Hopp til innhold
Kronikk

Den synlege skulepsykologen

Elevar bør ikkje måtte gå lenger enn bort i gangen for å få hjelp på ein tung dag. Det er altfor mange unge utbrente kroppar der ute.

Sofie Sundberg

Tenk om ein berre kunne ha gått bort i gangen og spurt etter hjelp på ein elles tung dag, eller kanskje løyst eit problem etter tallause vonde dagar og timar, skriv Sofie Sundberg.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Eg trur ingen vert overraska om eg seier at ungdommane i Noreg i dag står under eit enormt press frå resten av samfunnet. Dette kan vi sjå gjennom auka fråvær i skulen, fleire unge med psykiske problem og skyhøge utdanningar. Vi ungdommar treng hjelp, eit lågterskeltilbod med profesjonell kompetanse. Nokon som kan løysa litt på krøllen som no er skapt.

Om eg var ordførar ville eg sett inn skulepsykolog på alle ungdomsskular i min eigen kommune.

Føler at ingenting blir gjort

Kropps-, kles- og drikkepress, samt høge forventningar om gode karakterar, er stikkord som går igjen i livet til ein gjennomsnittleg ungdom i dag. Problema er blitt så store no at det er store debattar om korleis ein skal få ned det høge fråværet og korleis hindre at psykiske lidingar aukar blant unge.

Korleis skal ei fråversgrense hindre at ein skulkar skulen når ein ikkje orkar på grunn av ein utbrent, ung kropp?

Sofie Sundberg, leiar i ungdomspolitisk utval

Dagens regjering snakkar om fråværsgrense i den vidaregåande skulen, det er skrive mangfaldige dokument og oppslagsverk om unge sine problem og det vert sett i gang tiltak i hytt og pine. Likevel står eg midt oppe i smørja og føler at ingenting vert gjort. Korleis skal ei fråværsgrense hindre at ein skulkar skulen når ein ikkje orkar på grunn av ein utbrent, ung kropp? I mine auge aukar dette berre presset.

Men det har dukka opp eit tilbod på nokre skular i Noreg som er utruleg spennande, nokre dagar i veka.

FØLG DEBATTEN: Twitter

Synleg skulepsykolog

Mange meiner nok at BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) sine tenester og andre kommunale psykolog-tenester fungerer godt nok. Men mine undersøkingar og erfaringar seier meg at det ikkje fungerer optimalt. Ein må skaffe seg legeerklæring for å få den rette hjelpa.

Ein skulepsykolog skal vere synleg på skulane.

Sofie Sundberg, leiar i ungdomspolitisk utval

Ein skulepsykolog på alle skular skal gjere det lettare for elevane. Tenk om ein berre kunne ha gått bort i gangen og spurt etter hjelp på ein elles tung dag, eller kanskje løyst eit problem etter tallause vonde dagar og timar. Ein skulepsykolog skal vere synleg på skulane. Dei aller fleste skal ha eit forhold til denne personen, og ingen skal vere redd for å stikke innom for å få hjelp.

FØLG DEBATTEN: NRK Debatt på Facebook

Fordommane

Det finst så mange tabu når det kjem til dette med psykolog. Personleg skjønar eg ikkje det heilt. Det er jo berre ein lege for dine tankar, og ikkje det fysiske som ein vanleg lege gjer. Eg skulle ynskje at alle med psykiske problem fekk gå til nokon å snakke med, for det hjelp først og fremst ein sjølv, men også dei rundt seg.

Eg meiner det er viktig å starte tidleg med psykisk hjelp. Dette kan seinare påverke kva vi ser på som tabu og dei ubehagelege tankane om kva andre tenkjer om ein når ein går og får hjelp. Fordommane må vekk.

Det er jo berre ein lege for dine tankar, og ikkje det fysiske som ein vanleg lege gjer.

Sofie Sundberg, leiar i ungdomspolitisk utval

Stort arbeidsfelt

Eg vil også bruke denne teksten til å hylle alle helsesøstrer her i landet. Dei gjer ein fantastisk jobb for å legge til rette for elevane på skulen, og er alltid der om det trengst. Likevel er det noko eg stussar over med dette tilbodet innan skulehelsetenesta: Ofte har ei helsesøster open dør 1–2 gonger i veka, og resten av dagane har ho time med elevar som har sett seg opp på liste. Helsesøstrer har gjerne også samtalegrupper og opplegg i klassane. Det eg vil fram til, er at det er ingen på skulen som har 110 prosent fokus på ungdommane si psykiske helse. Ingen med spisskompetanse innan psykologi, eller ein person elevane har eit forhold til og kan snakke med om det trengst.

Stresset og presset på ungdommane i dag blir verre og verre, og ein treng hjelp no med ein gong. Ja til skulepsykolog!