Hopp til innhold
Kronikk

Det er inga skam å snu, Erna

EU-domstolen sin kritikk av Datalagringsdirektivet bør føre til at den norske innføringa vert stoppa sporenstreks. No treng vi ein djupare refleksjon om kor langt vi har gått i retning eit overvakingssamfunn.

Server, kabler

«På ein normal dag brukar eg iPhonen, smartbrettet og laptopen min frå eg står opp til eg legg meg», skriv Sveinung Rotevatn frå Venstre i denne kronikken. Kva kjem regjeringa til å gjere når Datalagringsdirektivet har blitt kjent ugyldig i EU?

Foto: Grant Hutchinson (CC BY-NC-ND 2.0)

Dommen som kjenner Datalagringsdirektivet (DLD) ugyldig er knusande for overvakingstilhengjarane. Den slår fast at direktivet bryt med EUs charter for grunnleggjande menneskerettar. Det er svært gledeleg, men slett ikkje overraskande. DLD har blitt kjent ugyldig i alle EU-land der direktivet har gått vegen gjennom rettssystemet, mellom anna i den tyske forfatningsdomstolen, og har møtt massiv kritikk for å innebere masseovervaking av uskuldige borgarar.

Når EU-domstolen no har sett direktivet ut av kraft, og EU-kommissær Cecilia Malmström seier at det truleg ikkje vert noko nytt direktiv, er det absolutt ingen grunn til at Noreg skal innføre eit menneskerettsstridig overvakingsregime for eiga maskin.

LES OGSÅ: Solberg: Datalagringsdirektivet eksisterer ikke.

Stans innføringa

Då Høgre valde å støtte Arbeidarpartiet under vedtakinga av DLD i Stortinget i 2011, var eit av dei viktigaste argumenta at vi burde følgje våre europeiske naboland. Og ikkje minst: Etterleve pliktene våre etter EØS-avtalen. Det argumentet gjeld ikkje lenger. Eg trur ikkje så vondt om Høgre og Ap at dei meiner Noreg skal stå hardt på å innføre reglar som våre naboland må halde seg unna fordi dei strid mot menneskerettane.

Det er absolutt ingen grunn til at Noreg skal innføre eit menneskerettsstridig overvakingsregime for eiga maskin.

Sveinung Rotevatn (V)

Difor bør Erna gjere det klart snarast råd: Noreg vil ikkje innføre datalagringsdirektivet, og avventar den vidare prosessen i EU.

Dommen frå Luxemburg bør ikkje berre ein vekkar for dei som har kjempa hardt for DLD. Den bør også vere ein vekkar for kor langt samfunnet vårt har gått i retning av å bli eit overvakingssamfunn. Saman med avsløringane frå Edward Snowden, viser den at politiske styresmakter har gått langt utover grunnleggjande rettsprinsipp.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Alt om oss lagres

Når stadig større delar av livet vårt vert flytta over i det digitale rom, vert også informasjon om oss lagra ein plass. På ein normal dag brukar eg iPhonen, smartbrettet og laptopen min frå eg står opp til eg legg meg. Eg sjekkar Twitter, deler artiklar på Facebook, søkjer opp adresser på Google Maps før eg kjøper billett med Ruter-appen. Eg sender ein bråte e-post og SMSar og les artiklar om alt frå det siste utspelet frå regjeringa til når den nye sesongen av House of Cards skal starte.

Erna bør gjere det klart snarast råd: Noreg vil ikkje innføre datalagringsdirektivet.

Sveinung Rotevatn (V)

Dersom nokon samlar all informasjonen eg ein dag legg att i det digitale rom, vil dei ikkje berre ha ein komplett oversikt over kvar eg har vore den dagen. Dei vil også kunne sjå kva eg interesserer meg for, kven eg har kontakt med, og kva eg meiner.

Men kva er no eigentleg problemet med alt dette, vil somme spørje. For ikkje å seie fleirtalet. Så lenge ein oppfører seg fint og følgjer lova, kva har det å seie om ein del digital informasjon blir lagra? Det er jo kjeltringane ein er ute etter.

Diverre finst det ingen garantiar for at digitale register er trygge. Ein kan lage så mange tryggingsmekanismar ein vil, men nokon vil alltid vere i stand til å ta seg inn og hente ut informasjon, t.d. framande etterretningstenester eller privatpraktiserande hackarar.

Døma på datainnbrot og datafeil er tallause. Berre spør dei 40.000 sjåførane som våren 2013 fekk personnummera og adressene sine publiserte på internett etter ein datafeil hos Statens vegvesen. Det finst berre ein type register som er heilt trygge: Dei registera som aldri vart oppretta.

Mange bruksområde for data

Informasjon som vert samla inn med eit føremål kan dessutan veldig fort bli nytta til å nå også andre gode mål. Eit godt døme er nettopp DLD. Då det vart vedteke i EU våren 2006, var terroråtaka i London og Madrid friskt i minne, og direktivet hadde som sikte å hindre terror.

Det finst berre ein type register som er heilt trygge: Dei registra som aldri vart oppretta.

Sveinung Rotevatn (V)

Då debatten kom til Noreg våren 2011, derimot, var ikkje lenger terrortrugsmålet friskt i minne. Plutseleg var direktivet blitt til eit verktøy for å hindre overgrepsbilete av barn. Helga Pedersen (Ap) meinte Noreg ville bli ei frihamn for pedofile utan direktivet og sa at overvakinga ville vore verdt det om ein kunne «redde ett barn frå overgrep».

Ingen er vel usamd i at det er viktige å hindre pedofili og overgrep mot born. Men det er noko heilt anna enn å hindre terrorisme. Slik har føremålet allereie glidd ut.

Når register først er på plass, kan sjølvsagt trafikkdata og personsensitiv informasjon vere interessant for å nedkjempe all mogleg kriminalitet. Det kan vere interessant for forsikringsselskap eller statlege etatar som vil finne ut kven som har lekt sensitiv informasjon til pressa. Når registeret først er på plass, er kampen for å avgrense tilgang vanskeleg.

Erna Solberg spørretimen

Statsminister Erna Solberg fekk ein rekkje spørsmål om DLD under Stortingets spørjetime onsdag.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Eit rom til ein sjølv

Grunngjevinga for eit sterkt personvern går likevel djupare enn at informasjon kan misbrukast. Den handlar vel så mykje om eit viktig filosofisk og ideologisk poeng, nemleg retten til ha eit rom som berre ein sjølv har tilgang til.

Å ha ein sfære som berre er din, eit rom der ingen andre kan sjå deg, er ikkje eit luksusgode fleirtalet kan skjenke deg. Det er ein menneskerett som ingen kan ta frå deg. Føresetnaden for å kunne tale om eit sosialt liv er at det finst eit privatliv som ein sjølv kontrollerer.

Mykje å frykte

«Dersom du ikkje har noko å skjule, har du heller ikkje noko å frykte», er eit vanleg forsvar for overvaking. Det er eit usedvanleg dårleg argument. Det er mykje informasjon det er heilt legitimt å skjule, og som det knapt fører noko godt med seg å måtte offentleggjere. Frykta for avsløring av informasjon minskar også livskvaliteten dramatisk. Ei tysk undersøking viste at over halvparten av dei spurde ville unngå å bruke telefon til å kontakte psykolog, ekteskapsrådgjeving eller rusrådgjeving på grunn av DLD.

Å ha eit rom der ingen andre kan sjå deg er ikkje eit luksusgode fleirtalet kan skjenke deg. Det er ein menneskerett som ingen kan ta frå deg.

Sveinung Rotevatn (V)

Å sjølv kunne velje kva informasjon ein vil dele med andre menneske om sitt eige liv, er både ein menneskerett og ein grunnleggjande føresetnad for livskvalitet. Å forlate denne forståinga av behovet for eit privatliv med tilhøyrande personvern vil vere å byrje å leve i eit heilt anna samfunn. Som filosofen Isaiah Berlin skrev:«Dersom denne ideen går til grunne, vil det innebere at ein heil sivilisasjon, det vil seie eit samanhengande moralsk perspektiv, går til grunne».

Vi må sjå oss i spegelen

I takt med digitaliseringa av samfunnet vil i åra som kjem kampen for å sikre rett til privatliv bli viktigare og viktigare.

Å skape eit tvers gjennom trygt samfunn er fullt mogleg. Det er berre å fjerne fridomen.

Sveinung Rotevatn (V)

I den kampen er det heilt avgjerande å ha ein liberal ryggmargsrefleks. For det er så lett å seie ja til personverninngripande tiltak. Det finst alltid eit verdig føremål. Når trykket kjem frå politiet, påtalemakta og PST om å få fleire verktøy, skal ein ha sterk rygg for å seie nei. Ingen ønskjer å ha på seg at dei er «soft on crime». Og veljarfleirtalet er stort sett villig til å la seg overvake, i håp om å skape eit tryggare samfunn.

Å skape eit tvers gjennom trygt samfunn er fullt mogleg. Det er berre å fjerne fridomen. Men på eit tidspunkt langs vegen kan det vere smart å sjå seg i spegelen og spørje seg kva det er vi eigentleg kjempar for.