Hopp til innhold

25 freda bygg rivne - visste ikkje om fredinga

Fredinga av bygga i Agatunet i Ullensvang var langt meir omfattande enn folk visste om. Det har fått fleire konsekvensar. Blant anna er 25 av desse bygga rivne.

Agatunet

FREDA: Store delar av Agatunet i Ullensvang er freda, men no viser det seg at 25 rivne bygg også var freda.

Foto: Egil Torheim / NRK

Store delar av Agatunet vart freda allereie i 1937, og om lag 30 bygg er tilhøyrande tunet. For kort tid sidan, i samband med ein gjennomgang av Riksantikvaren, vart det kjend at det er langt fleire bygg som er omfatta av fredinga.

Ti av dei «nyleg» freda bygga står framleis og skapar trøbbel for eigarane, medan 25 bygg er allereie rivne, før det vart kjend at desse var freda.

– Det er heilt utruleg at det kunne skje, seier statsstipendiat Guttorm Rogdaberg som er dagleg leiar for Agatunet økomuseum.

Størst konsekvensar for eigarane

At fredinga var meir omfattande enn trudd har ifølgje han få konsekvensar for sjølve museet, men derimot for grunneigarane. Rogdaberg er usikker på kva som kan vere forklaringa på korleis dette har skjedd.

– Det kan ha noko med at det tok mykje tid å skaffe midlar for å ekspropiere dette her i fredingsperioden frå 1937 til 1939. Det var sikkert mykje om og men, og så kom krigen og det gjorde vel at det kokte litt vekk i kålen, seier han.

Blant dei rivne bygga er det snakk om varierte bygningar som blant anna løer og stovehus. Størst konsekvens får likevel truleg dei som eig dei ti bygga som no har blitt kjend som freda.

– Det får konsekvensar for eigarane. Det er ei jo ei bandlegging på mange av bygningane dette, seier Rogdaberg.

(Saka held fram under biletet)

Agatunet Ullensvang

PROBLEMATISK: Statsstipendiat Guttorm Rogdaberg meiner det ikkje burde vere slik at freding av bygg i dag vert oppfatta som eit problem for eigaren.

Foto: Egil Torheim / NRK

Med bandlegging meiner han at ein blant anna må bruke gamle materiale, gamle målingstypar og -fargar dersom ein skal ruste opp. Og skal ein til dømes inn med bad er det store prosessar for at ein skal få lov til.

Kjenner seg overkøyrt

Bonde Lars Inge Aga eig eit av husa på Agatunet som først no er kjend som freda. Han reagerte med vantru.

– Eg lurte på om det var rett eller ikkje, så eg måtte prøve å få tak i sakshandsamaren. Dei påstod at dette var lenge kjend, men eg spurte om folk rundt om her som skulle ha greie på det, og ingen visste om det, fortel han.

Utan kjennskap til fredinga har Aga behandla huset som alle andre hus. Blant anna har han bygd på huset, bygd nytt bad, modernisert kjøkenet og truleg måla på andre måtar enn det som er godkjend for freda hus. Han meiner det som no skjer er fullstendig feil.

– Det er overkøyring av folk at dei kan bestemme at dette huset har vore freda sidan 1937, sjølv om ingen veit om det.

– Freding oppfattast som problem

Bonde Lars Inge Aga

KAN MISTE EIGEDOMEN: Bonde Lars Inge Aga fryktar å miste eigedomen ut av familien. Han skal no skøyte garden over til sonen, som ikkje ønskjer å ha ansvar for eit freda bygg.

Foto: Egil Torheim / NRK

Og han er ikkje den einaste. Aga fortel om ein nabo som lenge har hatt planar om å rive løa si, men som no i staden får krav på seg om å vedlikehalde den etter beste evne. Og for Aga sjølv kan dette no bety at eigedomen forsvinn ut av familien.

– No har eg kome til det stadiet at eg skal skøyte garden over til sonen min, og han vart veldig skeptisk når han høyrde at det skulle vere freda, så no vil dei helst kvitte seg med heile huset.

Rogdaberg meiner konsekvensane av freding skapar meir trøbbel enn gagn for eigarane og har ei klar oppfordring til den nye kulturministeren.

– Det burde vore kome så langt i dette landet at det vart stilt så mykje midlar til rådvelde at dette ikkje vert oppfatta som eit problem for eigarane slik det er i dag, seier han.