Hopp til innhold
Kronikk

Er salafistar farlege?

Terrortrusselen mot Noreg er blitt knytt til «salafistar» som har kjempa i Syria. Men kva er ein salafist, og bruker vi omgrepet rett?

Salafist med koranen

Salafistar meiner at «gode muslimar må følge openberringsteksten så bokstavrett som mogleg», skriv kronikkforfattaren. Her held ein egyptisk salafist fram Koranen under ein av dei store demonstrasjonane i Kairo hausten 2012.

Foto: MAHMUD KHALED / Afp

Torsdag morgon kom åtvaringa om ein terrortrussel mot Noreg. Trusselen er blitt knytt til «salafistar» som har reist til Syria for å krige og er på veg heim.

Men kven er desse salafistane, og treng vi vere redde alle som blir kalla for det?

«Menneska skal ikkje tolke Gud»

Det er eit forvirrande spørsmål, fordi det vert lagt så mange ulike ting i dette omgrepet. Mange har prøvd å unngå å bruke ordet, nettopp fordi det er så mangetydig. Men samtidig dekker det openbert ein realitet, «noko der ute», som vi må sette eit namn på. Vi må difor prøve å lage oss ei oppfatning om kva salafisme kan bety.

Ordet i seg sjølv er altså arabisk, og viser til den tida profeten Muhammed levde (og den første tida etterpå), da Guds openberring var til stades. Det er difor denne tida blir rekna som ein «velsigna tidsperiode» for alle muslimar, på ein eller annan måte.

Slike konservative pietistar har fått større tilslutning i vår tid.

Knut S. Vikør

Nokon ser det i tillegg som eit konkret mønster for muslimars levesett. Gode muslimar må følge openberringsteksten så bokstavrett som mogleg – menneska skal ikkje tolke det som Gud har openbert.

Slike konservative pietistar har funnest til alle tider, men dei har fått større tilslutning i vår tid. Dei er delt i mange teologiske retningar, men lar seg ofte kjenne igjen på si tradisjonelle klesdrakt (gjerne kvite klede og skjegg for menn, niqab for kvinner). Men dei er skarpt delt i synet på metodar.

FÅ SISTE NYTT OM TRUSSELEN: NRKs Nyhetssenter

Indremisjonssalafistane

Den klart største gruppa av salafistar arbeider med da'wa, misjon, altså «indremisjon» overfor andre muslimar, for å vekke dei til «rett praksis». Dei meiner at den muslimske verdas problem kjem av moralsk forfall hos muslimar, avvik frå Profetens praksis, og at muslimane må finne fram til den igjen før eit godt og moralsk samfunn skal kunne oppstå. Dei avviser derfor politisk arbeid, slik som til dømes Det muslimske brorskapet har fokusert på, fordi moraliseringa må skje nedanfrå, hos fleirtalet av vanlege muslimar først; grunnmuren må leggast før byggverket av ein moralsk, islamsk stat kan reisas.

I den grad dei meiner noe om politikk, har det vore at ‘ein skal lyde den som herskar’.

Knut S. Vikør

Desse salafistane har derfor vore apolitiske og antipolitiske. Difor har dei også fram til det siste unngått medias (og til dels også forskaranes) søkelys. Dei har arbeidd med «tele-evangelisering» og ofte budd i innovervende samfunn der «rett praksis» skal trekke fleire truande til gruppa. I den grad dei meiner noko om politikk, har det vore at «ein skal lyde den som herskar, sjølv om han er ein undertrykkar, for kaos (opprør) er verre enn eit urettferdig styre». (I dag har rett nok nokon slike salafistar også gått inn i parlamentarisk arbeid i Egypt og andre muslimske land).

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Kampen for ein «ekte islamsk stat»

Men så har altså nokon gått i motsett retning i det politiske. Dei deler dei fredelege salafistanes teologi, men meiner at det gode muslimske samfunnet kan ikkje vekse fram under eit ikkje-muslimsk styre, og spesielt ikkje under presset av Vestens umoral. Difor må politikken, opprettinga av den islamske staten, komme først, ikkje som eit resultat av moralsk modning.

Skulle desse gruppene reise jihad mot presidentar som Mubarak, Assad og Saddam, måtte dei erklære dei for vantru.

Knut S. Vikør

Dei gjekk dermed til åtak på staten og statsapparata og vart revolusjonære, særlig frå 1990-talet og framover. Dei kallar kampen for ein «ekte islamsk stat» for ein jihad. Dette førte med seg eit teologisk krav: Ein jihad er ein kamp mellom muslimar og ikkje-muslimar. Skulle desse gruppene reise jihad mot presidentar som Mubarak, Assad og Saddam, måtte dei altså erklære desse leiarane for å vere ikkje-muslimar; vantru som laug når dei påstod seg å vere muslimar. Deira sentrale kjennemerke vart dermed «å erklære andre muslimar for vantru», takfir på arabisk. Dei blir derfor gjerne kalla takfiristar.

For oss er det meir vanleg å bruke jihadistar på denne retninga, sidan dei (i motsetning til «den muslimske indremisjonen») kallar på jihad mot muslimar.

Hamas er ikkje jihadistar

Ein må her merke seg at jihad mot «ekte fiendar», slik som Sovjet i Afghanistan, ikkje er omstridd i muslimsk teologi. Dei som dreiv jihad der (mujahidun) var ikkje jihadistar i denne salafistiske forstand vi her snakkar om.

Jihad mot ‘ekte fiendar’ er ikkje er omstridd i muslimsk teologi.

Knut S. Vikør

Heller ikkje Hamas og Hizballah som driv jihad mot Israel, er slike jihadistar, dei høyrer til andre islamistiske retningar (høvesvis Det muslimske brorskapet og Irans khomeinisme) som ikkje bygger på slik takfir av andre muslimar. Det er først og fremst Al Qaida, IS (ISIS/ISIL) og deira avleggarar og forgjengarar som fell under denne kategorien av «salafist-jihadistar».

Betre å kalle dei jihadistar

Vi har også i Norge typen fredelege «indremisjonssalafistar», organisasjonen IslamNet blir gjerne gruppert hit. Dei er eit mindretal blant muslimar i Noreg, men likevel langt fleire enn dei vesle handfullene av jihadistar som nå er komme i fokus.

Det er altså viktig å hugse på at sjølv om begge desse gruppene ser på profeten Muhammeds tid, «al-salaf», som ei rettesnor for dagens samfunn og difor er sosialt uhyre konservative, så står dei på motsett side i spørsmål om metode og militarisering, og «indremisjonen» kan til dømes argumentere effektivt teologisk mot takfiristane.

Det hadde nok vore betre om omgrepet «salafist» vart avgrensa til denne større, konservative, men fredelege retninga, og at den vesle valdsorienterte gruppa heller vart kalla «jihadistar».