Hopp til innhold

Høgre kutta Troms og Finnmark frå norgeskartet

– Eg er sånn skrudd saman at eg blir umiddelbart fornærma på eige fylke sine vegne. Det seier Frank Bakke-Jensen, stortingsrepresentant for Finnmark Høgre. Kartet som viste Noreg utan Troms og Finnmark var noko av det første som møtte han på landsmøtet i helga.

Høyres kart over hjertesaker uten Troms og Finnmark

På rullebanneret til Høgre sin hjartesakskampanje slutta Norgeskartet ved Lofoten.

Foto: Kjetil B Alstadheim

Bakke-Jensen kontakta generalsekretæren med ein gong og gav beskjed om at dette ikkje gjekk an. Så byrja han å pakke rullebannera ned. Då hadde tabben allereie nådd dei ansvarlege.

– Eg trur det var to minutt etter at eg drog ned den første, så kom nokon dragande med dei nye, riktige roll-upsane.

Frank Bakke-Jensen

Frank Bakke-Jensen er veldig misfornøyd over at noe sånt kunne skje, men fornøyd med at det ble reagert fort.

Foto: Marte Lindi, NRK

Kartet var ein del av Høgre sin kampanje «Din hjertesak», der ein kan dele sin lokale hjartesak med partiet. Alle punkta på kartet syner kor folk har meldt inn ein hjartesak, men hjartesakene til Finnmark og store deler av Troms kom ikkje med.

– Skulle vere eit utsnitt


– Det er mi skuld, sier Dag Terje Solvang. Han er kampanjesjef for Høyre og ansvarlig for korrektur av rullebannera. Solvang hadde ikkje tenkt tanken at banneret eksluderte nokon, men tek på seg ansvaret for tabben.

– I mitt hovud tenkte eg eit utsnitt, eit grafisk element som viser at hjartesakene blir vist på eit noregskart, seier Solvang.

Vurderte de å kutte andre deler av landet?

– Nei, for byrået vi brukte kom med dette forslaget, og då tenkte eg at det såg fint ut, slik gjer vi det.

Dag Terje Klarp Solvang

Dag Terje Solvang, marknadssjef i Høgre, tek på seg ansvaret for manglane på Norgeskartet.

Foto: Anders Fehn / NRK

Trur tabben gir fleire hjartesaker

Då reaksjonane byrja å nå Solvang, fekk han trykka opp nye banner i løpet av nokre timar.

– Så no kjem hjartesakene frå Troms og Finnmark òg med på kartet?

– Ja, dei har lege på nett. Det er ikke så innmari mange hjertesaker fra Troms og Finnmark enda, men det regner eg med kommer etter denne blunderen.

Bakke Jensen meiner at dette viser at ein bestandig må vere vaken.

– Det er jo eit teikn på at når høgre seier vi må auke kunnskapen, så gjeld det geografien òg, seier han.

Høyres kart over hjertesaker uten Troms og Finnmark

Slik såg heile banneret ut. I sør kan ein så vidt skimte Danmark.

Foto: Kjetil B Alstadheim

Flere nyheter fra Troms og Finnmark