NRK Meny
Kronikk

Handlekraftig eller handlingslamma?

Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget må avlyse møtet sitt i dag. Vi har ikkje ei einaste sak å diskutere. I prinsippet kan komiteen berre ta seg fri til påske, fordi regjeringa leverer så få saker til Stortinget.

erna solberg

Regjeringa handlar ikkje, og komiteane vert sitjande arbeidslause, skriv kronikkforfattaren. Her er statsminister Erna Solberg fotografert under Stortingets spørjetime onsdag i førre veke.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Situasjonen er den same i andre komitear. Hadde det ikkje vore for opposisjonen sine representantforslag, interpellasjonar og spørjetimespørsmål hadde det vore frykteleg lite å gjere på Stortinget. Nokre saker sirkulerer nok i departementa og er på veg, men alt tyder på at det blir stille og fredeleg også framover. Solberg-regjeringa leverer berre 45 saker til oss på Løvebakken denne våren. Det er veldig lite. Berre 40 prosent av det Stoltenberg leverte sin første vårsesjon.

For ei regjering som marknadsfører seg sjølv som ei handlekraft-regjering må dette vere pinleg. Om regjeringspartia er feige eller late er eit spørsmål som blir hengande i lufta. Særleg handlekraftig er det i alle tilfelle ikkje.

God dag utan høgrepolitikk, men …

Det kan verke litt merkeleg at Arbeidarpartiet klagar på dette. Kvar dag som går utan at landet får meir høgrepolitikk er for oss ein god dag. Slik sett er det bra at regjeringa gjer arbeids- og sosialkomiteen arbeidslaus. Vi ønskjer ikkje dei svekkingane av arbeidsfolk sine rettar som regjeringa har varsla. Vi har ikkje noko til overs for høgresida sin arbeidspolitikk, og det skil oss frå Venstre. I førre spørjetime utfordra dei statsministeren på manglande handlekraft i arbeidslivspolitikken. Sjølv om vi er usamde i det meste dei etterlyser, er det interessant at også samarbeidspartia på Stortinget er kritiske.

Hovmod står for fall, og statsminister Solberg ser førebels ut til ikkje å greie å levere.

Fredric Holen Bjørdal

Samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia Høgre og Frp og støttepartia inneheld mykje politikk. Samanlikna med alle lovnadane dei kom med i valkampen er avtalen relativt beskjeden, men det er likevel mykje her dei kan setje i gang med. Erna Solberg var svært tydeleg før valet på at hennar regjering skulle vere ei handlekraftig regjering, og kritiserte Stoltenberg-regjeringa for å vere det motsette. Hovmod står for fall, og statsminister Solberg ser førebels ut til ikkje å greie å levere.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ikkje mykje handlekraft

Noko har dei rett nok gjort. Regjeringa trakk tilbake vår stortingsmelding «Flere i arbeid». Dei stramma inn på permitteringsreglane i ei tid der mykje tyder på at vi går mot ei auke i arbeidsløysa. Dei har kutta i barnehagane og gjort barnehagen dyrare for foreldra. Og så har dei auka kontantstøtta, ei ordning som oppmodar folk til å halde seg heime framfor å gå på arbeid. Ikkje mykje handlekraft å skryte av her. Det vesle som er gjort til no har ikkje gjort arbeidslivet noko godt. Heller tvert imot.

Det spørs om dei ikkje hadde kome betre ut med å trekkje heile framlegget om reservasjonsretten.

Fredric Holen Bjørdal

Den beste dømet på handlekraft vi har sett så langt, er framlegget om reservasjonsrett. KrF sin kjepphest i regjeringsforhandlingane. Inga sak har skapt meir furore i Noreg det siste halvåret, likevel køyrer regjeringa på og sender framlegget ut på høyring. Samtidig går dei langt i å seie at reservasjonsretten i alle tilfelle skal innførast. Det er ikkje mi oppgåve å gje strategiråd til regjeringa, men det spørst om dei ikkje hadde kome betre ut med å trekkje heile framlegget. Og dermed legge bort handlekraftsmantraet sitt i denne saka også.

Kan leggje beina på bordet

At regjeringa skuffar veljarane sine når dei ikkje maktar å gjennomføre det dei har lova, er heller ikkje negativt for opposisjonen. Det som derimot er meir alvorleg, er dei sakene vi kan vere samde om og som det ikkje blir gjort noko med. Stoltenberg-regjeringa fremja til dømes tre handlingsplanar mot sosial dumping. Her er vi framleis ikkje i mål, og samfunnet har ikkje råd til at denne innsatsen ikkje blir vidareført. Det er ikkje rom for kvileskjer i kampen for eit meir anstendig arbeidsliv.

No har det gått snart eit halvt år. Regjeringa kan ikkje lenger berre skylde på dei som styrte før.

Fredric Holen Bjørdal

Regjeringa kan ikkje lenger berre skylde på dei som styrte før. No har det gått snart eit halvt år, fredingstida er over og det er på tide at regjeringa byrjar å utvikle politikk. Det forventar opposisjonen, og det forventar nok veljarane som røysta på regjeringspartia også.

Medan ein ventar på at regjeringa skal bli handlekraftig, kan vi i arbeids- og sosialkomiteen førebels leggje beina på bordet. Om regjeringa held det dei lovar, kjem dei med framlegg om å svekkje arbeidsmiljølova og auka bruk av mellombelse tilsetjingar. Når eller om det skjer er ikkje godt å vite.