Hopp til innhold

Hus frå steinalderen hindrar småbarnsfamilien å bygge draumehuset

AUSTEVOLL (NRK): Henrik og Silje får ikkje bygge hus på tomta si før restar av ein steinalderbustad er grave ut.

Henrik Melingen og Silje Rabben får ikkje bygge draumehuset for barna sine

FORTVILT SMÅBARNSFAMILIE: Henrik Melingen og sambuar Silje Rabben får ikkje bygge hus på tomtene dei har kjøpt for fleire år sidan.

Foto: Stian Røkenes / NRK

– Det har gått fire år, vi har fått to ungar og hadde eigentleg planar om å vere i hus for lenge sidan, seier Henrik Melingen.

I årsskiftet 2013/2014 kjøpte han og sambuaren Silje Rabben tomt på Prestaneset i Austevoll for å bygge draumehuset. Men framleis er det ikkje teke så mykje som eit einaste spadetak.

For eitt år etter at sambuarparet hadde kjøpt tomta, vart det gjort undersøkingar i området i samband med endringar av ein reguleringsplan. Der vart det funne restar av ein steinalderbuplass.

Prestaneset i Austevoll

TOM TOMT: Dei to småbarnsfamiliane som har kjøpt hustomt på Prestaneset i Austevoll får ikkje bygge før steinalderfunna som er gjort på tomta, er sikra gjennom ei arkeologisk utgraving.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Fem millionar kroner for utgraving

Funnet vert rekna som eit kulturminne, og jamfør kulturminnelova vert slike funn automatisk freda. Lova seier også at det er grunneigarane som må betale for ei arkeologisk utgraving.

Universitetsmuseet i Bergen har tidlegare gjeve eit grovt kostnadsestimat for utgravinga på om lag fem millionar kroner.

– Heilt urimeleg, svarar Melingen.

Det er mogleg for privatpersonar å søke om støtte frå staten til utgravingane, men fordi funna på Prestaneset er del av ein reguleringsplan, vert det i utgangspunktet ikkje rekna som eit privat tiltak.

– Førebels er det ikkje fatta vedtak om kven som skal betale for denne utgravinga eller kor store kostnadane vert. Dette er ein pågåande prosess, seier seksjonssjef hjå Riksantikvaren, Isa Trøim.

Kristian Haugland ved Prestaneset på Austevoll

OGSÅ RÅKA: Kristian Haugland og familien ventar på å få bygge på toma si på Prestaneset i Austevoll.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Automatisk freding

I rapporten frå den arkeologiske registreringa som vart gjort i 2015, heiter det at der er funne «ein steinalderlokalitet og ei gravrøys».

– For at tomtene skal kunne realiserast som byggetomter må ein oppheva det automatisk freda vernet som ligg på slike funn. I dette tilfelle er funna frigitt, på vilkår av at dei skal gravast ut, seier konstituert fylkeskonservator David Aasen Sandved.

Også Kristian Haugland, som har kjøpt nabotomta på Prestaneset, har fått same problemet i fanget.

– Hadde vi visst at det skulle ta så lang tid, hadde vi kjøpt noko anna, seier han.

Undersøkelse i Austevoll

UNDERSØKER: Lars Erik Narmo måler eit søkk i røysa på tomta. Undersøkingane vart gjort på vegner av fylkeskonservatoren i Hordaland. Det vart også funne pilspissar og keramikk.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Vil endre lova

Ordførar i Austevoll, Morten Storebø (H), meiner situasjonen er fortvilande.

– Vi må byrje å skilje mellom viktige og uviktige funn. Når sjølv arkeologane seier at det er ubetydelege funn, er det krevjande at vi har ei unyansert kulturminnelov.

Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) stemmer i.

– Det er avgrensa kor mange pilspissar vi treng frå same periode.

Stortingsrepresentanten seier kulturminnelova i dag er for rigid, og tek no til orde for å endre den.

– Nasjonal verdi

Men fylkeskonservatoren er ikkje heilt einig.

– Føremålet med dagens kulturminnelov ikkje er å lage størst moglege samlingar. Vi har relativt få spor igjen av dei menneska som levde i Noreg for fleire tusen år sidan, og funna vil vere ein ressurs for framtidig forsking, seier Sandved.

Kor viktige er funna som er gjort her?

– Det er funn av nasjonal verdi, steinalderen er unik i europeisk samanheng på Vestlandet.

Fylkeskonservator Hordaland

VIKTIG: Fylkeskonservator David Aasen Sandved seier alle gjenstandar som er eldre enn 1537, er automatisk freda jamfør kulturminnelova.

Foto: Elise Farestveit / NRK