NRK Meny
Kronikk

Ei solid trusselvurdering

Politiets sikkerhetstjeneste si ferskaste trusselvurdering er solid, nøktern og tek opp eit breiare spekter av trugsmål enn tidlegare. Det trengst, i ei tid der internettradikalisering kan bidra til angrep frå uventa kantar, skriv journalist og forfattar Øyvind Strømmen.

Stortinget Politi

Det er positivt at PST si trusselvurdering gjev betydeleg plass til ei vurdering av den norske høgreekstremismen. Her sikrar politiet Stortinget førre veke på grunn av trugsmål.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Dei neste dagane – og kanskje også vekene – med debatt om Politiets sikkerhetstjeneste (PST) vil kanskje koma til å handla meir om kveldens Brennpunkt-dokumentar «Infiltratøren», der tidlegare Robinson-deltakar Christian Høibø står fram som PST-informant gjennom ei årrekkje, enn om den opne trusselvurderinga som vart lagt fram i går.

Trusselvurderinga fortener derimot merksemd i seg sjølv: Ho er både solid og nøktern, men ikkje minst er ho breiare enn dei tilsvarande opne trusselvurderingane har vore tidlegare år.

Ekstrem islamisme utgjer det største trugsmålet

Som tidlegare år framhever PST det dei omtaler som ekstrem islamisme som det største trugsmålet. Her kan det vera verdt å påpeika at politiet nyttar ein annan definisjon på ekstremisme enn mange andre aktørar, dei snakkar ikkje om ekstreme meiningar, men om haldninga til bruk av vald «for å oppnå politiske, religiøse eller ideologiske mål».

Trusselvurderinga er både solid og nøktern, men ikkje minst er ho breiare enn dei tilsvarande opne trusselvurderingane har vore tidlegare år.

Øyvind Strømmen, journalist og forfattar

Det er liten grunn til å tvila på PST si vurdering her. Som dei skriv, har det dei siste åra vakse fram eit «multietnisk islamistisk miljø, som består av unge personer oppvokst her i landet», der delar av miljøet har eit Al Qaida-inspirert verdsbilete, og sentrale personar «fremstår som ekstreme og har en retorikk som forherliger vold».

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Frå jihobbyistar til jihadistar

Dette miljøet har lenge stått som kroneksempelet på det terrorforskaren Jarret Brachman omtalar som jihobbyists – hobby-jihadistar. Det er folk som ikkje har koplingar til terrornettverk, men som har ein fascinasjon for ekstrem islamistisk ideologi, og som i stor grad driv fram si eiga radikalisering. Som PST påpeiker, er det derimot fleire personar enn tidlegare som reiser til konfliktområde. Her er det borgarkrigsherja Syria eit av døma – og det er absolutt grunn til å vera uroleg for at «enkelte at de som har reist ut, kan komme tilbake til Norge med økt intensjon om og kapasitet til å planlegge terroraksjoner».

I tillegg finst det ei fare i einsame ulvar frå ekstrem islamistisk kant, og ei fare i meir etnisk avgrensa islamistiske miljø, sjølv om sistnemnde gjerne er meir opptekne av sine opphavlege heimland enn av Noreg.

Ei utakksam oppgåve

Det trugsmålet som reelt er størst kjem frå dei som faktisk sler til.

Øyvind Strømmen, journalist og forfattar

Når dette er sagt, har forfattarane av trusselvurderinga ei utakksam oppgåve, og dei står ovanfor eit dilemma: Det trugsmålet som reelt er størst, kjem frå dei som faktisk slår til. Terroråtak kan koma frå ein uventa kant, og det er risikabelt å stira seg blind på ekstrem islamisme. I tillegg er det openbert at potensialet for politisk motivert vald i mindre skala kan koma frå mange kantar.

Eit døme på det siste: I byrjinga av februar vart eit arrangement, i samband med lanseringa av ei bok om høgreekstremisme, angripe av væpna nynazistar i den finske byen Jyväskylä. Ei vakt vart såra. I etterkant har det kome fram at ein av gjerningsmennene har samla inn personopplysningar og bilete av hundrevis av personar. Det har også kome fram at gjerningsmennene har band til den nynazistisk orienterte gruppa Suomen vastarintaliike.

Høgreekstreme miljøer er små

Saka i Finland har fått minimalt med merksemd i Noreg. Det burde ho ha fått. Suomen vastarintaliike heiter på svensk Finska motståndsrörelsen, og er tett knytt til den svenske nynazistgruppa Svenska motståndsrörelsen (SMR) – ei gruppe som også freistar å etablera ein avleggjar i Noreg, og som blant anna stod bak ein demonstrasjon som utarta til slagsmål i Trondheim i mars i fjor. SMR er kjend for å ha ein låg terskel for valdsbruk, og at få norske journalistar hatt fått med seg hendinga i Finland, er synd.

PST si trusselvurdering gjev betydeleg plass til ei vurdering av den norske høgreekstremismen.

Øyvind Strømmen, journalist og forfattar

Her er det positivt at PST si trusselvurdering gjev betydeleg plass til ei vurdering av den norske høgreekstremismen. Som dei påpeiker, er dei norske miljøa små, og dei manglar både «samlende og sterke ledere» og «et omforent ideologisk ståsted». Dei organiserte antimuslimske, høgreekstreme miljøa, som PST no inkluderer i same kategori som dei «tradisjonelle» nynazistane, tek ikkje direkte til orde for vald, men dei som ser etter vil oppdaga både ei politisk analyse med valdspotensial, romantisering av valdsbruk og flørting med tanken på bruk av vald. Her ligg dei ei fare.

PST åtvarar dessutan mot Breivik-kopiar. Det er det god grunn til å gjera. I fleire land har ein sett høgreekstremistar som har henta direkte inspirasjon frå Breivik, og som har kome eit stykke på veg i terrorplanlegging før dei vart avslørt. Dessutan inneheldt Breivik sitt såkalla manifest informasjon som kan nyttiggjerast av både høgreekstremistar, heilt andre typar ekstreme og av personar med ein valdsfascinasjon av det meir upolitiske slaget.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Ein ny type trugsmål

Medan det i norsk venstreekstremisme ikkje finst ein tradisjon for terrorisme er politisk valdsbruk frå den ytterste venstrekanten langt frå ikkje-eksisterande.

Øyvind Strømmen, journalist og forfattar

PST gjev også plass til venstreekstremistar i sin rapport. Medan det i norsk venstreekstremisme ikkje finst ein tradisjon for terrorisme, er politisk valdsbruk frå den yttarste venstrekanten langt frå ikkje-eksisterande. Slik valdsbruk har særleg vorte retta mot folk på den ytste høgrekanten, og også i 2012 har ein sett fleire døme.

Det PST skriv om høgre- og venstreekstremisme er lite nytt, og har – sjølv om den ferskaste trusselvurderinga er tydelegare – også kome fram i tidlegare vurderingar. Det er derimot gledeleg at tryggleikspolitiet no set søkjelys på faren frå ein annan type ekstremisme, nemleg konspirasjonsteoretiske miljø som hentar idear frå ulike kjelder, utan å identifisera seg med ein klår ideologi. Døme på dette er miljøa rundt nettstaden Nyhetsspeilet, eller partiet Norgespartiet, der det florerer av konspiratoriske førestellingar om alt frå 11. september til Illuminati og frimurarar.

Det er gledeleg at tryggleikspolitiet no set søkjelys på fåra frå ein annan type ekstremisme, nemleg konspirasjonsteoretiske miljø.

Øyvind Strømmen, journalist og forfattar

Her er internettradikalisering eit betydeleg fenomen, og det er grunn til å meina at denne typen politisk ytterleggåande tankegods er i monaleg vekst. Og her ligg eit paradoks: Dei fleste konspirasjonstruande er harmlause – i alle høve når det gjeld faren for politisk motivert valdsbruk. Likevel kan psykisk ustabile folk i konspirasjonsmiljøa vera blant dei største farene når det gjeld åtak mot enkeltpolitikarar og myndigheitspersonar.