Hopp til innhold
Kronikk

Kutter i tilbodet til dei svakaste

Eg er oppriktig uroa for borna. Dei som no står i fare for å få eit dårlegare omsorgstilbod enn dei treng og fortener.

Gutter

Einslege mindreårige flyktningar har frivillig eller ufrivillig reist frå foreldra sine. Alle har vore på flukt i månader eller år, 10-15-åringar utan foreldre, pengar eller rettar. Prisgitt smuglarar og tilfeldige møte, skriv barnevernspedagog Reidar Haug.

Foto: Illustrasjon: Colourbox.com/Marie Docher / AltoPress/Maxppp

Eg arbeider med einslege mindreårige flyktningar og eg er stolt av jobben min. Utfordringa er at eg ikkje kan snakke for mykje om den. Jobben min er eit overskotsfenomen i ei tid utan overskot. Når kommuneøkonomien skrantar og statlege tilskotsordningar blir reduserte er ikkje flyktningar god butikk.

Ikkje rett lik til vern

Einslege mindreårige flyktningar er ikkje ei svak eller sjuk gruppe. Det er ei utsett gruppe. Mange har opplevd krigstraume. Alle har frivillig eller ufrivillig reist frå foreldra sine. Alle har vore på flukt i månader eller år, 10-15-åringar utan foreldre, pengar eller rettar. Prisgitt smuglarar og tilfeldige møte.

Kva har dei opplevd og kva er konsekvensen av erfaringane? Det er berre fantasien som set grenser for uhygga i svaret. Resultatet ser vi i form av traume, risikofaktorar for sjukdom og dårleg fungering. Vi ser òg at det hjelp å ha sterke faglege tiltak, som kan fokusere på ressursane i borna og bidra til vekst, ikkje sjukdom.

Denne gruppa har ikkje lik rett til vern og omsorg som «våre eigne born». Dei krev for store ressursar, dei tek for mykje tid.

Reidar Haug, barnevernpedagog

Trass i denne kunnskapen er det som om at denne gruppa ikkje har lik rett til vern og omsorg som «våre eigne born». Dei krev for store ressursar, dei tek for mykje tid. Einslege flyktningar over 15 år er ikkje lagt under det statlege barnevernet, slik våre born er. Det er opp til kommunane sjølve å definere kva som er eit godt nok omsorgstilbod.

Treng tryggleik

Dei einslege mindreårige flyktningane treng vaksne rundt seg, omsorg, tryggleik og hjelp til kvalifisering til eit liv i Noreg. I 2010 oppfordra Integrerings- og mangfoldsdirektoratet norske kommunar om å opprette tiltak som kunne busette og vareta desse ungdomane, grunna rekordhøgt tal på einslege mindreårige flyktningar i mottak med alt for lang butid.

Vi veit mykje om kva lang butid i mottak har å seie for desse borna. Utryggleik, retraumatisering, søvnproblem, ytterlegare relasjonsproblem.

Kommune-Noreg gjorde som staten sa. Kommunane bygde bufellesskap, tilsette kvalifisert personale, og innhenta kunnskap. Dei mobiliserte store system for desse borna. Dei aller fleste bygde tiltak som om det skulle vore underlagt det statlege barnevernet. Slike tiltak kostar.

Løner seg å prioritere vaksne

Tiltaka er finansiert gjennom ei statleg refusjonsordning. Kommunane betaler ein eigendel per born per månad. Ut over dette får ein dekt driftskostnader ut frå kriteria definert av Bufetat. I tillegg får kommunane integreringstilskot per flyktning i 5 år,
dei genererer òg eit eiga tilskot.

Det løner seg for ein kommune å busette «ordinære» vaksne flyktningar. Dei genererer større inntekter og kostar mindre enn dei dyre einslege mindreårige.

Reidar Haug, barnevernpedagog

Dette er midlar som ikkje er øyremerka og går i kommunekassa for å dekke utgifter på tenester som skule, helse med meir for flyktninggruppa. På same tid bidreg midlane til asfaltering og bygging av brannstasjonar. Kommunane hadde gode insentiv for å ta sin del av arbeidet.

Vår førre regjering foreslo i årets budsjett å kutte refusjonen med 10 prosent. Det vil seie at uansett innsparing vil kommunen få 10 prosent i ekstra utgifter på tiltaka. Vår noverande regjering la inn et ytterlegare kutt på refusjonen til 20 prosent.

Rett nok aukar dei integreringstilskotet til kommunane, men dette er ikkje øyremerka. Det vil seie at det løner seg for ein kommune å busette «ordinære» vaksne flyktningar. Dei genererer større inntekter og kostar mindre enn dei dyre einslege mindreårige. Det kostar å drive kommunar. Det må vere freistande å bruke pengane til å tette hol i budsjetta.

Krigen tek ikkje slutt

Eg forstår godt at norske rådmenn og politikarar ikkje kan stå for auka utgifter i ei tid då ein kuttar i alle endar, for enkelte kommunar er det snakk om å få auka utgifter med hundretusenvis til millionar av kroner. Resultatet kan vere at fleire kommunar vel ikkje å busette einslege mindreårige flyktningar.

Det er ingenting i tida som seier at det snart er slutt på krig og konflikt. Talet på born med behov for vern og omsorg vil med stort sannsyn igjen toppe seg. Kanskje må staten igjen ut og oppfordre kommunane til å busette som i 2010. Det kostar mykje å byggen ned for å bygge opp.

Der er potensial for å spare inn og effektivisere arbeidet, men det må vere betre modellar enn denne. Modellar som gjer at tiltaka held fram, kommunane ikkje har høgare utgifter og nivået på refusjonen går ned? Kva med døgnpris per born? Så er det opp til kommunen å lage best mulig tiltak ut frå dei øyremerkte midla som er tilgjengeleg.

Uroa for borna

Ikkje la desse borna bli med i kampen om dei kommunale ressursane. Den vil dei tape.

Desse borna må få muligheit til å ta utdanning, arbeide, gå på dugnad, betale skatt. På denne måte kan dei bidra til å vareta norsk kultur og norske verdiar. Nokon av dei kan kanskje vende tilbake for å bygge landet sitt slik mange Nordmenn gjorde i 1945.

Reidar Haug, barnevernpedagog

Min motivasjon er ikkje å få behalde jobben min. Eg kjem ikkje til å bli arbeidsledig. Der er nok utfordringar i Noreg og verda til at eg har arbeid for resten av mitt yrkesaktive liv.

Eg er oppriktig uroa for borna. Dei som no står i fare for å få eit dårlegare omsorgstilbod enn dei treng og fortener. Eg er uroa for det norske samfunnet om vi ikkje ser at det løner seg, ikkje berre for det enkelte born, men og at det løner seg samfunnsøkonomisk å sette inn gode sterke tiltak tidleg, tiltak som bidreg til sjølvstende på sikt.

Desse borna må få muligheit til å ta utdanning, arbeide, gå på dugnad, betale skatt. På denne måte kan dei bidra til å vareta norsk kultur og norske verdiar. Nokon av dei kan kanskje vende tilbake for å bygge landet sitt slik mange Nordmenn gjorde i 1945. Då snakkar vi førebygging, det er vel verdt det. Reint økonomisk?