Kronikk

Eg ønsker meg ingenting til jul

Eg treng ikkje ny steikepanne eller slips. Eg har det eg treng. Og det har du også!

Nicolai Gjellestad

Det er himmelropande idiotisk at eg som sit så godt i det skal få ting eg korkje treng eller vil ha. Berre fordi det er jul. Berre fordi det er tradisjon, skriv Nicolai Gjellestad.

Foto: Privat /

Kakemenn og julepynt har allereie innteke butikkane og spørsmåla har begynt å melde seg: Kva ønsker du deg til jul i år?

Eg vrir på meg, slit med å komme på noko eg treng. Kanskje ei steikepanne? Det er ei skrape i den eg har, så det kunne jo ha vore greitt. Eller klede, eg treng jo alltids ei skjorte eller nokre t-skjorter.

Gåvetradisjonane har gått over styr

Slik er det kvart år.

Vi ønsker oss ting vi eigentleg ikkje treng og vi kjøper ting til dei som har alt. Eg er ein mann i trettiåra med god inntekt, hus og pus og alt eg kan tenke meg. Faktisk har eg for mykje ting allereie.

Det er himmelropande idiotisk at eg som sit så godt i det skal få ting eg korkje treng eller eigentleg vil ha. Berre fordi det er jul. Berre fordi det er tradisjon.

Lag ei berekraftig ønskeliste i år


Alle skal ha gåver og det skal helst vere ting. Gåvetradisjonane har gått over styr, berekraftig er det heller ikkje. Om alle i verda skulle ha gjort som oss nordmenn hadde kloden vore ille ute. Nøkkelen til endring ligg hos den som skriv ønskelista.

Kan vi ikkje heller fokusere på det jula eigentleg handlar om? Å ha det fint saman med familie og vener, ete god mat og gjere dei tradisjonane du likar.

Eg vil utfordre deg til å tenkje over kva du faktisk treng. I veldig mange tilfelle så vil svaret vere ingenting. Bør du då ønske deg noko?

Det kan virke som om eg ikkje er takksam

Lag ei berekraftig ønskeliste i år. Berre ting du faktisk treng, tenester eller opplevingar hos lokale aktørar, eller ein donasjon til ei sak du brenn for. Apple og Samsung treng ikkje pengane dine, det gjer din lokale restaurant eller ein velgjerande organisasjon.

Det tek mot å stå i mot tradisjonar og normer, eg har ikkje klart det enda, men i år skal eg, og eg vil at du skal bli med.

Bruk tida på å vere i lag, framfor å stresse rundt på kjøpesentre

Det kan virke som om eg ikkje er takksam, men eg ønsker at vi kan vise kva vi betyr for kvarandre på ei annan måte enn å kjøpe ting. Eg vil at vi skal bruke tida på å vere i lag, framfor å stresse rundt på kjøpesenter.

Bruke orda våre til å seie kor mykje vi set pris på kvarandre framfor å kjøpe noko. Vere til stades for dei rundt oss som treng det. Eg håpar du får ei fin julefeiring i år, der du brukar tida di på det som betyr noko.

Saman kan vi skape berekraftige og meiningsfulle juletradisjonar.