Hopp til innhold
Kronikk

Vi er allereie i kneståande, Kjerkol!

Det brenn på alle kantar i sjukehusa våre. Og verre kjem det til å bli om ikkje politikarane evner å løyse krisa.

Sara Soraya Eriksen, lege

Vi treng ein helseminister og regjering som prioriterer det offentlege helsevesenet sterkare, skriv lege Sara Eriksen.

Foto: privat

I årets sjukehustale sparte ikkje Kjerkol på krutet då ho ordla seg om behovet for omprioritering i helsesektoren og reduksjon i bruk av vikarbyrå. «Det må vi rett og slett berre ha ein slutt på».

Som nyutdanna lege blir eg provosert av helseministeren sine kortsiktige løysingar.

Då eg begynte på medisinstudiet var det, som for mange andre, grunna eit ønske om å jobbe med og hjelpe menneske. Det tok ikkje lang tid før eg skjønte at realiteten innanfor sjukehuset sine vegger er noko heilt anna enn eg såg for meg og kort sagt brutal.

Vi treng ein helseminister og ei regjering som prioriterer det offentlege helsevesenet sterkare.

Gjennom gangane spring nokre heltar av sjukepleiarar frå rom til rom, på dei tomme pauseromma ligg nistepakkar igjen i sekken og sjuke pasientar ventar i timevis i akuttmottaket.

Det tok meg ei veke å gjere det til vane å beklage den lange ventetida ovanfor pasientar og omtrent eit halvt år å legge frå meg dårleg samvit for å faktisk ta meg tid til å ete lunsj etter ti timar på jobb.

Draumen om å bli ein lege som er god i møte med pasientar blei fort erstatta med draumen om å bli «ein lege som er god på å ikkje vise at det brenn på alle kantar».

Eg skal gi Kjerkol litt rett, det er fornuftig å få ned bruken av vikarbyrå. For ja, bruken er verken gunstig for helseføretaka, eller endå viktigare: for pasientane. Det undrar meg likevel at dette kan slengast ut som ein bagatellmessig bestilling, utan at statsråden som er ansvarleg for tilstanden på norske sjukehus adresserer kva denne vikarbruken er eit symptom på:

Eit helsevesen i kneståande.

Kutt i helsesektoren kjem til å gå på bekostning av pasientbehandling og pasientsikkerhet.

Bruken av vikarbyrå er eit symptom på alvorleg sjukdom. Helsesektoren er pressa på alle kantar, og fagpersonane Kjerkol tilsynelatande hyller i byrjinga av talen sin, pressast til det ytste kvar dag. Høgt sjukefråvær blant tilsette, blodraude tal og sprengt kapasitet er normalen.

Dei siste vekene har vi sett fleire eksempel på at helsetilbod leggast ned og helsepersonell flyktar frå yrka sine, og ikkje minst korleis dette rammar pasientar

Ein skal ikkje lenger vekk enn til det britiske helsevesenet før ein ser kor gale det faktisk kan gå om ikkje politikarane evner å løyse krisa. Men Kjerkol held fram å tøye strikken, og attpåtil med ein nedlatande tone.

At prisstigning i samfunnet blir brukt som forklaring på bestillinga frå helseministeren, får meg til å sette kaffien i halsen. Å få slutt på bruken av vikarbyrå, samt å sjå på «kva helseføretaka kan gjere mindre av» står fram i beste fall som skivebom og i verste fall som ansvarsfråskriving.

For ingen sjukdommar eller diagnosar bryr seg om at vi er i 2023, at inflasjon pregar samfunnet og at vi allereie er pressa etter ein pandemi.

Helsepersonell har varsla og Legeforeningen har vore klar i sin tale. Kutt i helsesektoren kjem til å gå ut over pasientbehandling og pasientsikkerheit.

Helsesektoren er pressa på alle kantar.

Vår jobb er å behandle og vareta pasientar. Politikarane sin jobb er å legge til rette for at det kan skje.

Vi treng ein helseminister og ei regjering som prioriterer det offentlege helsevesenet sterkare, for vi er allereie i kneståande.