Hopp til innhold
Kommentar

USA kan dra Europa med utfor stupet

Europeiske leiarar skjelv i frykt for konsekvensane av ein økonomisk hestekur i USA. Den same typen hestekur dei sjølve har føreskrive i Hellas.

Budsjettstup i USA vil ramme Europa

Konsekvensane kan bli dramatiske hvis amerikanske politikarar ikkje blir samde om økonomiske innstrammingar. Det vil også få alvorlege ringverknader for eit kriseråka Europa, skriv NRK-kommentator Knut Magnus Berge.

Foto: Montasje / Reuters / Ap

Som i Sør-Europa skal det strammast inn i USA. Amerikanske politikarar er samde om å redusera den enorme statsgjelda, men dei er usamde om korleis innstrammingane skal skje. Så usamde at amerikansk økonomi kan bli kasta utfor «the fiscal cliff» – budsjettstupet.

Det vil også eit kriseråka Europa merke. Så kva slags stup er det vi snakkar om?

Riset bak speilet

Først eit par avklaringar: «Fiscal» - eller fiskal - er det som har med staten sine finansar å gjere: velferdsutgifter, skattar og avgifter.

«The fiscal cliff» skildrar det som skjer dersom amerikanarane ikkje klarar å lage ein avtale om utgifter og inntekter innan den 01.01.2013 - altså førstkommande tysdag.

Datoen er viktig fordi amerikanske politikarar har laga seg eit ris bak speilet. I 2011 vedtok dei at det automatisk blir innført knallharde innstrammingar i amerikansk økonomi ved årsskiftet 2012/2013, dersom det ikkje blir ein avtale mellom partia.

Med andre ord, dersom ikkje amerikanske politikarar blir samde innan tysdag, vil USA gå utfor stupet - budsjettstupet.

Då blir det velferdskutt og skatteauke i ei slikt omfang at det kan føre USA inn i resesjon - negativ vekst - med ukjende konsekvensar også for omverda.

Velferdskutt eller skatteaukar?

USA har ei statsgjeld som - målt mot storleiken på økonomien - er høgare enn den til Hellas. Noko må gjerast, men det er forskjell på å barbere seg og å skjære av seg haka. Moderate innstrammingar må til, meiner alle, så kva er problemet?

Problemet er at valet av verkemiddel går rett inn i den ideologiske polariseringa i amerikansk politikk som er blitt stadig sterkare dei seinare åra.

Republikanarane vil bygge ned den føderale staten - altså stramme inn ved å redusere velferdstiltak og føderale program, og unngå skatteaukar. Demokratane vil på si side verne om offentlege velferdsprogram og opnar for å auke skattane - og då særleg for dei rikaste.

Nedgang i Europa

I «riset bak speilet»-avtalen frå 2011 ligg begge delar inne - både kraftige kutt i føderale program og store skatteaukar. Den totale innstramminga er så stor at ein fryktar auka arbeisløyse og sosial uro i USA.

Den same medisinen som er føreskriven i Hellas vil med andre ord kunne gi arbeidsløyse og sosial uro – som i Hellas.

Men USA er ikkje Hellas. Langt ifrå.

Mens Hellas er eit marginalt land i Europa, er USA den største økonomien i verda. Endringar i USA får konsekvensar for omverda – ikkje minst for Europa. Det er nok å minne om konkursen i den amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers i 2008.

Då greip angsten om seg i finansmarknadene, utlånsviljen sank, børsane stupte og resultatet blei global finanskrise. Det var finanskrisa som gjorde det umogeleg for Hellas å ta opp stadig nye lån for å handtere ei galopperande statsgjeld.

Dermed sprakk den greske bobla og andre bobler. Vi fekk eurokrise og etterkvart krisepakkar med krav om innstrammingar. Enda er verdsøkonomien labil.

No fell børsane igjen i Europa - denne gongen i frykt for konsekvensane av manglande politisk handlekraft i Washington. Teikna til betring i den amerikanske økonomien står i fare.

Kamp mot klokka

Det kan framleis kome på plass ein avtale mellom demokratane og republikanarane i USA, men timeglaset er i ferd med å renne ut.

Dei ideologiske motsetnadene verkar uoverstigelege. Samstundes vil eit fall frå «the fiscal cliff» vere så risikabelt at det kan tvinge politikarane til fornuft.

Økonomiske nedgangstider, auka arbeidsløyse og sosial naud i Hellas er verst for dei som bur i Hellas. Skulle resesjonen råke USA er konsekvensane ukjende også for oss andre.

Derfor ser kriseråka europeiske leiarar no til Washington - og skjelv i buksene.