Jul i bladstova Det har vore stille frå bladstova i Radio Røynda ei stund, men no er den nynorske reality-radioen tilbake. Kvar tysdag og torsdag fram til jul skal vi følgja juleførebuingane til redaktør Finn Tokvam og medhjelparen Vetle-Ivar.
John Skien Kva TV-program her i landet er det som har hatt 166 forskjellige programleiarar opp gjennom åra? Svaret er Norge Rundt, favorittprogrammet til Vetle-Ivar og veldig mange andre her i landet.
Nynorsk på kinesisk Han er den første nynorskforfattaren som nokon gong er gitt ut på kinesisk. For få veker sidan kom Frode Grytten si bok "Bikubesong" ut i Kina, og no er han spent på mottakinga romanen hans får der.
Atle Thowsen Christian Michelsen er eit aktuelt namn i desse dagar. Han var landets første statsministar og var arkitekten bak unionsoppløysinga med Sverige. Men han stod også bak ei anna stor bragd, og det er dette som opptek bladstova i Radio Røynda i dag. Dei møter Atle Thowsen, direktør på Bergen Sjøfartsmuseum, som i haust kjem med ein biografi om den store statsmannen Michelsen.
Det Norske Teateret Trass enorm skepsis har Vetle-Ivar gått med på å ta ei reportasjereise til Oslo. Turen går til landets viktigaste kulturhus - Det Norske Teateret.
Tidenes norske Grand Prix-vinnar "Venners nærhet" framført av Britt Synnøve Johansen i Melodi Grand Prix 1989 er tidenes beste norske vinnarsong. Dette slår Radio Røynda fast i si svært høgtidlege Melodi Grand Prix-kåring.
Norrbaggar Svenskane kallar nordmenn for norrbaggar, men kva tyder det eigentleg? Dette svarar Dick Harrison på i Radio Røynda idag.
Fann kvisten frå Jesu tornekrone - Etter 23 års jakt er skatten funnen! Ei torn frå Jesu tornekrone. Det seier bergensaren Gunnar Rosenlund, som her legg fram det han meinar er fotobevis.
- 1905-markeringa er godt toskeskap Over heile landet markeres unionsoppløysinga med Sverige. Men kva er det vi feirar no hundre år etter? Historikar Svein Ivar Angell frå Odda avlivar no fleire mytar om kva som skjedde i 1905.