Hopp til innhold

Bestemor på russetreff

Blant festande 18- og 19-åringar var det ei som stakk seg ut. Marit (61) var den eldste på landstreffet på Lillehammer.

Video Russebestemor på landstreff

Marit Brænd kom nesten ikkje inn på russetreffet på Lillehammer.

I kjeledress og russelue, og med russenamnet "Bæssmor", er Marit Brænd den mest rutinerte avgangseleven på Midt-Østerdal videregående skole.

Ho skal bli helsefagarbeidar, og går på skulen saman med elevar som er over 40 år yngre. I helga var ho på russetreff på Lillehammer.

Slapp nesten ikkje inn

– Det var berre såvidt eg kom inn gjennom porten, for dei trudde ikkje at eg var russ. Til slutt måtte eg få leiinga til å hjelpe meg inn, seier Brænd, som fyller 61 år i dag.

Vel inne på russetreffet feira ho saman med barnebarnet frå Raufoss.

– Det er "gørartig" å vere her, seier den spreke bestemora.

Uføretrygda

Brænd er eigentleg uføretrygda, men bestemte seg for å ta utdanning for å kome seg ut i arbeidslivet att.

– Eg vil heller ta smertestillande medisin enn å vere utanfor arbeidet, seier ho til Østlendingen.

Ved skulen skryter dei av den 61 år unge russen, og meiner at ho er både til glede og inspirasjon for medelevane.

Sov på hotell

Under helgas russetreff vart det likevel inga overnatting i russebil eller telt for Marit Brænd.

– Eg fann ut at det var best å sove på hotell, og det er nok å vere her eit døgn for meg.

Etter at ho er ferdig med utdanninga, skal ho nå ta fagbrev som helsefagarbeider. Men fyrst må ho gjere ferdig russetida.

– Eg ser det som ei stor ære når ungdommane eg går saman med vil ha meg med på feiringa. Så sjølvsagt seier eg ja til å bli med, seier den 61 år gamle russen.