Hopp til innhold
Kronikk

Mobbens minoritetsvern

Det er ikkje fleirtalets meining som skal sikra grunnleggande menneskerettar.

TOPSHOT-AUSTRALIA-POLITICS-GAY-RIGHTS-MARRIAGE

Tilhengarar av ja-sida i den australske folkeavstemningen om likekjønnede ekteskap feirar sigeren i Sydney 15. november. Eit spørsmål som aldri skulle vore avgjord av ei folkerøysting, skriv kronikkforfattaren.

Foto: WILLIAM WEST / AFP

Onsdag såg vi jublande folkemengder i Australia, etter at folket hadde stemt ja til likekjønna ekteskap. Slik var det også i Irland i 2015. Eg er meir forundra enn jublande: Er det plutseleg legitimt å la fleirtalet stemme over grunnleggande minoritetsrettar?

Sjølvsagt jubla (61,6 prosent av) australiarane – og det er klart at (62 prosent av) irane jubla. Aktivistane har mobilisert og folket har talt: Undertrykkande, ekskluderande særreglar skal avskaffast. Og det må kjennest som ein enorm siger å få stadfesta at dei ikkje berre har vunne fram i små elitegrupper (som utgrupper i samfunnet yndar å kalle «homolobbyen»). Det er folkefleirtalet som så tydeleg har sagt meininga si.

Mobben stemte ja

Men eg forundra meg i 2015 over noko eg er eg redd vil forundre meg i år også: At dette ikkje førte til ein diskusjon om kva som er legitim bruk av folkerøystingar. I Australia har nettopp denne debatten vore stor – men utan at det har stoppa folkerøystinga frå å bli gjennomført.

Det er ikkje sjølve avstemminga, men rettane som ligg i grunn for avstemminga, som utgjer demokratiet.

Har vi fått så gode forhold i vestlege land at vi kan la minoritetar sine skjebnar kvile på dei haldningane som til ei kvar tid måtte rå i fleirtalsbefolkninga? Er det blitt heilt stovereint å ta snarvegen forbi det representative demokratiet og spørje folket direkte?

Eg klarar ikkje å la vere å banalisere med ein analogi: Tenk deg at læraren til upopulære Ola i ein sjetteklasse møter klassen slik: «Det blei føreslått at Ola ikkje skal få vere med i norsktimane framover. Vi tek ei handsopprekking, folkens! Jess, då var det avgjort: Du får finne noko anna å gjere på frå 10 til 12, Ola – og så snakkast vi til lunsj!»

Er folkerøystingar demokratiske?

I representative demokrati har vi regelmessige val av representantar. Inniblant har vi folkerøystingar om enkeltsaker. Og det er så alt for lett å gløyme at det ikkje er sjølve avstemminga, men rettane som ligg i grunn for avstemminga, som utgjer demokratiet. Historia er full av døme på skrikande udemokratiske regime som held regelmessige val for å legitimere styret sitt.

Folkerøystingar, der folket røystar direkte over enkeltsaker, kjem i tillegg til dei regulære vala. Dette er blant dei mektigaste politiske våpena som finst, og dei slår ofte ut i uføresette retningar. For kva ville elles vore meininga med å la folket stemme?

Kva så om fleirtalet hadde bestemt at i Australia skal ikkje minoritetsgrupper ha like økonomiske og juridiske rettar som fleirtalsbefolkninga i samlivsspørsmål? Var det i så fall demokratisk?

Er det blitt heilt stovereint å ta snarvegen forbi det representative demokratiet?

Demokrati er mindretalsvern

Dersom eit styresett skal vere demokratisk må det også kunne motstå undergraving av grunnleggande rettar. Eit slikt politisk system må ha konserverande skott mot forsøk på å undergrave rettsstell, den frie og uavhengige pressa, akademia, ytringsfridomen – enkeltmenneske sin rett til relativ likebehandling, uavhengig av kva for grupper dei høyrer til.

Det er svært vonde erfaringar som ligg til grunn for at vi i dag både avgrensar makta både til dei styrande elitane og til folkefleirtalet. Absolutt alle borgarar er avhengige av å bli verna av domstolar, representative system og kontrollerande og maktbalanserande statsmakter.

Den moderne historia i mange vestlege land er slik at det kan vere vanskeleg å hugse på at dette ikkje er naturgjevne lover som er og alltid skal vere. Men desse prinsippa er gjevne av folk, dei er kjempa og lidd for av folk – og folk er både for og imot. Dei vil for alltid vere oppe til forhandling.

Til dømes når fleirtalet i eit land blir spurt om ein minoritet skal få lov til å inngå ekteskap eller ikkje.

Det vil aldri bli legitimt å nekte eit mindretal likebehandling fordi mobben har stemt over saka.

Ei udemokratisk folkerøysting

Korleis skulle ein handtert situasjonen dersom dei jublande 61,2 prosentane av australiarane var dei som ville avgrense minoritetar sine rettar? Var det i så fall eit godt og «demokratisk» utfall?

Svaret på det spørsmålet er heilt uavhengig av kva ein måtte meine om likekjønna ekteskap. Det vil aldri bli legitimt å nekte eit mindretal likebehandling fordi mobben har stemt over saka. Dimed fanst det berre eitt reelt, legitimt (demokratisk) svaralternativ.

Folkerøysting er enkelt og greitt eit farleg våpen som bør brukast svært forsiktig – så godt som aldri. Det er også ein uheldig måte å omgå det langt meir legitime representative demokratiet. Slik våpenet er brukt i desse to vala var det både ubehageleg, risikabelt og må kjennest trugande og splittande for dei gruppene som er utsette.

Folkerøysting er eit farleg våpen som bør brukast svært forsiktig.

I Australia og Irland har ei historisk undertrykt gruppe fått erfare at rettane deira ikkje blir beskytta av institusjonane, men er underlagt mobben si velvilje. Heldigvis er den australske og irske mobben altså forkjemparar for formelt like ekteskapsrettar. Men det burde ikkje vere opp til mobben.

Denne jobben skulle vore tatt av folkevalde representantar og domstolar, som nettopp er der for å forvalte dei grunnleggande rettane våre.

Følg NRK Debatt på Facebook og Twitter