Hopp til innhold

– Det er mykje frykt involvert

Om åtte veker står Hollywood-stjerna Bill Pullman på scena på Den Nationale Scene i Bergen som Shakespeares Othello. Han må berre lære seg norsk først.

Bill Pullman på DNS

FRÅ STORT LERRET TIL INTIMSCENE: – På ei så lita scene, og på eit språk ein ikkje kan, kjenner ein seg ekstra eksponert. Det trur eg publikum vil merka.

Tysdag sette Bill Pullman for første gong beina på bergensk jord. Torsdag er han alt godt i gong med tekstarbeidet, før "Othello" under Stein Winges regi har premiere i Teaterkjelleren på Den Nationale Scene 7. februar neste år.

At stykket i stor grad går føre seg på norsk, og at scenen er langt meir intim enn han er vand til, gjer at Hollywood-stjerna er på framand grunn på fleire nivå.

– Det er eit ganske stort element av frykt med i biletet. Det trur eg publikum òg vil merka.

Pullman om Winge: – Brukar frykt

Regissør Stein Winge jobba med Pullman, som først og fremst var teaterskodespelar i New York før han blei filmskodespelar, i USA på 80-talet.

Sidan den gongen har dei kjent kvarandre, og opphavleg var ideen at Winge skulle koma til USA for å jobba med Othello.

Då Winge i staden føreslo at Pullman skulle ta turen til Bergen, blei det slik.

– Eg er kjempeglad for å vera her. Som skodespelar har ein dei reiskapa ein har med seg, ikkje noko meir. Her er eg prisgitt gode kollegaer, ikkje minst på grunn av språket. Men det er slik Stein likar å jobbe, eg trur han rett og slett brukar litt frykt som verkemiddel.

Stor Shakespeare-fan

Både som student og som teaterskodespelar har Pullman vore med i ei rekkje Shakespeare-stykke. Men det er første gong han står på scena som Othello, den mauriske kapteinen som forelskar seg i ei Venetiansk kjøpmannsdotter og sidan endar opp som krigsførar på Kypros.

– Det at eg er utlending og framand her, trur eg vil gje stykket ekstra spenn. Det er mykje frustrasjon i det å ikkje meistre eit språk, ein kultur. Det vil eg bruke.

Håpar på ein tur til Voss

Kor mykje av stykket som vil gå føre seg på norsk, er ifølgje Pullman enno ikkje avklart.

Han håpar uansett det vil bli tid til litt sightseeing innimellom pugging av norske glossar og prøvar.

– Eg har lyst å ta ein tur oppover kysten og sjå fjordane. Dessutan har eg høyrd om treskjeringskunsten og kunsthandverkstradisjonen her å Vestlandet, det er eg veldig interessert i. Og så har eg veldig lyst til Voss, for å oppleve snøen.