Hopp til innhold

Kvinnelist og gubbevelde

Kven har definisjonsmakta over kva som er god musikk?

Obit-Richie Havens Mitchell Dylan Baez Havens

Roger McGuinn, Joni Mitchell, Richie Havens, Joan Baez og Bob Dylan opptrer på The Bands avskjedsturnè i 1975. Både The Band, Bob Dylan og Joni Mitchell er nemnt på lister over 100 beste debutalbum.

Foto: Ap

Godt ment vignett RIKTIG

Romjula er listetid. Beste album, beste film, beste bok. I Dagens Næringsliv rasar det no ein debatt om kva som er dei 100 beste debutalbuma nokon sinne. Men jurysamansetninga har vel eigentleg overskygga sjølve lista. For kven skal bestemme kva som er god musikk? Og kva har bakgrunnen til desse personane å seie for resultatet?

Ein jury på tolv menn, leia av Thorstein Selvik, putta Jimi Hendrix Experience på førsteplass. Men det var eitt problem. Eller var det det?

«Det man ikke lyktes med var å få kvinner inn i juryen, vi prøvde, men «to no avail». Som Dørum sa: «Dette er nok en guttegreie ...», skreiv Selvik i DN på julaftan. Han hadde ikkje klart å finne musikkinteresserte kvinner.

«Kvinnelisten»

Tøys, meinte Charlotte Myrbråten, Maria Horvei, Eirik Kydland og Marta Breen. Dei stod bak det som i DN vart presentert som «kvinnelisten» (tør vi tippe at dei ikkje stod bak det omgrepet sjølv?), ei alternativ liste over 100 beste debutalbum. Her kom Velvet Underground på førsteplass.

Lista skilte seg ut med blant anna fleire yngre namn. «Det er mulig å mistenke at Selviks jury er satt sammen på en lat og til dels intern måte, noe som også gjenspeiler seg i det snevre utvalget på listen. Listeskriving og ekte musikkinteresse er så klart ikke bare en 'guttegreie'», skreiv dei fire.

Lei kritikk

«Det Politisk Korrekte Norge får ha oss unnskyldt guttestrekene. Eg er litt lei kritikk av vår jurys alder og gubbete "listeutvalg",» svarar Thorstein Selvik i DN i dag.

Det herskar mellom anna tvil om Joni Mitchells debutalbum eigentleg har noko på ei slik liste å gjere. Uansett, debatten viser at kjønnsperspektiv på musikk er eit brennbart tema.

NRK Ytring tok i 2012 opp debatten om «den kvinnelige artisten» og musikkritikarar. Les innlegga her: