra, vest for Bergen i fleire år. Men i mars la folk merke til at delfinen hadde fått eit fiskesnøre kring halsen. Det sat godt fast, og delfinen klarte ikkje å kome seg laus frå snøret på eiga hand.
I dag sette Akvariet i Bergen i gong med redningsaksjonen for å redde delfinen. Men aksjonen vart for mykje for delfinen som døydde rett etter at han vart slept ut i vatnet.
Nøye planlagt aksjon
Klokka 12.00 i dag vart delfinen fanga innanfor den yttarst sperringa. Planen var å gjere sperringa mindre og mindre for så å få opp delfinen og fjerne snøret.
I byrjinga av aksjonen gjekk alt etter planen ifølgje Ekeli. Kring 20 personar var med for å redde delfinen som vart fanga i eit garn og heist opp i ein båt. Der vart fiskesnøret rundt halsen på delfinen fjerna.
– Alt gjekk eigentleg betre enn me kunne forventa. Me fekk han i garnet og opp i båten rimeleg kjapt. Når me fjerna snøret trudde med at det hadde gått bra, men då me slapp han ut i sjøen att var han ikkje lenger i live, fortel Ekeli.
(Artikkelen held fram under biletet)
Døydde av stress
Ifølgje Ekeli døydde truleg delfinen av stress og hjartestans. Han er uviss på om noko kunne vore gjort annleis for å berge livet til delfinen.
– Det var ikkje mogleg å bedøve han. Delfinar er veldig gode dykkarar, dei har spesielle system til å lagre oksygen, så å bedøve ein delfin er ekstremt vanskeleg. Det som har skjedd er berre forferdeleg trist, seier Ekeli.
– Hadde ikkje overlevd lenge
Sjølv om Ekeli er særs skuffa over at delfinen ikkje overlevde, er han ikkje veldig overraska over at det gjekk som det gjekk.
– Det var jo ein risikabel redningsaksjon. Det kunne gått begge vegar. Eg har vore med på fleire slike redningar før, dette er fyrste gong det ikkje gjekk bra, fortel han.
Ekeli har snakka med veterinærar som meiner at skadane frå snøret var så omfattande at delfinen var svekka i utgangspunktet. Dermed klarte ikkje «Delfie» den store belastninga som redningsaksjonen var.
Han legg til at delfinen truleg ikkje ville overlevd så veldig mykje lenger med fiskesnøret rundt halsen.
– Dette måtte gjerast før eller seinare. Delfinen hadde kanskje overlevd til vinteren, men ikkje lenger enn det. Det er utruleg trist at det gjekk slik, men det var nok ikkje råd å redde delfinen.