Hopp til innhold
Kronikk

Meir europeisk enn Europa

Den europeiske velferdsstaten kjem til å overleva i Australia, ikkje i Europa.

Sydney operahus

«Noreg er eit ekstremt unnatak i verda, og verda verte ikkje noko betre av at vi vel å ignorera kva som er best for oss. Australia viser at ein nasjonal politikk er mogleg», skriv Jon Hustad i denne kronikken.

Foto: Rene Kisselbach (CC BY-NC-ND 2.0)

Sydney, Australia

Det er tysdag klokka elleve om føremiddagen, vi køyrer inn i eit kryss ved Sydney Opera, og vi køyrer feil. Eg veit det i det eg oppdagar at vi er på galen side: no kjem sirena. Og ho kjem.

Eg legg hovudet i hendene mine. Ikkje spør meg kvifor, men eg har vore utsett for politi i USA, i Italia, i Egypt og i Hellas, politi gjer meg nervøs. Sirena hyler, vi stoggar og vindauget går ned.

– Prøver de å laga ei ulukke, spør politimannen på sykkel og flirer.
– Eh … vi er turistar …

Så spør han kvar vi skal, vi svarar at vi skal ned i parkeringshuset til operaen. Han stoggar all trafikk, og så viser han oss vegen ned i parkeringshuset medan han ler og kosar seg. Vel oppe ved operaen går vi rett inn i stor folkemengd, samla framfor ei scene. Nokre minutt etter kjem dei som skal feirast. Det er det australske cricket-landslaget, dei mest populære idrettsutøvarane i landet. I jula har dei knekt England i fem kampar på rad. Dei snakkar til folket, for så å gå ut i folkemengda for å prata med tilhengjarane. Eg ser etter politi, eg ser ingen, absolutt ingen.

Etterpå går vi rundt i dei folkerike gatene, ingen tiggarar, inga sosial naud, alt er reint og alt er halde ved like. Vi hoppar på og av bussen, som er gratis. Folk snakkar med oss, vi ler av vitsane deira og har det godt.

Ein verkeleg nasjon

Eg har reist mykje i mi tid, eg har butt i andre land, eg har arbeidt i andre land, men aldri har eg vore i eit meir venleg, betre vedlikehalde og meir avslappa land enn Australia. Kvifor er det slik? Min konklusjon er at det er så godt å vera her av di Australia ser på seg sjølv som ein verkeleg nasjon, ein verkeleg stat med alt det inneber. Dei har teke ansvaret for sin eigen lagnad.

Ingen tiggarar, inga sosial naud, alt er reint og alt er halde ved like.

Jon Hustad, forfattar av «Farvel, Norge»

Og ja, Australia er eit sterkt nasjonalistisk land. 26. januar er det Australia Day. Dei feirar at den fyrste fangekolonien med den fyrste guvernøren kom til Australia den datoen i 1788. (Nei, dei aller, aller fleste i Australia er ikkje etterkomarar av fangar, det var berre 160.000 gjennom knapt 80 år som vart sendt dit, og dei vart i hovudsak godt handsama og vart nyttige borgarar.) På radioen går reklamane for dagen jamt, ei rekkje kjendisar og politikarar inkludert statsministeren og leiaren for opposisjonen les opp appellar: Vi vil at du skal tenkja over kva det er som gjer Australia stort, «why you really love your own country!»

Lat oss vera ærlege: Ein slik bodskap frå norske politikarar frå alle parti eller norske kjendisar av ulike sjatteringar, hadde kalla på kaldfliren her heime. Sjølv hadde eg berre rista på hovudet. Og, har eg mistanke om, den same kaldfliren hadde vore norma i dei fleste vesteuropeiske land. Særleg hadde hovudristinga vore stor om EU hadde køyrt ein liknande kampanje, naturleg nok sett i lys av at sju av ti veljarar i EU no meiner dei felles europeiske politikarane gjer ein elendig jobb for dei som dei er satt til å representera.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Menneskerettar og levekår

Frå ein liberal europeisk ståstad kan Australia trass i den avslappa stemninga verka som eit kaldt og kynisk land, som eit land som er seg sjølv nok. Jau då, Australia har engelsk common law, altså seier dei at menneskerettane er dei same som i Storbritannia og at kvar sak skal vurderast på individuelt grunnlag, dei har og forplikta seg på FNs menneskerettar.

Så er då også FN svært nøgde med Australia. Berre eitt land skårar konsekvent høgre enn Australia på FNs levekårsindeks: Noreg. Og FN, trass i nokre kritiske merknader no og då, seier i tillegg at landet ligg heilt i verdstoppen når det gjeld menneskerettar.

Australia ser på seg sjølv som ein verkeleg nasjon, ein verkeleg stat med alt det inneber.

Jon Hustad, forfattar av «Farvel, Norge»

Men: Australia svarar i praksis berre andsynes seg sjølv. FN har ingen reell makt, dei har ingen endeleg domstol. FNs menneskerettsfråsegn og flyktningkonvensjonar vert tolka av det australske rettsapparatet. Australia er heller ikkje medlem av eit system som det europeiske, det finst ikkje noko som Den europeiske menneskerettsfråsegna (EMK) eller Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Noko sånt er heller ikkje aktuelt.

Det får konsekvensar, til dels store konsekvensar. Medan eg har vore i Australia, har det vore to store debatt-tema: innvandring/islam og skulepensumet. Den nyvalde liberale – eigentleg konservative – regjeringa meiner at den førre Arbeidarparti-regjeringa har lagt altfor sterk vekt på skapa dårleg samvit i borna. Som statsminister Tony Abbot seier det:

Vi er ein del av Vesten, som har skapt det som er godt i verda. Her i Australia har vi på basis av vestlege verdiar, skapt verdas beste samfunn. Det skal vi ikkje ha dårleg samvit for. Det skal vi vera stolte over. Og det må elevane verta klåre over.

Indonesia på armlengds avstand

For min eigen del kan eg berre konstatera at dei unge eg har møtt her nede, verkar å vera fullt ut klår over det. Men eg har likevel ein viss sympati med utsegna, for landet er ikkje utan trugsmål. Og trugsmålet australiarar flest og tryggingsapparatet spesielt er svært opptekne av, er Indonesia, som er eit av verdas mest folkerike land, som har flest muslimar og som kanskje er ei av verdas komande økonomiske stormakter. Australiarar flest og med dei politikarane vil enkelt og greitt halda folk frå det landet på armlengds avstand og nekta Indonesia påverknad i Australia.

Det er ikkje lett. Indonesia ligg berre nokre mil frå Australia og har med sine 250 millionar innbyggjarar ti gonger så mange menneske. Dessutan er det bygd på heilt andre verdiar enn dei vestlege som Abbott og mange andre held fram. Litt vel enkelt sagt: For mange australiarar er Indonesia det Sovjetunionen var for nordmenn flest under den kalde krigen: Fienden og eit døme på kvar vi ikkje skulle.

Australia har teke ansvaret for sin eigen lagnad.

Jon Hustad, forfattar av «Farvel, Norge»

Haldninga til Indonesia har fleire implikasjonar. Den fyrste er at Australia ikkje ynskjer lågkvalifiserte innvandrarar frå landet spesielt, og – for å seia det rett ut – særleg mange muslimar generelt. Som Abbot svara då ei eldre kvinne sa til han at ho ikkje ville at islam skulle få makt i Australia:

Eg forstår kva du seier, og som eg har sagt før: Det verkeleg viktige er å gjera grensene trygge og på den måten vil folk verta lukkelegare i forvissinga om at dei rette folka kjem til landet vårt.

Eg har aldri opplevd så mykje snakk om islam mellom vanlege folk og politikarar og i avisene som i Australia. Og det er angsten som dominerer. Retorikken er rett nok ulik mellom Dei liberale og Arbeidarpartiet, men politikken er lik.

Det var den førre statsministeren, Kevin Rudd frå Arbeidarpartiet, som godkjende at både telefonen til den indonesiske presidenten, Susilo Bambang Yudhoyono og telefonen til kona hans skulle avlyttast, og korkje Abbott eller Rudd var viljuge til å be om orsaking for dette.

Krig med menneskesmuglarane

Og dei har båe lova å stogga alle freistnader på smugling av innvandrarar via båt. Som både Rudd og Abbott sa under valkampen i fjor med heilt likelydande ord: «Ingen innvandrar skal koma til Australia via båt». Båe meiner det at det internasjonale asylregimet har brote saman. Politikken har lukkast. Medan eg har vore i Australia har det ikkje kome ein einaste båtflyktning til landet.

Kvifor ikkje? Vel, det veit vi ikkje sikkert, sidan Abbot seier at «Australia er i ein lågintensiv krig med menneskesmuglarane, og i ein krig fortel ein ikkje om strategien.» Men det som openbert går føre seg, er at den australske marinen som patruljerer og overvaka havområde mellom Australia og Indonesia konstant, enkelt og greitt sender alle båtar attende, noko utsegner frå båtflyktningar i Indonesia vitnar om.

Australia vel å taka ansvaret for eigen innvandringspolitikk, det er dei og berre dei som har ansvaret.

Jon Hustad, forfattar av «Farvel, Norge»

Kritikken mot denne politikken frå Arbeidarpartiet er ikkje at den går føre seg, men at den er løynd. Men ingen frå Arbeidarpartiet har kritisert Abbot for å seia at «Australia har enkelt og greitt ikkje råd til å taka mot desse menneska om vi skal halda på vårt velferdssystem» – naturleg nok sidan det berre er eitt år sidan at Rudd sa at : «Ein kvar asylsøkar skal vita at om han kjem med båt til Australia, så har han ingen sjanse for å få opphald som flyktning i Australia.»

Statistikken er slåande. Trass i at Australia er nabo det landet i verda som har flest muslimar, og eit land med langt lægre levestandard, så er berre vel 2 prosent av folkesetnaden muslimar, viser den siste folketeljinga, og langt dei færrast har indonesisk bakgrunn. Bak ein slik statistikk ligg det sjølvsagt ein medviten politikk.

Flyktningkvote

Australia har enkelt og greitt sett ein kvote for kor mange flyktningar dei vil ha. Talet er på om lag 10 prosent av nettoinnvandringa til landet per år. Dei aksepterer asylsøknader frå utlandet via FN-systemet og visumsøknader, og dei tek i mot kvoteflyktningar. I 2012 var talet 13.000 av ei samla innvandring på vel 130.000. Det er som om Noreg skulle ha teke mot 2.500 kvoteflyktningar og asylantar, i staden tek vi mot om lag 10.000.

Kva gjer så Australia med dei asylsøkjarane som kjem til landet? Dei set alle i interneringsleiarar eller «lukka mottak», som det vert kalla i Noreg, og desse ligg på stillehavsøyar, i hovudsak på Papua Ny-Guinea, eit land dei betaler for dette. Kva meiner vi om slike mottak i Noreg? «Det ville ikke løse problemene», som VG skriv på kommentarplass.

Eg kjenner meg heime politisk.

Jon Hustad, forfattar av «Farvel, Norge»

Men faktum er at det løyser problema i Australia, og det utan at landet møter noko form for sanksjonar frå omverda. Australia vel å taka ansvaret for eigen innvandringspolitikk, det er dei og berre dei som har ansvaret.

Generelt er Australia eit av verdas mest liberale innvandringsland, ingen vestlege land har gått gjennom ein så stor folketalsauke som Australia etter krigen, ei firedobling, og over ein fjerdedel av alle innbyggjarar som bur i Australia, er fødde i utlandet, som er høgst i verda. Alle kan i utgangspunktet søkja om å få koma til Australia, men då må ein gå gjennom ei kvalifiseringsrunde og syna at dei har formelle og reelle kunnskap som Australia meiner dei har bruk for.

Dette er vel hovudgrunnen til at eg liker meg så godt her nede. Eg kjenner meg heime politisk. Den politikken som visstnok er umogleg i Noreg og for den del i heile EU, er norma i Australia.

Ein utopisk tanke

Kva meiner så folk i Australia om Europa? I grunnen nokså lite. Det som vert skrive i avisene eller sagt til meg av folk her nede, handlar om Europas problem med demografi, velferdsstat, aldring og import av ufaglærte med eit anna verdisyn enn det vestlege. Den angsten som vi har så store vanskar med å setja ord på her heime, både i Noreg og i EU, er daglegdags tale her nede.

Noreg bør innsjå at vi ikkje er store nok til å halda oss med ein heilt annan flyktning- og asylpolitikk enn stort sett alle statar i verda.

Jon Hustad, forfattar av «Farvel, Norge»

Og det underlege er kor brei semje det er om den australske innvandringsmodellen. I eit forsvar for den store immigrasjonen til Australia, skriv Ross Gaurnat, Australias mest kjende økonom og ein kjend støttespelar for Arbeidarpartiet, i boka Dog Days at grunnen til at Australia er så egalitært og så godt å leva i, er at landet i motsetnad til USA stort sett ikkje tek mot ufaglærte som konkurrer ut arbeidarklassa, og at det gjer landet sterkare og meir innovativt.

Det er kanskje ein utopisk tanke, men tenk om vi i Noreg kunne ha ført eit liknande politikk, at vi i hovudsak tok vår bør gjennom FN-systemet, oppretta asylleiarar i den tredje verda og nekta menneskesmuglarane profitten, og det var det?

Nasjonale interesser

For kva er rimeleg med dagens asylsystem der Sverige og Noreg tek ei enormt mykje større bør enn alle andre vestlege land, og der berre eit lite mindretal av EU-statane fylgjer FNs tilrådingar og der dei fleste statane som har skrive under på EMK berre ser på EMD som rådgjevande og ignorer domane derifrå når det passar seg? Sanninga er at det ikkje finst eit reelt internasjonalt asylsystem. Dei aller, aller fleste gjer det dei meiner tener eigne nasjonale interesser best.

Vi er no verdas fremste innvandringsland, systemet vårt er ikkje laga for dette.

Jon Hustad, forfattar av «Farvel, Norge»

Noreg er eit ekstremt unnatak i verda, og verda verte ikkje noko betre av at vi vel å ignorera kva som er best for oss. Australia viser at ein nasjonal politikk er mogleg, og landet er kanskje det landet i verda med dei beste levekåra og har tvillaust eit svært robust demokratisk system, og gjennom ein politikk tufta på nasjonale interesser og berekraft verkar dei stabliserande på regionen.

Noreg, staten og innbyggjarane bør innsjå at vi ikkje er stort nok eller sterkt nok som land til å halda oss med ein heilt annan flyktning- og asylpolitikk enn stort sett alle statar i verda. Vi er no verdas fremste innvandringsland, systemet vårt er ikkje laga for dette.

Men det store paradokset for meg er at Australia er så oppteken av å understreka sin europeiske arv og sitt vestlege opphav samstundes som dei fører ein heilt annan politikk enn kva vi gjer i Europa. Ein ting er eg sikker på, trass i dei låge skattane, trass i den konservative politikken og det nasjonalistiske retorikken: Velferdsstaten vil leva lenger i Australia enn i EU og i Noreg.

Les også svaret fra Tony Burner, Felicity Farmer, Kali Goldstone og Audrey Osler: «Villedende om Australia».