Hopp til innhold
Kronikk

Kjære politikar

Kor i helsike er det vorten av dei pengane me investerte i folketrygd, pensjonar og slikt gjennom eit liv?

Jahn Grønås

Politikar, det er faktisk eg som fôrar deg med skatten på pensjonen min! Er det for mykje å be om litt tilbake?, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Privat

Kjære helseminister, helsebyråkrat, eldreminister,

eller kva i all verda du kallar deg etter siste regjeringsendring

– akkurat det kan du ha for deg sjølve.

Eg er pensjonist og har nokre småting å preika med deg om.

Eg leiger kommunal bustad. Inkludert straum kostar det meg rundt 7000 i månaden. I tillegg til dette kjem heimehjelp kvar 14. dag. Og eg skal innrømma at eg uner meg slik luksus som Internett og telefon. Når eg har betalt for dette, har eg lite og ingenting att.

Sjølv om alle innkjøp går gjennom halvprisdisken på Kiwi.

Her i huset går det ikkje på kva ein treng, men kva som finst i nemnde disk!

Eg har fått innkalling til hjarteundersøking den 13. Det må eg sei nei takk til, for eg har ikkje råd til eigenandel, verken på undersøkinga eller taxi til Haugesund. Brillene mine er fem år gamle – eg skulle eigentleg hatt nye.

Eg fekk trekt alle tenna øvst i munnen for fire år sidan, for eg skulle få nye. Men Nav har enno ikkje funne ut av det, så ... Eg lengtar etter knekkebrød og frukt!

Her i huset går det ikkje på kva ein treng, men kva som finnes i halvprisdisken på Kiwi!

Reisa nokon stad?

Her eg bur, går bussen slik om lag «kvar 14. dag, midt i veka». Bil har eg sjølvsagd ikkje råd til.

Eg er såpass «pjusk» at eg har fått ein slik el-skuter frå Hjelpemiddelsentralen. Toppfart 10–12 km/t og rekkevidde på 20–25 km. På ein soldag med unnabakke og medvind.

Eg har det slik at eg ikkje har slekt i nærleiken, berre nokre slike «perifere» vener. Så ungar, barneborn, sysken og slike ser ein på bilete på Facebook.

Eg har gått «Livets harde skule», som det heiter på Facebook.

Eg er vel eigentleg ikkje ute etter å klaga – me gamle er vane med litt av kvart – men kor i helsike er det vorten av dei pengane me investerte i folketrygd, pensjonar og slikt gjennom eit liv? Eg ser dei i alle høve ikkje.

Eg har jobba som fotojournalist for norsk presse, og i mange år var eg kokk og kjøkensjef. Eg har ein master i nordisk språkhistorie. Eg har gått «Livets harde skule», som det heiter på Facebook. Eg har ikkje hatt mogelegheita til å leggje meg opp ekstrapensjonar, slik det ofte vert gjort, fordi eg har vore ute av yrkeslivet ei periode.

Eg fekk trekt alle tenna øvst i munnen for fire år sidan, for eg skulle få nye. Men NAV har enno ikkje funne ut av det.

Men kos deg du, helseminister, pensjonsminister, eldreminister, statssekretær eller medlem av ein eller annan stortingskomite. Min «løn» er berre bittelitt av det du har i månaden, og denne veka fekk politikarane bevilga enda høgare løn frå Stortinget.

Men det er faktisk eg som fôrar deg med skatten på pensjonen min! Er det for mykje å be om litt tilbake?

Det er faktisk EG som fôrar deg med skatten på pensjonen min!

Eg kunne avslutta med «kvi deg til den dagen du vert pensjonist».

Men det vert jo berre tull. Du er jo dekka av alle desse ekstrapensjonane både privat og på andre måtar som min generasjon ikkje hadde mogelegheitar for. Men kan hende du kunne gje oss som ikkje har så mykje 1.000 i månaden? Det hadde hjelpt det, i tillegg til det me har i dag.

Men kos deg med løna di, fritida di, innkjøpa dine der du vil og eit flott liv på alle måtar. Du kan jo tenkja litt over kor heldig du er, kan hende?

Og me gamle vågar ikkje å få fleire uvener en dei me alt har innan styre og stell, så:

Klem frå Jahn!

Red. anm.: Vi har endret begrepet minstepensjonist til pensjonist i tekst og tittel.