Kronikk

Diagnosar som kjem og går

Kva er forklaringa på at 2015-mennesket får ME, medan 1890-mennesket fekk nevrasteni?

Sliten og utmattet mann lener seg på skrivebordet

Allereie på 1800-talet blei nokre sjukdomar forklart som eit produkt av eit meir hektisk og konkurranseprega samfunn enn før. Mange meiner nervesjukdomen nevrasteni var forløparen til dagens ME-diagnose. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Frank May / NTB scanpix

Nye sjukdomar og diagnosar oppstår, får stor utbreiing i ei viss tid, for så å tilsynelatande forsvinne igjen. I mange tilfelle er slike forsvinningar ganske lette å forklare, som når infeksjonssjukdomar blir bortimot utrydda som følgje av utvikling av effektive vaksinar og antibiotika. Men når diagnosane som kjem og går vert nytta om sjukdomar vi ikkje heilt forstår, og som vanskeleg let seg påvise med blodprøver og andre testar, vil også opphavs- og forsvinningsprosessane deira kunne verke litt mystiske. Kvifor kjem slike diagnosar stadig til, og kvifor ser vi dei ofte forsvinne etter ei stund, utan at vi eigentleg har lært å lækje plagene det er snakk om?

Mange vil kanskje tenkje at dette berre handlar om motar og mediehysteri. Men også slike diagnosar har sine eigne, mangfaldige historier. Kva er det eigentleg som bestemmer kva slags livsløp dei får? Nevrasteni, som mange meiner er forløparen til vår tids ME, er eit klassisk døme på slike dårleg forståtte lidingar som hadde si «stordomstid» ein avgrensa periode.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook

Ein diagnose kjem til

«Fortjener nogen Sygdom Navn af ‘Nutidssygdom’, saa er det vel Neurastenien.» Som denne påstanden frå Norsk Magazin for Lægevidenskaben i 1886 fortel, var nevrasteni ein sjukdom som vart rekna for å vere typisk for si tid i tiåra rundt 1900. Den amerikanske nevrologen George Beard, som blir kalla diagnosen sin «far», meinte at nevrasteni var eit nyttig omgrep for å forstå eit symptombilete som var svært utbreidd i samtida hans. Dette symptombiletet var omfattande, med hovudpine, utmatting, muskelsmerter, mageplager og hjartebank som nokre av dei mest vanlege plagene, men undersøkingar viste sjeldan objektive teikn på sjukdom.

Visst finst det interessante parallellar mellom vår tids ME og 1800-talets nevrasteni, både når det gjeld symptom og årsaksteoriar.

Kristine Lillestøl, postdoktor i samfunnsmedisin

Sjukdomsmekanismane var ukjende, men namnet nevrasteni var eit uttrykk for det Beard meinte var sjølve kjernen i sjukdomen: Ei svekking av nervesystemet. Slik han såg det, var dette tapet av nervekraft eit direkte produkt av det nordamerikanske samfunnet på slutten av 1800-talet, som var meir hektisk og konkurranseprega enn før.

LES OGSÅ: Forskere vil gi ME nytt navn

Diagnosen «gjer karriere»

«Diagnosen blev en omedelbar succé (…) och innledde en lysande karriär», skriv idéhistorikaren Karin Johannisson. Ho viser til at nevrastenien raskt breidde om seg og fekk stor oppslutnad i andre land.

Kva er det som avgjer kor vidt ein diagnose får «succé» eller ikkje? I tillegg til at sjølve plagene sjølvsagt må finnast, kan både legar, pasientar, media, legemiddelindustri og andre aktørar spele ei rolle ved etableringa av ein diagnose. Kor stor rolle kvar av dei spelar er vanskeleg å fastslå, og det vil også kunne variere frå diagnose til diagnose og frå stad til stad.

Kva er det som avgjer kor vidt ein diagnose får «succé» eller ikkje?

Kristine Lillestøl, postdoktor i samfunnsmedisin

Utbreiinga av nevrastenien i USA blir til dømes ofte forklart med at pasientane oppfatta diagnosen som ikkje-stigmatiserande. Sjukdomen var assosiert med ein viss status, sidan det oftast var betrestilte som fekk diagnosen. I Noreg var nevrasteni ein diagnose også for arbeidarar og fattige, og dermed i mindre grad ein såkalla «fasjonabel diagnose» enn det historier frå andre land vitnar om. Her ser det heller ut til at det fyrst og fremst var legane som tykte at den nye diagnosen hadde ei viktig rolle å fylle. Ein viktig grunn til det var at plagene nevrastenidiagnosen skulle brukast om, vart oppfatta som svært aktuelle og utbreidde også i norsk samanheng.

Norske legar var takksame for at Beard hadde kome opp med «det rette Namn», som kunne føre til auka merksemd rundt, og dermed forhåpentlegvis betre behandling, av slike samansette plager. Dessutan passa nevrasteniomgrepet svært godt saman med den aukande medisinske interessa for nervesystemet som «låg i tida» på slutten av 1800-talet.

LES: Lege til ME-syke: – Skru ned forventningene

Mindre akseptert

«Nevrastenikere, disse vår tids børn, (…) danner flok og følge nær sagt allesteds», skreiv legen Jens Torp i 1894. Kvar vart dei av? Er diagnosen gått ut av bruk, eller har vi berre gløymt han? Er sjukdomen utrydda, eller har han berre fått nye namn? Også her vil ein finne ulike svar, alt etter kvar ein leitar.

Er sjukdomen utrydda, eller har han berre fått nye namn?

Kristine Lillestøl, postdoktor i samfunnsmedisin

Nevrastenien i USA skal til dømes ha vorte «erklært død» allereie tidleg på 1900-talet. Dette er mellom anna forklart med at sjukdomen ikkje lenger var assosiert med høg sosial status, og at diagnosen vart mindre akseptert etter at årsaksforklaringane gjekk frå å vere nevrologisk til meir psykologisk/psykiatrisk retta. Nedgangen kan også delvis forklarast med at nyutvikla undersøkingsmetodar førte til at plager som tidlegare hadde vorte oppfatta som nevrasteniske viste seg å skuldast heilt andre sjukdomar. I Noreg heldt diagnosen seg «levande» mykje lenger enn i USA, og blir faktisk framleis brukt ein sjeldan gong.

LES OGSÅ: Ber Helsedirektoratet fjerne ME-råd

Nye diagnosar – gamle sjukdomar?

Ei alternativ forklaring på nevrasteniens død, som frå tid til annan får ny merksemd, er at sjølve sjukdomen ikkje eigentleg er død, men i staden «fødd på ny» under nye namn. Til dømes skjedde dette då den for oss framleis dagsaktuelle diagnosen ME for alvor vart kjend på 1980-talet. Fleire, blant anna den britiske psykiateren Simon Wessely, hevda då at ME slett ikkje var nokon ny sjukdom, men heller «old wine in new bottles», altså ein «oppstanden» versjon av den gamle nevrastenien.

Sjukdomen var assosiert med ein viss status, sidan det oftast var betrestilte som fekk diagnosen.

Kristine Lillestøl, postdoktor i samfunnsmedisin

Slike tankeeksperiment er fascinerande, og visst finst det interessante parallellar mellom vår tids ME og 1800-talets nevrasteni, både når det gjeld symptom og årsaksteoriar. Men ser ein nærare etter vil ein også finne mange skilnader, og generelt vil slike samanlikningar av sjukdomar og diagnosar frå ulike tider vere usikre.

Spørsmåla om kvifor og korleis sjukdomar og diagnosar kjem og går, har ofte ikkje enkle svar. Dei svara som finst på kvifor nevrastenien sine ulike livsløp vart som dei vart, vil ikkje utan vidare kunne overførast til andre «Nutidssygdomme». Kvar sjukdom og diagnose har si tid, og sine eigne forklaringar på korleis dei blir fødde, lever og døyr.