Hopp til innhold

– Barnevernet kan ikkje klandrast

Tre månader etter drapet på den tre år gamle guten på Stord har fylkesmannen konkludert etter sitt tilsyn mot barnevernet.

drapet på Stord

STORD: Her på Sagvåg blei 3-åringen funnen død. På grunn av at han var under offentleg omsorg og at saka er spesielt tragisk valde fylkesmannen å starte tilsyn mot barnevernet.

Foto: Marte Rommetveit/NRK

Barnevernet kan ikkje kan kritiserast for at dei ikkje fanga opp at fosterfamilien hadde ein son som kunne kome til å skade fosterbror sin. Det konkluderer fylkesmannen etter tilsynet med barnevernstenesta i Bergen og i Sunnhordland.

Måtte undersøke

Det er fylkesmannen som har ansvar for å føre tilsyn med barnevernstenestene. Dei har i denne saka snakka med Laksevåg barnevernteneste, Sunnhordland interkommuneale barnevern, Bufetat og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt for å få finne ut om barnevernet skulle forutsett at barnet kunne vere i fare.

Sagvåg-drapet

SPESIELL SAK: Politiet skildra saka som «tragisk langt utover det vanlege».

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Stord-samfunnet var i sjokk då det blei kjent at ein 13 år gamal gut hadde knivstukke og tatt livet av sin tre år gamle fosterbror 10. oktober i fjor.

Fordi treåringen var under offentleg omsorg bestemte Fylkesmannen i Hordaland seg for starte eit tilsyn mot barnvernet.

Helga Arianson

STARTA TILSYN: Fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson, meinte det var viktig å finne ut kva som hadde skjedd i saka.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Dette er ei svært alvorleg og tragisk sak, og vi måtte undersøke kva som har skjedd. Det skjerpar situasjonen at treåringen var under offentleg omsorg, seier fylkeslege Helga Arianson i Hordaland til NRK.

«Tragisk langt utover det vanlege»

Kiste begravelse Sagvåg Stord drap

GRAVFERD: Presten skildra treåringen som ein storsjarmør under gravferda 22. oktober.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Obduksjonsrapporten seier at treåringen miste livet av stikkskadar og stump vald. Politiet skildra saka som «tragisk langt utover det vanlege».

Fosterbroren knivstakk guten i garasjen tilknytt huset til familien i Sagvåg. Etterpå skal han ha tilkalla faren. Då faren kom inn i garasjen skal 13-åringen ha gått til angrep på han også.

Faren blei sendt til sjukehus med lettare skader etter at han forsøkte å stogge 13-åringen. Mor til 13-åringen og ein tilsett i barnevernet var også på staden då drapet skjedde.

LES OGSÅ: Er ferdig med etterforskinga av drapet | – Legg vekk drapssaka mot 13-åring | Tok et siste farvel med treåringen | Politiet vet hvorfor 13-åringen drepte

– Forholdet til fosterbroren var godt

Barnevernstenesta hadde tre oppfølgingsbesøk i fosterheimen på Stord etter at guten vart flytta frå beredskapsheim til fosterheim i mai i fjor. Det var under det siste oppfølgingsbesøket at treåringen vart drepen av fosterbroren.

I forkant av det siste besøket meinte både forsterfamilien og guten si biologiske mor at guten hadde ei positiv utvikling. Mor til guten var einig i valet av fosterfamilie, og fylkesmannen understreker i sin rapport at det ikkje er noko å utsetje på val av fosterheim eller på korleis familien har blitt fylgt opp av barnevernstenesta.

Barnevernet såg ingen teikn til at det var noko konflikt mellom guten og fosterbroren.

I rapporten heiter det at «...barnevernet opplevde forholdet mellom guten og fosterbror som godt. I referat frå oppfølgingsmøte med foreldra til guten uttrykte mor glede over at guten og fosterbror gjekk så godt saman.»

Finn ikkje grunn til å kritisere

I rapporten vert det stilt spørsmål ved kor vidt barnevernet skulle hatt samtalar med barna i familien og om det kunne ha avdekka noko som ville ført til at familien ikkje ville blitt godkjent som fosterfamilie.

Men ettersom det ikkje vert stilt krav om dette i retningslinene, finn ikkje fylkesmannen grunnlag for å kritisere barnevernet, trass i at dei aldri snakka med barna i familien før dei vart vald som fosterfamilie for den tre år gamle guten.

Fylkesmannen er heller ikkje kjend med at det har vore problem i familien som ga grunn til å varsle barnevernet.

– Heilt uforståeleg

Kjell Steinsbø

UFORSTÅELEG: Bistandsadvokat Kjell Steinbø klarar ikkje å forstå korleis drapet kunne skje.

Foto: Berg-Rusten / NTB scanpix

Motivet for drapet har ikkje blir offentleggjort, og vil truleg aldri bli det. Bistandsadvokat, Kjell Steinsbø, forklarte at guten hadde vanskar med å forklare kvifor han gjorde det under avhøyra.

– Han står fram som ein hyggeleg og sympatisk 13-åring. Det som har skjedd er heilt uforståeleg, sa Steinsbø til NRK under etterforskinga i haust.

Politiet presiserte tidleg i saka at dei ikkje har hatt noko kjennskap til familien si adresse før drapet. Guten har heller inga sjukdomshistorie, og blei oppfatta som ein heilt vanleg tenåring.

Aldri vore borte i liknande

Saka blei lagt vekk av påtalemakta fordi guten berre er 13 år. Difor måtte barnevernet og helsevesenet ta stilling til korleis framtida til 13-åringen skulle bli. 13- åringen var framleis under utgreiing før nyttår, nesten tre månader etter drapet.

– Saka er så spesiell at behandlingsapparatet aldri har vore borti noko liknande, sa Stord-lensmannen.

Også barnevernet ga klart uttrykk for at det var vanskeleg å vite kva tiltak som måtte setjast inn i saka.

– Vi har jo ingenting å samanlikne med, det einaste vi kan gjere no er å tenkje på kva som er best for 13-åringen, sa barnevernsleiaren i Stod, Fitjar og Bømlo, Trine Hjartholm.