Hopp til innhold
Kronikk

Galskapen i fjørfenæringa

Mattilsynet krev sterkare vern for kyllingar. Men har dei noko truverdigheit i det heile? Er det i verkelegheita fjørfenæringa dei vernar, spør veterinær Anne Viken.

Høner

«Norsk kylling vil altså i framtida, med all sannsyn, ha dårlegare plass enn i dag, stempla og godkjent av Mattilsynet», skriv Anne Viken. Her frittgående høns.

Foto: AP / AP

Lat oss hoppe tilbake til februar i år. Mattilsynet avdekker brot på regelverk for hald av kylling hos 102 av 152 sjekka kyllingprodusentar i eit varsla tilsyn. Det er også funne forskriftsbrot ved ei rekke slakteri der Mattilsynet sjølv har inspektørar utplassert.

Eit par dagar seinare ringer telefonen min. Det er ein veterinær. Ho har nett sett eit lass med 8.000 kyllingar kome inn til eit norsk kyllingslakteri og er opprørt. 500 kyllingar vart anslått ihelfrosne ved framkomst. Dei resterande 7.500 var fastfrosne i golvet og kunne ikkje stå på beina. Føtene var dekte av is og dei måtte brytast laus frå underlaget. Bilen heldt seks minus ved framkomst til slakteriet. Transporten hadde vart i ni timar.

Transportbilen var godkjent av det same Mattilsynet som få dagar før hadde gått ut i ei rekke medier og krevje oppvask hos kyllingbøndene.

Det er ikkje gale nok

Det same Mattilsynet gjekk i VG i går ut og varsla strengare regelverk for kyllingoppdrett.

Kvart år dør 100.000 kyllingar under transport i Norge. Og skulda ligg ikkje berre hos fjørfenæringa. Den ligg også hos slakteria og hos Mattilsynet.

Anne Viken, veterinær og skribent

«Kvifor blir det ikkje gjort noko med transportane? Bør ikkje Mattilsynet gripe inn?» spurde eg min kollega i februar.

«Det er ikkje gale nok», var svaret.

Dei knapt levande kyllingane vart slakta. Du, som forbrukar, kan altså ha ete ein av desse halvdaude kyllingane. Servert dei til barna dine for eksempel.

Kvart år dør 100.000 kyllingar under transport i Norge. Og skulda ligg ikkje berre hos fjørfenæringa. Den ligg også hos slakteria og hos Mattilsynet. Det er Mattilsynet som godkjenner slakteritransportar i dette landet, og det er Mattilsynet som refsar når regelbrot blir påvist.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

På lag med næringa

Mattilsynet og fjørfenæringa var på lag. Begge var mot betre burstandard for hønene.

Anne Viken, veterinær

Lat oss sjå enda litt bakover i historia når det gjeld fjørfe. I 2006 gjekk dåverande leiar i Fjørfelaget ut i Nationen og sa at eit forbod mot burhøns ikkje var til hønas beste. Ho ville naturleg nok behalde dei gamle bura, av økonomiske årsaker.

I 2007 anbefalte Mattilsynet at ein gjekk mot burforbod for verpehøns i Norge.
– Mattilsynets konklusjon er en viktig seier for fornuften og for næringen, sa David Koht-Norbye, den gong nyvalt leiar i Norsk Fjørfelag til Nationen.

Mattilsynet og fjørfenæringa var på lag. Begge var mot betre burstandard for hønene.

Bur og bløff

Men forbodet vart innført, og i 2012 hadde Koht-Norbye snudd på flisa: «Moderne produksjonsformer som miljøinnredning og frittgående systemer, gjør dyrevelferden for norske høns betraktelig bedre enn den var med de gamle, nakne burene».

Burhøns er ikkje forbode i Norge. Å påstå noko anna er bløff, men bløff er fjørfenæringa gode på.

Anne Viken, veterinær

Koht-Norbye var i same sak misnøgd med at Rema 1000 merka egg frå burhøns. Kjøttprodusenten Nortura støtta Koht-Nordbye: «Fra 1. januar neste år har vi ikke burhøns lenger, men miljøhøns», sa dåverande kommunikasjonsdirektør Nina Sundqvist i Nortura til nationen.no.

Det er berre eit problem: Burhøns er ikkje forbode i Norge. Å påstå noko anna er bløff, men bløff er fjørfenæringa gode på.

Meir søppelprodukt

La oss hoppe til notid. Den same fjørfenæringa kjempar om dagen for å auke produksjonen frå dagens 34 kilo kylling per kvadratmeter, til 36. Får dei ikkje betre kilopris, må talet på kilo opp. Ingen i næringa verkar tenke på at det er eit alternativ å bremse opp, slå eit slag for dyrevelferd og kvalitet.

Det betyr meir av dei søppelprodukt som dyttar dyrevelferden nedover, og konsumet opp. Og alt er sjølvsagt forbrukaren og kjedene sin feil. Dei får visstnok det dei ber om, og næringa leverer. Akkompagnert av den vanlege klagesongen om dårleg betaling.

Kva krev fjørfenæringa betaling for? Jo, for ein uetisk produksjon som snart har slutta å sjokkere oss. Det har blitt ein vane.

Anne Viken, veterinær

Og kva krev dei betaling for? Jo, for ein uetisk produksjon som snart har slutta å sjokkere oss. Det har blitt ein vane.

Meir eller mindre plass

I gårsdagens VG-oppslag kunne vi endå ein gong lese om regelbrot og vanskjøtsel hos norske kyllingprodusentar: «I dag sier reglene hver kvadratmeter av de enorme kyllinghallene kan huse inntil 34 kilo levende vekt ... I sitt høringsforslag til endring av forskrift om hold av høns og kalkun går [Mattilsynet] inn for å øke plassen til 25 kilo vekt per kvadratmeter som standard.»

Men det same høyringsforslaget opnar samtidig for 36 kilo per kvadratmeter, i tråd med fjørfenæringas eige ønske. Om fjørfenæringa fekk bestemme, hadde dei gjerne produsert 39 kilo per kvadrat.

Norsk kylling vil altså i framtida, med all sannsynlighet, ha dårlegare plass enn idag, stempla og godkjent av Mattilsynet.

Anne Viken, veterinær

27. november går høyringsfristen for forskriftsendringa ut. Vi kan anta det blir innført. Argumentet vil nok vere at auka tettleik ikkje har betydning for dyrevelferden då det skal stillast strengare krav til blant anna ventilasjon, varme- og kjølesystem, samt at besetningane skal vere tilknytt eit dyrevelferdsprogram anerkjent av Mattilsynet.

Norsk kylling vil altså i framtida, med all sannsyn, ha dårlegare plass enn i dag, stempla og godkjent av Mattilsynet.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Dumpingkvalitet til dumpingprisar

Så kva blir gjort? Norsk kyllingproduksjon og egg er ikkje mogeleg å halde gåande på norske ressursar. Den kan ikkje seljast utan å bløffe forbrukaren. Kylling er tilsynelatande ikkje mogeleg å produsere utan dumping av dyrevelferd og tøying av regelverk.

Og fordi prisane for dumpingkvalitet som kjent er dumpingprisar, skal produksjonen aukast så inntektene kan stige. Fjørfenæringa slår seg på brystet medan dei snakkar om viktigheita av dyrevelferd.

Med på karusellen

Det er grunn til å spørre seg kor mykje legitimitet Mattilsynet eigentleg har og kven si side dei spelar på lag med.

Anne Viken, veterinær

Slik kvaliteten er i dag kan ein heller ikkje krevje prisløft. Med seg som støttespelarar har dei Mattilsynet. Mattilsynet kan refse så mykje dei vil. Dei er med på denne karusellen uansett kor mange regelkrav dei innfører. Dei er effektivt med på å legitimere ein bransje som ikkje tåler å bli vist fram i anna enn forkledning i møte med forbrukar.

På sida, når fjørfenæringas dumpingpraksisar rullar opp, står Mattilsynet og krev oppvask. Det er nærliggjande å kalle det ein parodi. Dessverre er det realitet. Det er grunn til å spørje seg kor mykje legitimitet Mattilsynet eigentleg har og kven si side dei spelar på lag med. Dyrevelferd eller næring. Spørsmålet er opent.

Anne Viken har også publisert materiale og referansar relatert til denne kronikken på bloggen sin.