Hopp til innhold

– Det var ingenting me kunne gjere

Jan Erik Hammer såg semitraileren skli av vegen og rett i fjellveggen på Rv 7 i Eidfjord. – Me prøvde å få han ut av førarhuset, men det nytta ikkje, seier han.

Jan Erik Hammer var vitne til dødsulukka i Eidfjord

FORTEL OM DRAMATIKKEN: Jan Erik Hammer var vitne til at semitraileren gjekk i fjellveggen. Reporter: Siri Kleiven Strøm | Foto: Arvid Aga | Redigering: Dag Harald Kvammen Andersen.

Semitrailer i fyr i Eidfjord

Semitraileren byrja å brenne etter å ha kollidert med fjellveggen.

Foto: 03030-tipsar

Like etter klokka åtte i dag fekk naudetatane melding om at ein semitrailer hadde køyrt i fjellveggen og tatt fyr på riksveg 7 i Øvre Eidfjord.

Politiet opplyste tidleg at ein person var fastklemt inne i traileren, og klokka 09.38 stadfesta dei at sjåføren var omkommen.

– Me prøvde å få han ut av førarhuset, men på få minutt var traileren overtent. Det var ikkje mogleg å redde han, fortel lastebilsjåfør Jan Erik Hammer som var vitne til ulukka.

Blei forbikøyrt av traileren

Hammer var på veg til Odda då han møtte på semitraileren langs vegen. Han skildrar vegstrekninga som glatt og uoversiktleg.

– Ein utanlandsk trailer tok meg igjen langs vegen. Han låg bak meg i ein kilometer eller to før han la seg ut og køyrde forbi meg. Då bremsa eg roleg ned for å hjelpe han til å komme inn att framfor meg.

I det traileren prøvde å legge seg inn igjen i ein slakk sving, sklei han rett fram og inn i fjellveggen. Hammer stoppa sin eigen lastebil, ringde 113 og tog med sløkkeapparat frå eigen bil. Men det nytta ikkje. I det han gjekk mot bilen reiv førarhytta seg laus frå trekkvogna og flammane stod ut, fortel Hammer.

– Fleire kom til staden, og me prøvde å komme oss inn i førarhuset. Men på berre minutt var lastebilen overtent, og me fekk beskjed av AMK om å trekke oss unna. Då var det ingenting me kunne gjere lenger.

Semitrailer køyrte i fjellveggen på Rv 7

– Me prøvde å få han ut

Brannvesenet og ambulanse var på staden i 08.30-tida.

– Ambulansen kom fram fyrst og var jo like hjelpelause som oss. Det var så intens varme og så mykje flammar at det ikkje nytta å nærme seg, fortel Hammer.

Klokka 08.58 melde 110-sentralen at brannen var sløkt. Det var ei brutal oppleving, seier Hammer.

– Ein prøver å fungere og gjere alt det me har blitt lært i trafikkopplæringa som yrkessjåførar må ha. Men eg kjenner det, eg er skjelven i dag.

– Eg har folk rundt meg og god støtte i kollegaer og familie som stiller opp for meg. Det er eg veldig glad for i dag.