Hopp til innhold

- Skuffa over Fylkestinget

SV meiner mastemotstandarane i Hardanger har mista mykje av støtta frå Fylkestinget.

Teltleir, Hardangeraksjonen

Aksjonistane har slått seg ned på Kvamskogen for å hindra masteutbygginga.

Foto: Hardangeraksjonen

Berre eit mindretal av Fylkestinget støtta Raudt då dei i dag la fram eit forslag som uttrykte sympati med demonstrantane frå Hardangeraksjonen:

Hordaland Fylkesting har forståing og sympati for aksjonistane som markerer seg mot bygging av “monstermastene” gjennom Hardanger i strekninga Sima-Samnanger. Dette regjeringsvedtaket overkøyrde opinionen i både Hardanger og Hordaland, inkludert Hordaland Fylkesting.

Forslag frå partiet Raudt på Fylkestinget onsdag

Fylkestingsrepresentant for SV, Aud Karin Oen, er skuffa over at berre åtte representantar gjekk inn for forslaget.

Aud Karin Oen

Fylkestingsrepresentant for SV, Aud Karin Oen

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål

- Resten signaliserte at dei ikkje ville støtta eller sende ei helsing til aksjonistane som sit oppe i fjellet og som framleis kjempar mot vedtaket. Det var jo eit heilt klart signal, seier Oen.

Vil ikkje støtta sivil ulydnad

Fylkesordførar Toril Selsvold Nyborg vil ikkje gå med på at Fylkestinget støttar mastevedtaket.

- Debatten gjekk på om Fylkestinget oppmodar til sivil ulydnad, og det meinte dei andre representantane at det ikkje var Fylkestinget si oppgåve å gjera, seier ho.

Ho legg vekt på at ho sjølv gav honnør til mastemotstandarane i opningstalen sin i dag.

Torill Selsvold Nyborg

Fylkesordførar Toril Selsvold Nyborg

Foto: Tore Sevheim / NRK

- Eg føler at Fylkestinget, og iallfall eg gjennom talen min, har positivt omtala dei som demonstrerer for det dei meiner er "den gode sak".

- Men støttar de aksjonistane?

- Nei, me har ikkje støtta demonstrantane, fordi me var redde det skulle appellera til sivil ulydnad, men me har i alle vedtak sagt at me vil ha sjøkabel. Det gjorde me i siste høyringsrunde også. Så Fylkestinget si meining er heilt klar, seier ho.

- Vis støtte i praksis

Oen er glad for at fylkesordføraren seier ho støttar mastemotstanden, men meiner likevel det blir feil å fokusere på sivil ulydnad.

- Det er bra at dei seier dei støttar, men eg synast dei kan visa det i praksis, og ikkje berre i ord. Det stod ingenting i forslaget om støtte til sivil ulydnad. Dette er folk som me ynskjer å støtta og sende ei helsing til, seier ho.

SJÅ HEILE KRAFTLINJETRASÉEN FRÅ HELIKOPTER:

Video Hardanger-linje sett fra helikopter