Finn Tokvam er fast musikkspaltist i Ytring på radio og nett
Det blir historier om fyll og fanteri. Noko liknande sa eg ein gong i starten på radioprogrammet P.i.l.s. Etterpå kom det ein sint e-post. Ein lyttar hadde blitt støytt. Ikkje fordi vi snakka om artistar som drakk og bada i kokain, men fordi eg hadde brukt uttrykket «fyll og fanteri». Det var sårande, skreiv han. Ikkje berre for han, men for ei heil folkegruppe. Nærare bestemt dei stakkars fantane.
Det var stigmatiserande. I løpet av e-posten gjekk eg frå å vere ein som utleverte drikkevanane til nokre popgrupper – til å bli ein som hang ut ei heil folkegruppe.
Og når eg snakkar om fyll og drikking: Angsten for språket og frykta for å stigmatisere har gått så langt at sjølv hardbarka sjømenn heng seg opp i bruken av gamle uttrykk, og les det verste ut av dei. For det er ikkje lenger lov å seie at nokon brukar pengar «som fulle sjømenn».
Det er støytande for enkelte edru sjømenn, viss dei finst, og andre velmeinande sjeler.
Og det er så lett å trø feil. Overalt stig dei stigmatiserte fram. Og viss dei ikkje kjem på det sjølve, står media eller eit statleg utval klare for å ta jobben for dei.
Det er blitt ein folkesjukdom å kjenne seg stigmatisert. Sykja spreier om seg. Den går til angrep på språket vårt. Ord og vendingar som har vore ufarlege, fine og gitt språket vårt farge og liv, blir farlege og vonde. Språket er smitta.
Stadig fleire folk finn feil og les det verste ut av bodskapen i orda dei høyrer. Avsendaren blir mistenkjeleggjort. Og enkelte område er vi livredde for å nærme oss.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har laga ei liste der du kan sjå kva som er lov og ikkje lov å seie når du snakkar om funksjonshemmingar. På det området skal du halde tunga beint i munnen. Så det vil eg kome tilbake til neste gong. Eg tørr ikkje no.
Eg blir stigmatisert sjølv. Eg blir ofte kalla Sogning. Er ikkje det belastande, veit ikkje eg. For kva forbind folk med Sogn? Olav Stedje og Tone Damli Aaberge er dei to største kjendisane våre.
Dette er stigmatiserande for oss andre i Sogn som ikkje vil legge oss til med verken bart eller Aksel Hennie. Jada, eg veit ho har funne seg ein ny, men eg gidd ikkje Google.
Finn Tokvam er journalist og programleiar i NRK og fast musikkspaltist i Ytring. Kvarveke kobler våre spaltistar musikk med politikk og aktualitetar i Ytring på P2 søndagar klokka 11.