Hopp til innhold

– Eg er ubegripeleg takksam og glad

Statsadvokaten har lagt bort korrupsjonssaka mot Høgre-politikar Jan Sverre Stray.

Jan Sverre Stray - H

– STOR PÅKJENNING: Statsadvokaten har no lagt bort saka mot Jan Sverre Stray på grunn av bevisets stilling. – Den lange saksbehandlingstida har vore ei stor påkjenning, seier Stray til NRK.

Foto: Rolf Hordnes

– Eg er jo sjølvsagt ubegripeleg glad for at fornuft og sanning kjem fram. Det har vore halvanna år med hundre kilo mental bør på skuldrene. Eg trur ingen kan forstå det før dei har vore ute for noko sånt, seier Stray til NRK.

Bystyrerepresentant Jan Sverre Stray (H) blei i august 2013 skulda for grov korrupsjon. I dag blei det klart at statsadvokaten legg bort korrupsjonssaka mot han på grunn av bevisets stilling.

– Min umiddelbare reaksjon er ei rørande og ubegripeleg takknemleg glede over at børa er tatt bort, seier Stray.

LES OGSÅ: Meiner politikaren tok mot 100.000 kroner i bestikkelsar

– Forferdeleg belastande

Jan Sverre Stray var tidlegare lokallagsleiar og bystyrerepresentant for KrF, men melde i 2010 overgang til Høgre. Han har sete i bystyret i Bergen sidan 2007, men sa frå seg plassen da siktinga kom.

Bergen Rådhus

RÅDHUSET: Jan Sverre Stray var tidlegare lokallagsleiar og bystyrerepresentant for KrF, men melde i 2010 overgang til Høgre

Foto: Runa Victoria Engen

I ein pressemelding i dag skriv statsadvokat Ellen Cathrine Greve at både Stray og dei to andre som var sikta i saka slepp tiltale for grov korrupsjon.

– Eg har jo visst sanninga, men det er ikkje så lett å vere den einaste som veit det. Gleda er ubegripeleg stor. Eg har vore sint mange gongar, fordi eg følte det var så urettferdig, seier Stray.

– Saka blei lagt bort på grunn av bevisets stilling. Er du fornøgd med det?

– Eg skulle gjerne ønske det var intet straffbart, men eg må nesten snakke med advokaten min før eg kommentere det noko meir.

Statsadvokaten mottok saken ferdig etterforska frå bergenspolitiet i september 2014. Den lange saksbehandlingstida har vore ei stor påkjenning, seier Stray.

– Det er ei ekstra påkjenning og forferdeleg belastande. Emosjonelt sett forstår ein ikkje sånt før ein er oppe i det.