Publisert av Per Kristian Johansen
Med begrensa kjennskap til Melodi Grand Prix-historia, nøyer Tokvam og Vetle-Ivar seg med å kåra "Topp to" - dei to beste norske bidraga i melodikonkuransen. På andreplass hamnar Olav Stedje og songen "Snurrar på barten".
Juryen grunngjev andreplassen med at dette er ein flott song, framført av ein flott artist.
I 1989 sto den då 18 år gamle Britt Synnøve Johansen på scena i Sveits og song Venners Nærhet. Foto: Bjørn Ove Holmberg NTB / Scanpix
Slått av ei jente
Men Stedje må sjå seg slått av ei jente frå Rogaland. For det norske bidraget frå 1989 er tidenes beste. Då stod den då 18 år gamle Britt Synnøve Johansen på scena i Sveits og song "Venners Nærhet".
Juryen grunngjev fyrsteplassen med at dette er ein flott song, framført av ein flott artist. Det skal nemnast at Vetle-Ivar ein gong har vore heime hjå familien Johansen og ete brødskiver, men at dette på ingen måte gjer han inhabil.
I samband med at Britt Synnøve står bak tidenes norske vinnarsong, presenterer Radio Røynda eit nært møte med den flotte artisten.
Ny versjon
Saman med populærorkesteret Finn-Erix framfører Britt Synnøve Johansen vinnarsongen sin i heilt ny versjon, med stoveorgel og fagott.
Finn Erix og Britt Synnøve Johansen. Foto: NRK
Britt Synnøve Johansen har i dag stor suksess ved Rogaland Teater.
Tidenes kjærleikssong
Olav Stedje, som kom på andreplass i kåringa, er tidlegare blitt kåra av Radio Røynda som mannen bak tidenes norske kjærleikssong - meir om det finn du her: Tidenes kjærleikssong
Norgesglasset NRK P1