Hopp til innhold

– Me skjønnar ikkje kven som vil oss så vondt

Medan familien på fire sov, helte nokon diesel på huset deira og tente på. – Hadde ikkje avisbodet vekt oss, hadde me nok ikkje merka brannen på fleire timar, seier familiefaren.

Skinflobakkane

ÅSANE: Husveggen til familien på fire blei i natt dynka med diesel og tent på, ifølgje politiet. Kledningen har fått svimerke etter eldspåsetjinga.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Familien vakna i natt litt før halv fem av at det ringde på døra. Utanfor stod avisbodet.

– Han sa han såg flammar på huset vårt. «Flammar?», sa eg. Kanskje er det ei kortslutning i noko då. Men så såg eg det var blautt på bakken, og då eg lukta på det var det diesel, seier familiefaren.

– Då skjønte eg at nokon hadde prøvd å tenne på huset vårt.

Avisbodet oppdaga brannen

Det var klokka 04.29 at politiet fekk melding om at eit hus var tent på i Skinflorbakkane i Åsane utanfor Bergen.

Politihund Åsane

SØK: Politiet søker med hundar i området kring huset. Kriminalteknikarar er også på staden.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Bebuarane blei kontakta av avisbodet som kom for å levere avis. Han sa det var sølt noko på kledningen på husveggen, og at det var tent på, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Kjersti Eidsnes.

Avisbodet fekk sløkt brannen, og melde frå til bebuarane som var i huset.

Politiet gjer no tekniske undersøkingar på staden, og har starta søk i og rundt huset ved hjelp av politihund. Både bebuarane i huset og avisbodet er i ferd med å bli avhøyrde.

– Det var ein familie med to vaksne og to barn i huset. Det er klart at dei opplever dette som svært ubehageleg, seier Eidsnes.

Førebels har politiet ingen mistenkt i saka.

– Me ser alvorleg på saka

Skinflorbakkane

DIESELSØL: Det skal vere sølt diesel oppetter veggen og mot elbilen som stod parkert like ved. Familien meiner det kan sjå ut som nokon har fått det til å sjå ut som ei kortslutning.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Avisbodet var reist frå staden då naudetatane kom fram.

– Så vidt me veit har han ikkje sett nokon, men det er difor det er viktig for oss å komme i kontakt med han, seier Eidsnes.

Saka blir etterforska vidare, og politiet har no fått ut kriminalteknikarar for å gjere undersøkingar på staden.

– Me ser alvorleg på dette, sidan det var ein familie heime og huset truleg er tent på, seier Eidsnes.

– Guten vår blei kjemperedd

Skinflorbakkane

SENDER KRIMINALTEKNIKARAR: Politiet er no på staden for å snakke med familien. Hundar og kriminalteknikarar er venta å vere der i nitida.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Familien trur nokon har prøvd å skjule eldspåsetjinga ved å tenne på like ved kontakten til elbilen. Dei har ingen tankar om kven det er som kan ha tent på.

– Ingen har gjort oss noko før, og me skjønnar ikkje kven som vil oss så vondt. Dette er jo kjempealvorleg og me er uroa og redde, seier dei.

– Eg vekte guten vår litt tidleg og måtte fortelje han at nokon har prøvd å tenne på huset vårt. Han sa han var redd og at eg måte køyre han til bussen i dag.

Familien er glade for at avisbodet kom då han gjorde.

– Hadde ikkje avisbodet vekt oss, hadde me nok ikkje merka brannen på fleire timar, seier familiefaren.

Skinflorbakkane, Åsane