Hopp til innhold

Er ferdig med etterforskinga av drapet

Politiet på Stord har avslutta etterforskinga etter drapet på ein tre år gamal gut på Sagvåg. – Ei spesielt vanskeleg sak for alle involverte, seier lensmann Bernt Norvalls.

Bernt Norvalls

– Grunna saka sin karakter og omfang har dette vore ei spesielt vanskeleg sak for alle involverte, seier lensmann Bernt Norvalls.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Det var 10. oktober at ein 13 år gamal gut drap sin 3 år gamle fosterbror på Sagvåg på Stord. Også faren til 13-åringen vart angripen.

I dag har politiet på Stord avslutta etterforskinga av saka.

– Saka er sendt til påtaleavdelinga i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Påtaleavdelinga sender saka vidare til statsadvokaten for vurdering før saka blir overført til barnevernet, skriv lensmann Bernt Norvalls i ei pressemelding.

Vil førebels ikkje gå ut med motivet

13-åringen vert i dag teke hand om av barnevernet i nært samarbeid med helsevesenet.

– Av omsyn til ivaretakinga av 13-åringen og etter oppmoding frå helsevesenet, slutta politiet at det ikkje har vore eit naturleg tidspunkt å gå nærare ut med kva element som eventuelt kan forklare forhistoria og motiv for handlinga, held Norvalls fram.

Lensmannen utelukkar likvel ikkje at politiet vil gå ut med motviet på eit seinare tidpunkt.

– Det vil vi drøfte nært med barnevernet og psykiatrien etter kvart. Det er ikkje umogleg at vi går ut med meir informasjon enn vi har gjort til no, fortel Norvalls.

Guten er framleis under utredning av barnevernet på ubestemt tid.

– Ei vanskeleg sak

Blomster og lys utenfor boligen

Lokalbefolkinga tente lys og la blomar utanfor huset der 3-åringen budde.

Foto: Berg-Rusten / NTB scanpix

Norvalls fortel at drapssaka har vore ei spesielt vanskeleg sak for alle involverte.

- Noreg har lite erfaring med å handtera born som har utført lovbrot av denne karakter, og det er ingen tidlegare saker her i landet som er direkte samanliknbare.

Sidan 13-åringen er under den kriminelle lågalder kan han ikkje straffast for ugjerninga, og det er barnevernet, ikkje rettsvesenet, som har ansvar for den vidare handteringa av saka.

Politiet har likevel etterforska saka grundig.

- Etterforskingsplikta veg like tungt som om saka skulle gått vidare i rettsystemet. Samstundes har det vore viktig å få avslutta arbeidet innan rimeleg tid, slik at barnevernet har eit solid kunnskapsmateriale for den vidare prosessen.