Hopp til innhold

Nokon må tale dei daudes sak

Det har aldri vore eit poeng å fylle opp magasin med pilspissar berre for å gjere livet surt for ordførarar!

11000 år gamle pilspisser

I saker kor bygging av infrastruktur vert dyrare eller utsett på grunn av omsynet til automatisk freda kulturminne, blir det ofte konflikt. Bildet viser 11000 år gamle pilspissar som vart funne i samband med utgraving av Follobanen.

Foto: Kulturhistorisk museum

Kvart år kostar arkeologisk kulturminneforvaltning både styresmakter og privatfolk mykje tid og pengar. Mange ser ikkje logikken i dette. Anten fordi dei ikkje ser nytteverdien eller fordi dei er ueinige om kven som skal ta rekninga. Klårast kjem denne konflikten til syne i saker kor bygging av infrastruktur vert dyrare eller utsett på grunn av omsynet til automatisk freda kulturminne.

Seinast for nokre veker sidan las eg på NRK om ein familie frå Austevoll som har blitt nekta å byggje hus på eigen tomt i årevis av di det finst freda spor etter busetjing frå steinalderen på ho. Eg kjennar ikkje denne saka og eg kan derfor ikkje uttale meg spesifikt, men normalt skal ikkje privatpersonar å betale slike kostnader. Og i dette tilfelle verker det som kommunen har gjort endringar i reguleringsplanen etter tomta var kjøpt, og då er det ikkje vanskeleg å forstå at familien er frustrerte.

Frustrert verker også ordførar i Austevoll, Morten Storebø (H) å vere når han meiner at vi i dag har ei altfor unyansert kulturminnelov, og uttalar til NRK at ein må byrje å skilje mellom viktige og uviktige funn. Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) støttar lokalpolitikaren: «Det er avgrensa kor mange pilspissar vi treng frå same periode.»

Det var vel omtrent så langt inn i artikkelen eg kom før eg nesten sat kaffien i halsen.

Vi prioriterer

For det fyrste fordi det er heilt feil at arkeologar ikkje gjer prioriteringar. Ved ei gjennomsnittleg arkeologisk utgraving vert kanskje berre 10–20 prosent av arealet undersøkt, medan resten går tapt. For arkeologar er det viktig å ta vare på eit representativt utval for å auke kunnskapen. Det har aldri vore eit poeng å fylle opp magasin med pilspissar berre for å gjere livet surt for ordførarar!

Val me gjer i dag har ikkje berre konsekvensar for vårt eige samfunn, men også for generasjonane som kjem etter oss.

For det andre, vitnar utspela til desse politikarane om liten kunnskap om kva som ligg bak arkeologiske funn av stor kulturhistorisk verdi. Ingen arkeologar veit nemleg nøyaktig kva dei kjem til å finne på førehand eller kor dei store innsiktene kjem. Difor er det umogleg å forskottera verdien av funn som ikkje er gjort enno. I tillegg kjem faglege nyvinningar og moderne teknologi som har gjort at dagens arkeologi handlar om meir enn å berre finne gjenstandar. Der folk flest ser ein svart jordflekk kan til dømes ein spesialist gjere undersøkingar av jordsmonnet som kan bidra til heilt ny kunnskap.

Difor er det at dagens forvaltningspraksis er tufta på eit ganske enkelt prinsipp: nemleg å vere føre-var og ikkje risikera å miste viktig kunnskap på grunn av tankeløyse.

Unike og ikkje-fornybare ressursar

Etter at kaffien var drukke opp, og den verste akademiske harmen hadde lagt seg, kom erkjenninga. Bør kulturminnelova forbetrast? Som fagperson må eg sjølvsagt tola at spørsmålet vert stilt, og det er heller ikkje vanskeleg å erkjenne at kulturminnevernet kan skapa reelle problem for enkelte. Men dersom enkelte politikarar meiner at lovverket bør endrast, og kanskje aller helst i ei meir liberal retning, kan ikkje denne debatten avgrensast til uimotsagde, spissformulerte utsegn om einskildsaker i dagspressa. Til det er emnet altfor viktig!

For meg er nemleg ein urørd gravhaug det same som ein rein fjord.

Dei forhistoriske kulturminna me har i Noreg representerer nemleg unike og ikkje-fornybare ressursar. Korleis me vel å forvalte desse ressursane er ikkje berre ei privatsak men eit felles ansvar. Og val me gjer i dag har ikkje berre konsekvensar for vårt eige samfunn, men også for generasjonane som kjem etter oss.

Ein kan trekkje ein parallell til naturvernsdebatten ein har hatt dei siste 30 åra. I dag er for eksempel dei fleste einige om at ei brygge bygd ulovleg i strandsona ikkje er greitt. Viss bryggja vert ståande, vil ho for all framtid gje havtilgang til nokre få, medan alle andre vert stengd ute. Derfor seier lovverket at bryggja må bort. Dette er sjølvsagt irriterande for eigaren av bryggja, men dei grunnleggjande prinsippa som ligg i botn for avgjersla er forstått og funnen rimeleg av eit fleirtal av befolkninga og av dei fleste politiske parti. Det er dette som kjenneteiknar god og berekraftig forvaltningspraksis.

Har kulturminnevernet oppnådd same status som naturvernet? Skal ein døme ut frå nivået på kommentarane frå politikarane i Austevoll-saka, og mange liknande saker i media dei siste åra, meiner eg svaret openbart er nei.

Å tala dei daudes sak

Er det så rimeleg at privat og kortsiktig gevinst skal vege tyngre enn felles og langsiktig kulturminnevern? Personleg meiner eg dette er ei felle me gjekk i for hundre år sidan og resultatet veit me: tallause gravhaugar, langhus og lokalitetar frå steinalderen gjekk tapt for alltid. Tilbake sit ein rik på infrastruktur men fattige på meining.

Tilbake sit ein rik på infrastruktur men fattige på meining.

For meg er nemleg ein urørt gravhaug det same som ein rein fjord, ein uhogd skog, eit uhindra fossefall, eit mastefritt landskap eller eit oljefritt ishav. Dette er tidlause størrelsar som enkelt kan øydeleggjast og som ikkje kan prissettast.

Bør kulturminnelova forbetrast? Det er ikkje umogleg, men i møte med lettvint forvaltningsretorikk og billige politiske poeng må nokon tale dei daudes sak, og samstundes ha sympati for dei levande. Men ei feilaktig framstillinga av arkeologisk kulturminneforvaltning gjer ikkje folk betre i stand til å vurdere om dagens regleverk er bra eller bør endrast.

Dette trur eg ingen er tent med, uansett kva syn ein har på arkeologiske kulturminne.

FØLG DEBATTEN: Facebook OG Twitter