Hopp til innhold

Skrytepaven

Paven tar eit skippertak på Twitter idet Trusåret 2013 nærmar seg.

Godt ment vignett RIKTIG

Han varsla det for nokre veker sidan, at den 12.12.12, klokka 12, skulle det skje: Paven ville kome med si første melding på Twitter under namnet @pontifex. Forventningane var mildt sagt store, med 600.000 følgjarar allereie før han hadde kome med sin første tweet.

Hans første melding kom knappe halvtimen før det var varsla, og var ei velsigning av Twitter-venane:

«Dear friends, I am pleased to get in touch with you through Twitter. Thank you for your generous response. I bless all of you from my heart.»

No har han bikka 700.000 følgjarar på sin engelskspråklege konto. Paven sjølv følgjer sju andre Twitter-brukarar – men skuffande nok er dette hans sju eigne Twitter-kontoar, på andre språk. Til saman har desse kontoane bikka éin million følgjarar.

Dei siste ni dagane har Twitter-brukarar kunne kome med spørsmål til Paven ved å bruke merkelappen #askpontifex. Blant tusenvis av innsendte spørsmål har kommunikasjonsavdelinga til Vatikanet plukka ut nokre som han svarar på.

Hans andre og tredje tweet var difor: «How can we celebrate the Year of Faith better in our daily lives?»

Svaret? «By speaking with Jesus in prayer, listening to what he tells you in the Gospel and looking for him in those in need.»

Kommunikasjonsavdelinga hevdar at Paven svarar med eigne ord, sjølv om han har fått hjelp til å plukke ut spørsmåla han skal svare på.

Han har fått alt frå seriøse spørsmål til kritiske spørsmål om pedofili i den katolske kyrkja, men i tillegg sjølvsagt ein del tullete spørsmål. «Kor lenge sidan er det du har hatt på deg bukser?» Vil Twitter-brukaren @Godlessgirl vite.

Reaksjonane held fram med å tikke inn på Twitter, på alle slags språk. Fleire kallar hendinga historisk. Det er ein heil del med folk som svarar takk for velsigninga. Humoristiske høgdepunkt:

«This is worse than having my mom on Facebook.»

«Har nokon gitt @pontifex ein smarttelefon eller eit lesebrett? Først var det null tweets, no får du han ikkje til å stoppe.»

LES: Her er @Pontifex' første tweet