Hopp til innhold
Kronikk

Hipsteren er død. Leve normcore!

Normcoren har inga tru på individualismen.

Crocs-Investment

I Norge har det eksistert et skarpt skille mellom de med allværsjakke, ryggsekk og crocs, og bloggeren med en mer og mer legitim moteinteresse. At disse ytterpunktene nå nærmer seg estetisk, er noe av det som gjør «normcoren» så interessant, skriver kronikkforfatteren.

Foto: Damian Dovarganes / Ap

Siw-Anita smiler stivt i eit hjørne medan ein høghælt moteekspert grafsar i garderoben hennar. Plagg etter plagg blir hetsa på det grovaste. Dei er altfor praktiske, sekkeaktige og var sikkert kule ein gong på slutten av nittitalet, og dei, Siw-Anita, må ut. – Du må vita at du kommuniserer noko med kleda dine. Nå seier du at du ikkje har smak. Du er så vanleg, Siw-Anita. Du kan kanskje bli fin viss du kastar fleecegenseren, joggeskorne, Bergans-sekken og alle 501-buksene dine. Først då vil du sjå kor unik du er. Nobody puts Siw-Anita in a corner!

LES OGSÅ: Er vi egentlig moteslaver?

I eitt med Bohus-tapetet

Men moteeksperten er for seint ute. Noko har skjedd. Delar av moteverda ser nemleg ut som eit konferansehotell frå nittitalet. Ein lett eim av Dressmann-reklame ligg over lokala. Sjølv har Siw-Anita nettopp hatt eit kjenslevart møte med svana i spegelen.

Normcore er ein etterlengta reaksjon på det provoserande, «autentiske» hipsterhelvetet som den vestlege verda har slite med dei siste åra.

Hanna Maria van Zijp

Ho har endeleg blitt den beste versjonen av seg sjølv. Så løftar ho blikket. Her er jo så underleg? Dei mest trendige har på seg klede som ikkje seier nokon ting om kven dei er. Dei går i eitt med tapetet frå Bohus. Fleire ser ut som Siv Jensen på påskeferie. Nokon har tatt flanellskjorta til Dr. Tobias Fünke i Netflix-serien «Arrested Development». Andre kunne ha blitt programleiar i «Midt i smørøyet». Media har følgt fenomenet lenge. AnOther Magazine skriv om «badeskorevolusjonen». The Guardian ønskjer lukke til med å skilja turistar og styilistar. Franske Vogue applauderer det vanlege. Kva har skjedd?

HØR OGSÅ: Kronikkforfatteren deltar i Salongen

Reaksjon på hipsterhelvetet

Normcore er ein etterlengta reaksjon på det provoserande, «autentiske» hipsterhelvetet som den vestlege verda har slite med dei siste åra. Hipsteren sin gullkalv var ironien. Den fæle barten, trailercapsen, distansen. Alle med handlenett med logo frå OL i Sarajevo, engasjementet for tsjekkiske ølsortar som smakar hund, musikk med lekekeyboard som berande instrument. Men kjenneteikna viste seg å vera for lette å kopiera, skriv Ib Kjeldsmark i den danske avisa Information. Plutseleg krelte det av identisk ironi. «Det er vel netop derfor, hipsterbevægelsens slagord blev: Jeg er ikke hipster,» skriv Kjeldsmark.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Delar av moteverda ser nemleg ut som eit konferansehotell frå nittitalet.

Hanna Maria van Zijp

Uttrykket normcore kjem frå det New York-baserte trendbyrået K-Hole sin publikasjon «YOUTH». Dei fem tilsette, som har laga det førti sider lange dokumentet med kjempestor skrift, har treft ein spikar i samfunnet. Hipsteren har adoptert den hierarkiske oppfatninga av smak som Pierre Bourdieu skildrar. Tsjekkisk øl kunne jo ikkje konkurrerast med. Normcoren handlar om kunsten å omfamna sosiale og kulturelle situasjonar utan den ironiske distansen som bourdieusk haldning til smak krevjer. Normcoren fornektar individualismen som eit frigjerande prosjekt. Normcore er å tilpassa seg, endra seg, noko som gir tilhøyrsle i fellesskapet. «It finds liberation in being nothing special,» skriv K-Hole. Ifølgje byrået er smaksvala våre blitt mellombelse. Vala avhengjer av situasjonen og er dessutan berre eit uttrykk for at mennesket gjer inkonsekvente val. Og det er nettopp det som gjer livet mykje rikare.

LES OGSÅ: Sprikende kvalitet på Oslo Fashion Week

Funksjonen trumfar alt

Internettkulturen har omfamna normcoren som eit reint moteomgrep. For moten, som generelt baserer seg på distinksjon, minnar nå om Sparkjøp-katalogen. Konseptet bryt systemet som moten tradisjonelt baserer seg på. I 1899 noterte sosiolog Thorstein Veblen seg to ting ved gatemoten. Det eine var at folk sine forbruksstrategiar uttrykte både velstand og kulturell kunnskap, noko Veblen kallar conspicuous consumption. Posisjonen skulle flæsjast gjennom trendar. Dei verkeleg store klasseforskjellane viste seg på kvinnene, som blei eit utstillingsvindauge for formua. Det andre Veblen la merke til, var at desse trendane byrja øvst og klatra ned samfunnslaga, ein såkalla trickle-down effect. Då moten byrja å dryppa ned mot botnen, bevegde overklassen seg vidare mot neste må-ha. I dagens motebilete finst framleis dei same mekanismane, sjølv om trendane beveger seg i ulike retningar.

At ytterpunkta nå nærmar seg estetisk, er noko av det som gjer normcoren så interessant.

Hanna Maria van Zijp

I antimoten, på si side, trumfar funksjonen alt. I Noreg blir allvêrsjakka, ryggsekken og crocs brukt av folk som påstår at dei ikkje bryr seg om mote, men likar turar i skog og mark. Denne rasen finst over heile landet. Dei dyrkar komforten og trivst med det. I Noreg har det eksistert eit skarpt skilje mellom bloggaren med ei meir og meir legitim moteinteresse, og førsteamanuensen ved NTNU som berre vil sykla til jobb. At desse ytterpunkta nå nærmar seg estetisk, er noko av det som gjer normcoren så interessant.

I normcoren herskar kleda som ikkje vekkjer kjensler. Der vil ingen flæsja kor autentiske dei er. Minnar ikkje stilen svakt om før-biletet når vårt tenkte døme Siw-Anita skal bli ny? Normcoren treng ikkje Trinny & Susannah, fordi nettet har uansett øydelagt sjansane for å vera unik. Individualismen er kanskje ikkje død. Likevel viser kanskje normcorens ambisjonar at det er muleg å løfta blikket frå eige handlenett og utover mot verda.