Hopp til innhold

– Ulriksbanen er trygg i dag

For 40 år sidan skjedde det som ingen trudde var mogeleg, Ulriksbanen fall ned. – Passasjerane kan i dag føle seg trygge, meiner dagleg leiar ved Ulriksbanen.

40 år etter dødsulykken på banen, mener daglig leder på Ulriksbanen at sikkerheten er i toppsjiktet i dag.

TRYGT I DAG: : Det er 40 år sidan Ulriksbanen fall ned og fire personar omkom. Tryggleikstiltak og kontrollar vert trekt fram som grunn til at det same aldri kan skje igjen.

Kvar morgon før første tur med Ulriksbanen er det klart for den daglege sjekken av brems og kopling. Tryggleiken har aldri vore betre, meiner dagleg leiar ved Ulriksbanen Anthony Hutchinson.

Ulrikken

GODE RUTINAR: Ulike og mange tryggleiksrutinar peikar dagleg leiar Anthony Hutchinson ved Ulriksbanen fram som har endra seg mest på dei 40 åra sidan ulykka.

Foto: Mette Anthun

9. juli 1974 var det ein av dei varmaste og flottaste sommardagane i Bergen det året. Det vart samtidig ein dag det seiest at alle bergensarar hugsar kor dei var. Det er i dag 40 år sidan Ulriksbanen fall ned. Fire personar omkom i ulykka.

– Nei, det kan ikkje skje igjen, seier ein bestemt dagleg leiar når han får spørsmål om ulykka kan skje igjen.

Mange spekulasjonar

Det var 9. juli 1974 litt etter klokka 11:00 at vognføraren lukka døra på gondolen på nedste stasjon. Sju passasjerar var med på turen. Sju minutt seinare var vogna på veg inn på øvste stasjon.

Vognføraren var i ferd med å opne dørene. Det var berre snakk om sekund før vogna ville vore tom idet eine kabelen på vogna røyk. Vognføraren vart kasta bak i vogna, og rakk difor ikkje naudbremsen. Ulriksbanen med åtte personar sklei i full fart ned same veg den kom opp.

Fire av dei som var om bord vart kasta ut av vogna og trefte steinknausar og hardt underlag. Ein av dei vart konstatert død på staden, dei tre andre i løpet av timane som kom. Dei fire som landa på graset i skråninga overlevde.
Ingen kom seg opp til toppen av Ulriken med bana på fem år. I desse åra gjekk spekulasjonen på korleis ulykka kunne skje.

Ulriken og ulykken i 1974

DEN GANG: På ein av dei finaste sommardagane i 1974 skjer det utenkelege på Ulrikens topp. Byens ikon, Ulriksbanen, fell ned. Her ligg vraket vel 100 meter nedanfor øvre stasjon.

Foto: Morgenavisen A/S, Bergen Byarkiv

Testar og kontrollerer kvar dag

I dag meiner Hutchinson at ein kan vere trygg og at banen aldri kan falle ned igjen. Ulike og mange tryggleiksrutinar peikar han fram som har endra seg mest på dei 40 åra sidan ulykka.

– No har vi daglege kontrollar, veke kontrollar, månad kontrollar, årleg kontrollar, og kontrollar kvar femte og tiande år. I tillegg så må vi kvittere på alt vi gjer, så rutinane er på plass, seier Hutchinson.

For 40 år sidan var det menneskeleg svikt som førte til ulykka. Vedlikehalds svakheiter gjorde at trekk vaieren rauk og bremsane gjekk ikkje ut.

– Vi testar og kontrollere dei vitale delane kvar dag. Bremsane sjekkar vi også kvar einaste dag og alt må kvitterast. Alt vert kontrollert, i tillegg til at vi har etterkontroll, forklarer han.

– Er det ufarleg å ta banen i dag?

– Ja, det er det. Det er farlegare å køyre bil, denne er heilt trygg, seier Hutchinson.

Kjenner seg trygg

I fjor frakta Ulriksbanen til saman 170.000 passasjerar.

Då NRK tok turen til Ulriken var det ingen som visste noko om dramaet for 40 år sidan og dei var ikkje uroa for at det same kunne skje igjen.

– Det er veldig høgt, men det går greitt. Vi tenkjer ikkje på at den kjem til å dette ned igjen, seier Christine Andersen medan ho nyt sola frå Ulriken.

– Vi føler oss veldig trygge. Til og med etter at du har fortalt oss om ulykka, svarar britiske Anne Windgrove på veg ned igjen med banen.