Hopp til innhold
Kronikk

Merkels metode

Kvifor er Angela Merkel favoritt i valet i Tyskland til hausten? Ho tapte jo valet i Italia.

POY/ REUTERS NEWS PICTURES - IMAGES OF THE YEAR 2012

Der grekarar, kypriotar og italienarar ser henne som årsaka til den sosiale nauda, ser tyskarane henne som Europas redningskvinne. Nå ligg Angela Merkel an til å bli Tysklands mektigaste kvinne for tredje gong.

Foto: MICHAELA REHLE / Reuters

Kva er linken mellom valet i Italia i februar, FNs arbeidslivsorganisasjon ILO sitt møte i Oslo førre veke, og valet i Tyskland i september? Jo, dette spørsmålet: er det mogeleg å spare seg til vekst? Eller stilt på ein annan måte: Verkar Merkels metode? Nei, var svaret frå italienarane i vinter.

Korleis skape vekst?

Europas mektigaste kvinne forlanger at livreima må strammast kraftig inn, dersom resten av Europa skal berge dei kriseråka økonomiane i sør. Både Frankrikes president François Hollande og fagforeiningsrepresentantar på ILO-konferansen i Oslo åtvarar mot Merkels metode, og etterlyser ein vekstfremmande politikk.

Virkar Merkels metode? Nei, var svaret frå italienarane i vinter.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Det same gjer karikaturteiknaren i magasinet The Economist: «Fru Merkel, kan vi få starte motorane no?» heiter det i karikaturen. Snakkebobla kjem frå brua på ein supertankar som allereie står på grunn.

For arbeidsløysa stig i eurosona. Ungdomsarbeidsløysa er opp mot – og dels over – 50 prosent langs Middelhavet. Det er tale om ein tapt generasjon søreuropearar. Millionar av unge som har fått livet sett på vent. Dei er utan jobb og utan utsikter til jobb. Faren for sosialt opprør aukar, viser ei undersøking frå ILO-konferansen.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Frykta ute, respektert heime

I Hellas og på Kypros ber dei plakatar av Angela Merkel i naziuniform. Men trass i – eller kanskje på grunn av – frykta for henne ute, er ho altså tyskaranes favoritt eit halvt år før forbundsdagsvalet. Kvifor?

Noko av svaret ligg i tal som blei presentert på ILO-møtet i Oslo. For mens middelhavslanda har Europas høgaste ungdomsarbeidsløyse, har Tyskland den lågaste. Faktisk ligg tyskarane betre an enn vertslandet for konferansen, Norge. Dei tyske veljarane meiner Angela Merkel klarar det politikarane i sør ikkje klarte: å halde orden i eige hus.

Europas mektigaste kvinne forlangar at livreima må strammast kraftig inn.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Der grekarar, kypriotar og italienarar ser henne som årsaka til den sosiale nauda, ser tyskarane henne som Europas redningskvinne. Prestedottera frå DDR blir truleg kanslar for tredje gong, og veks fram som ein av dei største politikarane Forbundsrepublikken har fostra.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Merkel bestemmer

I dag har Merkel den avgjerande stemma når den europeiske politikken skal utformast. Også fordi tyskarane plukkar opp nær ein tredel av rekninga for krisepakkene som blir vedteke i Brussel. Utgiftene blir nemleg fordelt mellom europearane etter økonomisk styrke.

Men det betyr også at tyskarar flest likar at Merkel er hard i klypa overfor søreuropearar som har levd over evne. For bildet som blir teikna i tysk media av krisa – mykje med rette – er at den er skapt av uansvarlege søreuropeiske politikarar som har brukt meir enn dei har. At tyske bankar har vore meir enn villige til å vere med på å lånefinansiere overforbruket, legg tyske veljarar mindre vekt på.

Det er tale om ein tapt generasjon søreuropearar. Millionar av unge som har fått livet sett på vent.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Derfor har Angela Merkel støtte i Tyskland for si line. Og derfor blir det neppe noko større lineskift, i alle fall ikkje på denne sida av det tyske forbundsdagsvalet i september.

I månadene som kjem skal Merkels metode først og fremst sikre henne fire nye år i kanslerkontora i Berlin.