Hopp til innhold

Byrja å brenne etter eksplosjon

Ein båt skal ha eksplodert og byrja brenne utanfor Sandviksbodene i Bergen.

Båt som begynte å brenne i Bergen

EKSPLOSJONSARTET: Ingen personer ble skadet i båtbrannen like ved Bergen sentrum.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Klokka 15.58 fekk politiet melding om ein eksplosjon og brann i ein båt som ligg om lag 100 meter utanfor Sandviksbodene i Bergen.

– To personar blei observerte på båten i etterkant av eksplosjonen, men me har ikkje fått melding om at nokon skal vere skadde, seier operasjonsleiar i politiet Morten Kronen.

Klokka 16.15 melder brannvesenet om at mannskapet om bord på båten har sløkt brannen sjølv med eit pulverapparat.

Dei to personane som var om bord er uskadde. Båten vert no slept til land.

Brann i maskinrommet

Ifølgje politiet skal det ha byrja brenne i maskinrommet på båten.

Alle naudetatar blei kalla ut, saman med redningsskøyta K.G Jebsen.

Laster Twitter-innhold