Hopp til innhold
Kronikk

Mørkeblå mistillit

Den nye regjeringa skal bygga eit samfunn basert på fridom og tillit. Då er det interessant å sjå kven dei ikkje stolar på.

Erna Solberg og Siv Jensen

Ekte tillit blir utvist der den andre har all mogeleg grunn til å bryta løftet sitt, men likevel blir gitt sjansen til å visa at han er til å stola på. Den type tillit treng regjeringa Solberg å visa meir av, skriv Ingebjørn Bleidvin. Siv Jensen og Erna Solberg under pressekonferansen på Sundvolden Hotel 7. oktober.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Min relativt fine og dyre sykkel stod ulåst ute på gata heile førre helg, medan eg var vekke. Då me kom attende til sentrum på sundagskvelden, låg den midt på fortauet; blåst over ende av vinden, men like heil. Til og med puta på setet var der framleis.

Norge er eit tillitssamfunn. Me stolar på kvarandre. Me scorar høgt på all verdas indeksar over sosial kapital og tiltru til naboar og offentlege institusjonar. Me gjer det som er rett og riktig og det som er forventa av oss.

Diett vs. buffet

Det er likevel eitt unntak frå denne regelen: Vårt eige beste. Folk er stort sett elendige på å vita sitt eige beste, og handla deretter. Få ser dette betre enn legar. Pasientane kjem på kontora våre og har røykt, drukke, spist seg feite, slite seg ut og teke medisinane sine på feil måte.

Norge er eit tillitssamfunn. Me stolar på kvarandre. Me scorar høgt på all verdas indeksar over sosial kapital og tiltru til naboar og offentlege institusjonar.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Dette hadde vore behageleg å hovera over, hadde det ikkje vore for ei rekke døme på at legar er endå verre. Fleire legar føder med keisarsnitt enn gjennomsnittet av befolkninga, trass advarslane mot dette. Me går på jobb med sjukdommar me ville sjukmeldt pasientar for. Vitskapleg grunngjevne helseråd er viktige, men litt mindre viktige når det passar dårleg å følgja dei.

Politisk heksebrygg

Denne type inkonsekvens finn me att også hjå ei anna yrkesgruppe: politikarar. Politikken spring ut frå høgverdige tankar om korleis ein skal skapa eit best mogeleg samfunn, og djupe resonnement om kva som er «Rett og Gale». Denne reine eliksiren blir så blanda saman med budsjettavgrensingar, kjøttvekt, partipisk og andre ulekre realitetar, og endar opp som eit tidvis usmakeleg heksebrygg av realpolitikk. Når ei så skal velja kva grupper i samfunnet ein skal «ha tillit til» og ikkje, kan resultatet bli ganske sprikande.

Mistillit a la carte

I plattforma si går den komande regjeringa frå naiv tillit (sjølvsagt vil like mange fedrar vera heime utan pappakvoten) til bortimot angstfylt mistillit. I enkelte tilfelle har dei blåblå både masse tillit og massiv mistillit til dei same gruppene samtidig. Foreldre, for eksempel. Erna og Siv stolar på at foreldre klarar å fordela permisjonsvekene sjølve. Dei stolar ikkje på at foreldre klarar å ta moralsk forsvarlege val rundt abort dersom dei får tilgang til tidleg fosterdiagnostikk.

I enkelte tilfelle har dei blåblå både masse tillit og massiv mistillit til dei same gruppene samtidig.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Lærarane er ikkje til å stola på. Dei driv med forskjellsbehandling av elevane ut frå trynefaktor, og Høgre er difor ivrige tilhengarar av anonym retting. Samtidig skriv dei i regjeringserklæringa at «ingenting betyr meir for elevanes læring enn læraren». Folkevalde lokalpolitikarar tenkjer ikkje på innbyggarane sitt beste, der dei sit som småkongar i kvar sin kommunestyresal og nektar å slå seg saman med andre.

Blasfemisk dampvegvals

Indre sjølvmotseiingar var det sjølvsagt nok av også hjå dei raudgrøne. I verdispørsmål kom inkonsekvensen tydelegast fram i strida om blasfemiparagrafen. Eit spøkjelse frå 1300-talet sneik seg inn på sentralstyremøtet til Senterpartiet og kviskra dei i øyra at dei skulle gjeninnføra ein blasfemiparagraf i Norge. Arbeidarpartiet var imot, men bryr seg ikkje veldig om slike saker, og dermed kom forslaget ut i offentlegheita. Konservativ mørkemannspolitikk og radikal ateisme kolliderte i regjeringslokala.

Politikarane kan ha så vakre himmelhvelvingar over prosjekta sine som dei vil, men fakta på bakken skitnar det ofte til for dei.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Eksempla viser at politikarane kan ha så vakre himmelhvelvingar over prosjekta sine som dei vil, men fakta på bakken skitnar det ofte til for dei. Det raudgrøne sosialdemokratiet var gjennomhola av marknadsbaserte NPM-løysingar. Den blåblå regjeringa sin tillitspolitikk er godt krydra med mistru og tvang i ulike retningar. Billege symbolsaker som fri proffboksing og meir snøscooterkøyring kan ikkje skjula det, like lite som dei raudgrøne sitt kjøp av hundre meter strand i indre Oslofjord like etter valet i 2005 gjorde noko for å minska forskjellane i Norge.

Kardemomme-anarki

Me treng politikken og politikarar for å setja opp grenser og reglar for samfunnet. Hadde me klart det sjølve kunne me ha levd i eit Kardemommeby-anarki der alle berre var snille med kvarandre.

Fridom og tillit er honnørord og overordna mål for eitkvart samfunn og ei kvar regjering, men enkelte typar tillit er billegare enn andre.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Mange føler seg nedtynga av skjema, reglar og fellesløysingar, og opplever den norske likskapstankegangen som ei klam hand om halsen. Dette er eit heilt legitimt standpunkt, men det kan ikkje brukast til å gje høgresida einerett på omgrepa fridom og tillit. Mange føler tvert om at dei avgrensingane sosialdemokratiet har påført oss, til sjuande og sist gjev fleire mogelegheiter og meir fridom enn me elles ville ha hatt.

Ekte tillit

Fridom og tillit er honnørord og overordna mål for eitkvart samfunn og ei kvar regjering, men enkelte typar tillit er billegare enn andre. Det er lett å stola på nokon som har alt å tena på at du gjer det du gjer. Det kostar lite å stola på at gründeren ynskjer å tena pengar.

Det er vanskelegare å stola på at folk ikkje sjukmelder seg når dei har full løn frå fyrste sjukedag, eller at papirlause flyktningar er reelt trua på livet. Ekte tillit blir utvist der den andre har all mogeleg grunn til å bryta løftet sitt, men likevel blir gitt sjansen til å visa at han er til å stola på. Den type tillit treng regjeringa Solberg å visa meir av.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook