Hopp til innhold
Kronikk

Redd for slakt

No er det altså verre å slakta eit dyr enn å ha sex i eit reality-program.

Arne Hjeltnes

Forbrukarsamfunnet har gjort det så enkelt for oss å gløyma opphavet til maten. Mat er noko som me finn i butikken. Avstanden til dei som skaffar den aukar, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Vidar Herre

Me har over ein million sauer i Noreg. Norsk lam er i verdsklasse. Ei delikatesse som kvar haust gler svært mange av oss nordmenn.

Men då NRK inviterte middagsgjestene i ein litt annleis versjon av «4 stjerners middag», der gjestene skulle slakta sjølv, gjekk det gale.

Gjestene trakk seg, fordi dei var redde for å verta hengde ut som fæle folk.

Det er slett ikkje naudsynt å visa slakting som fjernsynsunderhaldning i tide og utide, men diverre er denne hendinga eit teikn på at me fjernar oss meir og meir frå maten sitt opphav og korleis den hamnar på bordet vårt.

Nordmenn er tradisjonelt eit fangstfolk; bønder og fiskarar. Me haustar frå naturen. Etter kvart har me vorte eit byfolk, forbrukarar. Maten kjem ikkje frå naturen, men i lekre plastpakkar fri for skinn, bein, fjør eller andre teikn på at dette har vore eit levande dyr.

Ungane våre har godt av å vita at kua må bita i graset viss det skal verta fredagstaco.

Gjennom 55 Gutta På Tur- program viste me stadig fram jakt og fiske. Stort sett gjekk det fint å skyta både dyr og fuglar, men då me i eit program i Afrika, gjorde som dei lokale, kjøpte ei geit og slakta ho, kom klagene.

Det var for sterk kost å sjå eit kje døy og så verta steikt av Arne Brimi.

Og no er det altså verre å slakta eit lam enn å ha sex i eit reality program.

Då ungane mine var små, prøvde eg å læra dei om kvar maten dei åt kom ifrå. Eg var kanskje i overkant positiv til å fremja fangstlivet, sidan ein av dei stolt hadde forklart klassen at «pappa seier det er lov å drepa for mat», men eg trur ikkje løysinga er å lata som det ikkje er slik.

Forbrukarsamfunnet har gjort det så enkelt for oss å gløyma dette opphavet. Mat er noko som me finn i butikken. Avstanden til dei som skaffar den aukar.

Det var for sterk kost å sjå eit kje døy og så verta steikt av Arne Brimi.

Folk må naturlegvis sjølve velja om dei vil eta kjøt og fisk eller grønsaker eller kaker, men det er eit dårleg teikn at det er kontroversielt å visa korleis me haustar frå naturen vår.

Nokre meiner det er slemt å ha fisk i merdar, skyta ryper eller koka hummar. Snart er det vel slik at soppen og kjenner smerte, når me riv den opp av jorda i skogen.

Då Vegard Ulvang, the olympic terminator etter OL i Albertville, vart vitja av eit amerikansk tv-team ved Munkelva utanfor Kirkenes tok han dei med ut i naturen som hadde forma han. Dei var heldige, Vegard fekk ein laks på kroken. Drog den inn og byrja sløya den. Då spydde kameramannen og produsenten sa: «I hope you understand that we cannot show this on television».

Det er like vanskeleg å forklara amerikanarar at det finns ulike typar kval som at kylling eigentleg ikkje er ein nugget, men ein fugl. Samstundes er det på amerikansk fjernsyn ikkje noko problem å visa folk som tek livet av kvarandre med avsaga hagler eller machetar.

Me får håpa me kan oppretthalda eit naturleg tilhøve til den gode maten vår. Norsk lam er det all grunn til å vera stolt av. Det er ein naturleg og berekraftig produksjon. Ei matvare som eg gjerne skulle ha sett at me eksporterte ut til verda; rein og smakfull. Eit lam som lukkeleg har levd i den norske naturen, har hatt eit godt lammeliv. Slaktmetodane våre er både gode og dyrevenlege.

Snart er det vel slik at soppen og kjenner smerte, når me riv den opp av jorda i skogen.

Naturen har gitt oss denne gåva og det må vera mogeleg å forklara korleis dette heng saman utan å vera ein barbar.

Eg synest ikkje me skal gøyma dette vekk.

Ungane våre har godt av å vita at kua må bita i graset viss det skal verta fredagstaco og at grisen faktisk er opphavet til skinka på brødskiva.

Vert det for mykje for nokon, så får dei heller ta seg ein bolle på ein bensinstasjon. Det er ikkje betre for helsa eller miljøet, men ingen dyr vart ofra for å laga den.

God haustjakt.