Hopp til innhold

Denne maskina skal bore seg gjennom Ulriken

Tunnelboremaskina som skal drille seg gjennom fjellet er den største som har vore nytta til å bygge samferdselstunnelar i Noreg. – Dette er eit stort beist av ei maskin, seier prosjektleiaren.

Tunnel Ulriken

200 METER LANG: Tunnelboremaskina som skal bore seg gjennom 7, 8 kilometer av Ulriken i Bergen veg 1200 tonn. På biletet ser ein ei tilsvarande maskin i bruk i Tyskland.

Foto: Jernbaneverket

Tunnel Ulriken

OPPSTART I AUGUST: Arbeidet med å byggje tunnelen tek til i august 2014. Maskina vert bygd opp litt etter kvart, og er truleg i drift innan eit år.

Foto: Jernbaneverket

Med sine 1200 tonn er den 200 meter lange maskina som skal bore seg gjennom Ulriken eit monstrum av dei sjeldne.

Berre fire vegtunnelar i Noreg er tidlegare bygd ved hjelp av tunnelboremaskiner (TBM). Tre gonger er TMB nytta i Bergen, i Fløyfjellstunnelen og Eidsvågstunnelen. Det siste prosjektet der ei slik maskin blei nytta var i Nordland.

Men denne maskina med eit kraftige bor på 9, 3 meter i diameter er langt meir avansert enn maskinene som tidlegare har vore i bruk.

– Dette er eit stor beist av ei maskin, seier prosjektleiar i Jernbaneverket Hans–Egil Hansen.

– Denne gjev meir trykk mot fjellet, og det blir lettare å bore. Det er veldig moro å vere med på dette, spesielt sidan det ikkje er så mange som har jobba med dette i Noreg tidlegare.

Den fyrste jernbanetunnelen som skal drivast slik

Maskina skal rydde veg for dobbeltspor på den sterkt trafikkerte strekningen Arna – Bergen.

Dobbelt så mange skal kunne reise, turen skal gå raskare, og tryggleiken skal bli auka ved hjelp av nye rømmingstunnelar, når tunnelboremaskina har fått skru seg gjennom 7, 8 kilometer fjellvegg.

Skanska Norge AS og austeriske Strabag AG har fått hovudkontrakten på byggeprosjektet som er eit av dei største på Vestlandet. Kontrakten har ein verdi på 1,3 milliardar kroner.

Kan føre massane ut via eigen tunnel

Den formelle opninga av prosjektet blir 30. august. Sjølve maskina vil vere i bruk om om lag eit år.

Ifølgje Bygdanytt vurderer no Jernbaneverket å frakte massane frå tunnelboremaskina opp til Arna Jordsortering, som ligg like over tunnelen.

Blir det tilfelle vil størsteparten av Arna sleppe unna ulempene frå mange av dei 50.000 lastebillassa med stein som skal fraktast over fjellet, skriv avisa.

Kva skal maskina heite?

«Madam Felle» var namnet på tunnelboremaskina som blei brukt for å bygge vegtunnelen gjennom Fløyfjellet i Bergen på 80–talet. No vil Jernbaneverket lyse ut ein namnekonkurranse for å døype den nye monstrummaskina.

– Av ein eller anna grunn har slike maskiner alltid kvinnenamn, fortel Hansen.

– Det blir vel neppe Jern–Erna, men kanskje kan me velje ut ei dame som har sett sitt preg på Bergen eller Arna.

Film sett frå Bergen:

Film sett frå Arna: